torsdag 30. august 2007

Feminine, nette underkle


Utsikt frå stoveglaset heime på Yndestad hausten 2006

For dei som las om mi vanvittige handlerunde på Åsane Senter førre lørdag, så gjorde eg meg ei erfaring då som eg ikkje torde skrive om. No har eg fått dette litt meir på avstand og trur eg torer å dele følgjande historie med dykk.

Det har seg slik at eg var i DET handlemoduset. Så etter å ha strena fram og tilbake inne i handlekomplekset, og til slutt følte at eg var nokolunde tilfreds, så gjekk handle-fokuset over på barn og kvinner. For Peter sin del var saken egentleg ganske grei, bøker, DVDar og fotballsokkar vart rimeleg og kjapt raska ihop i nye plastposar. (Kor mange posar eg no hadde i hendene veit eg ikkje, men det var iallefall fleirsiffra). Verre var det når eg retta blikket mot det feminine...For det er jo ganske så frekt å berre opne lommeboka for seg sjølv, og ikkje tilgodesjå den ein som regel vaknar opp ilag med...utrykket som regel, er vel kanskje litt sterkt å ta i, for som oftast vaknar eg åleine.

Det har seg slik at når Peter vaknar opp igjen alt mellom 11 og 01.30, så kjem han frå naborommet sitt inn på soverommet vårt og kroar seg godt ihop oppe i dobbeltsenga vår. Dette er vel ganske naturleg for ungar flest, trur eg. For min eigen del kan eg fortelje at eg sov i senga ved sida av bestemor mi til eg nesten var kjønnsmoden, og opplevde dette som både trygt og godt! Ja, både Bibel og salmebok var på plass på nattbordet hennar - og det hende meir enn ein gong ho sang salmar til meg i nabosenga. Heilt utruleg at eg ikkje vart eit skikkeleg mobbeoffer på skulen, eg som i tillegg hang både høgt og lågt etter fugl - a a altså ikkje ryper, men helst flugesnapparar! For det var dei som interesserte meg til langt opp i tenåra - og kun det....!

Vel, mi avdøde bestemor, som eg plar seie, var det snillaste menneske på jord, skal få sin fortente plass i denne bloggen ved eit anna høve..Og fuglelivet likeså, anten det gjeld ryper av det eine eller andre slaget eller flugesnapparar ...

Slik er det vel med Peter og, eg meiner, trygt å godt og ligge med mor og far om natta...og for hans del er det vel lenge til han er kjønnsmoden òg, sjølv om eg har inntrykk av at dette skjer tidlegare og tidlegare blant ungane i dag! (Det må vere internett og damene på fjernsyn som virkar slik på eit barnesinn - reine Sodoma og Gomorra som Eiden ville ha uttrykt seg). Men problemet med Peter og meg i same seng, er at han ligg som ei pulserande vindmølle med bein og armar opp etter lår og legger, og eine armen inn under puta eller helst under nakken på meg, på rastlaus vandring etter varme og kos...! Dette er sjølvsagt til dei grader ubehageleg for ein kar som er vant med litt armslag, og treng litt meir rom rundt seg enn folk flest. Så eg og Peter har funne løysinga på dette ved at vi byter seng! (Settinga der eg i halvsvime ramlar ut av dobbeltsenga om natta, skjenar ut i gangen i halvmørkna..., inn på rommet hans med puta mi i armane..., og opp i senga hans, skulle vore teken opp på mobilen og lagt ut på You Tube)! Men på denne måten får Peter ligge med Olaug, og eg får fred om natta! Men no var det vel ikkje Peter dette innlegget skulle handle om, eller kven veit, men meir eit skråblikk på det feminine. Så tilbake til utganspunktet....

Som sagt så såg eg meg rundt etter noko feminint å kjøpe inne på Asane Senter førre lørdag, ikkje til meg sjølv til bruk i seine nattetimar, men helst til mi fru. Så eg skjena inn på Lindex i flotte, lyse og trivelege lokale. Og for de som er litt kjende rundt om i slike etablissement, så veit de at desse butikkane er enormt store. Her finn du alt frå jeans, trøyer, toppar, bodyar, blusar, skjørt, dressjakker, kåper, mammakle, kosmetikk, hårpleieprodukt....til nettingstrømper og undertøy....!

Eg min gauk vandra sjølvsagt lenger og lenger inn i lokala, og studerte så augene vart våte på blondetruser, hipstertruser, tangatruser, push-up bhar, minimizerbhar, spile- og nettbhar, sportsbhar, bodyar og eg veit ikkje kva - alt i dei lekraste detaljar med blonder og greier. Eg såg føre meg erotiske, minimalt påkledde damer i svart og kvitt, og fekk ein aha opplevelse av plakatane korleis dei kvinnelege former inne i all denne herlegheita kunne endrast frå det svære til det små og hevast eller senkast alt etter behov og situasjon...! Og eg som hadde trudd at slik eg iaktok den kvinnelege korpus, slik var det...Eg skjønte i ein fei at her hadde 50 åringen gått glipp av mykje god etterutdanning opp gjennom åra....!

Vel, dette måtte jo vere fantastisk for min kvinnelege halvdel, tenkte eg. Men det var så skrekkeleg vanskeleg å bestemme seg for både størrelse, form og farge på alt dette lekre, at eg brått vart veldig usikker på om eg ville komme heim med det rette... Denne usikkerheita førte til ein kjedereaksjon som først forplanta seg til at eg ikkje visste forskjel på nord og sør inne i all denne herlegdommen, til eg vart panisk i bevegelsesmønsteret og halvveges velta eit stativ med push-up bhar som deretter låg strødd ut over golvet. (Eg hadde jo sjølvsagt ikkje teke av meg villmarkskleda eg gjekk i, og som tok til dei grader stor plass inne blant alle desse nette kleda og reolane)! Sveitten rann av for mykje klede, stress og nervøsitet, og stirrande blikk frå utfordrande plakatar og handlande, tiskande-kviskrande damer med dømmande åsyn...! Eg var fanga! Fanga som eit hjelpelaust innsekt i eit etterkoppnett...Eg heldt på å skrike urhylet mitt i panikk over ein situasjon eg hadde missta fullstendig herredøme over...Gjekk det 1 eller 5 minutt i denne vilska? Ikkje veit eg - for klokka sto stille der og då...Men til slutt, utan at eg heilt veit korleis, så nytta eg meg av mitt vanlege knep om å lukke auga, stå heilt i ro og telje sakte til 10...
Overlevelsesinstinktet var intakt og eg fekk nokolunde kontroll over situasjonen igjen...!

Eg løfta blikket og fekk blikk-kontakt med eit utfjasa kvinnemenneske med tung makeup, eyeliner og oppsett hår, som eg sprang i møte og pent ba om vegen ut. Ho peika i retning av eit grønt skilt der det sto exit på og min vanlege, innebygde retningssans tok igjen styringa over min nervøse og skjelvande kropp....Eg brasa gjennom døra ut i friluft, og herleg, forfriskande regn og sønnakuling slo meg i fjeset - eg var redda!

Eg sto lenge opp etter betongveggen ute og betrakta skogen og fjella der oppe, og kjende at eg igjen hadde full kontroll... Så sa eg til meg sjølv - aldri meir - ALDRI MEIR - skal eg sette min fot i eit slik surrealistisk etablissement på jakt etter kvinnelege kreasjonar. Kvinnemenneska får pina dø sjølv kle seg i sjølvhandla silketruser...... - så kan eg heller vere mann om å få dei av igjen...!

Ingen kommentarer: