fredag 31. august 2007

Idylliske Jølstra og miljøsvin


Ei stille stund langs Jølstra i dag kl.12.28
(MMS-foto Sony Ericsson K810.i)


Enkelte dagar når det er fint veir og det er mykje mas og telefonar på jobb, tek eg lunsjen i det fri nedom banken ved elvekanten av Jølstra. Plassen legg rett aust om Langebrua. Det er nokre fine plassar med store steinar her og plen som skrånar ned til elva. Dette er på solsida i sentrum og sola har innstråling rett inn i bakken. Ei lita perle midt i sentrum av Førde. Ein liten bilfri flekk der det går an å få slappe av litt frå alt kjas og strekt ut føtene lite vetta.

Med COOP som næraste nabo med nygrilla kyllinglår i disken kvar dag, er dette ein fristelse det er lett å bli overmanna av i lunsjtida....i dag var det ein slik dag.

Siste dagen i august, etter ein kan vi vel kalle elendig ettersommar, var det strålande fint å sitte i t-skjorta her nede i sola ein halvtime i ro og mak, og sjå på den flotte Jølstra som sig sakte forbi på veg til fjorden. Den idylliske Jølstra, som det er fantastisk godt gjort å ha neglisjert i Førde til fordel for kjempesvære firkanta kolossar av nokre handlesenter og eit kaos av bilar og parkeringsplassar! Kapitalismens høgborg...som har gått føre all fornuftig tenking om arealutnytting og naturkvalitetar....!

Eg sat der og var langt vekke i tankane då det kom ei røys med elevar frå vidaregåande som var på veg over brua og opp igjen til Hafstad, etter å ha vore på COOPen å snopa. Skulen var starta igjen! Stor var min forargelse då eine guten heiv den tomme colaflaska si over rekkverket. Eg sat å følgde denne flaska med auga der ho skein i sola på veg ned elva, då det brått fauk ei flaske til i lause lufta og følgde same vegen...! Gangar vi desse to tomflaskene med antal skuledagar i løpet av eitt år, kor mange tomflasker får vi då som er på reise ned elva? Trur du deltaet rundt utløpet av Jølstra kan ta imot fleire hundre tomme plastflasker kvart år utan at det betyr noko?

Eg vart vitskremd av tanken der eg sat, min vesle idyll i bygdebyen forsvann i mørke, trugande uverskyer som fauk inn over hovudet på meg....!

Har vi verkeleg fostra opp ein gjeng med miljøsvin dei seinare åra som gjer blanke f...når det gjeld å ta vare på naturen rundt seg? Har vi det altfor godt her til lands? Kven har ansvaret? Har skulen og foreldra totalt sprunge frå sitt ansvar?
Eller har vanleg gammaldags forureining drukna i CO2 debatten?

Ikkje veit eg..men, eitt eller anna har svikta totalt i oppsedinga av desse unge spirrevippane!

Skjerp dykk!!

torsdag 30. august 2007

Feminine, nette underkle


Utsikt frå stoveglaset heime på Yndestad hausten 2006

For dei som las om mi vanvittige handlerunde på Åsane Senter førre lørdag, så gjorde eg meg ei erfaring då som eg ikkje torde skrive om. No har eg fått dette litt meir på avstand og trur eg torer å dele følgjande historie med dykk.

Det har seg slik at eg var i DET handlemoduset. Så etter å ha strena fram og tilbake inne i handlekomplekset, og til slutt følte at eg var nokolunde tilfreds, så gjekk handle-fokuset over på barn og kvinner. For Peter sin del var saken egentleg ganske grei, bøker, DVDar og fotballsokkar vart rimeleg og kjapt raska ihop i nye plastposar. (Kor mange posar eg no hadde i hendene veit eg ikkje, men det var iallefall fleirsiffra). Verre var det når eg retta blikket mot det feminine...For det er jo ganske så frekt å berre opne lommeboka for seg sjølv, og ikkje tilgodesjå den ein som regel vaknar opp ilag med...utrykket som regel, er vel kanskje litt sterkt å ta i, for som oftast vaknar eg åleine.

Det har seg slik at når Peter vaknar opp igjen alt mellom 11 og 01.30, så kjem han frå naborommet sitt inn på soverommet vårt og kroar seg godt ihop oppe i dobbeltsenga vår. Dette er vel ganske naturleg for ungar flest, trur eg. For min eigen del kan eg fortelje at eg sov i senga ved sida av bestemor mi til eg nesten var kjønnsmoden, og opplevde dette som både trygt og godt! Ja, både Bibel og salmebok var på plass på nattbordet hennar - og det hende meir enn ein gong ho sang salmar til meg i nabosenga. Heilt utruleg at eg ikkje vart eit skikkeleg mobbeoffer på skulen, eg som i tillegg hang både høgt og lågt etter fugl - a a altså ikkje ryper, men helst flugesnapparar! For det var dei som interesserte meg til langt opp i tenåra - og kun det....!

Vel, mi avdøde bestemor, som eg plar seie, var det snillaste menneske på jord, skal få sin fortente plass i denne bloggen ved eit anna høve..Og fuglelivet likeså, anten det gjeld ryper av det eine eller andre slaget eller flugesnapparar ...

Slik er det vel med Peter og, eg meiner, trygt å godt og ligge med mor og far om natta...og for hans del er det vel lenge til han er kjønnsmoden òg, sjølv om eg har inntrykk av at dette skjer tidlegare og tidlegare blant ungane i dag! (Det må vere internett og damene på fjernsyn som virkar slik på eit barnesinn - reine Sodoma og Gomorra som Eiden ville ha uttrykt seg). Men problemet med Peter og meg i same seng, er at han ligg som ei pulserande vindmølle med bein og armar opp etter lår og legger, og eine armen inn under puta eller helst under nakken på meg, på rastlaus vandring etter varme og kos...! Dette er sjølvsagt til dei grader ubehageleg for ein kar som er vant med litt armslag, og treng litt meir rom rundt seg enn folk flest. Så eg og Peter har funne løysinga på dette ved at vi byter seng! (Settinga der eg i halvsvime ramlar ut av dobbeltsenga om natta, skjenar ut i gangen i halvmørkna..., inn på rommet hans med puta mi i armane..., og opp i senga hans, skulle vore teken opp på mobilen og lagt ut på You Tube)! Men på denne måten får Peter ligge med Olaug, og eg får fred om natta! Men no var det vel ikkje Peter dette innlegget skulle handle om, eller kven veit, men meir eit skråblikk på det feminine. Så tilbake til utganspunktet....

Som sagt så såg eg meg rundt etter noko feminint å kjøpe inne på Asane Senter førre lørdag, ikkje til meg sjølv til bruk i seine nattetimar, men helst til mi fru. Så eg skjena inn på Lindex i flotte, lyse og trivelege lokale. Og for de som er litt kjende rundt om i slike etablissement, så veit de at desse butikkane er enormt store. Her finn du alt frå jeans, trøyer, toppar, bodyar, blusar, skjørt, dressjakker, kåper, mammakle, kosmetikk, hårpleieprodukt....til nettingstrømper og undertøy....!

Eg min gauk vandra sjølvsagt lenger og lenger inn i lokala, og studerte så augene vart våte på blondetruser, hipstertruser, tangatruser, push-up bhar, minimizerbhar, spile- og nettbhar, sportsbhar, bodyar og eg veit ikkje kva - alt i dei lekraste detaljar med blonder og greier. Eg såg føre meg erotiske, minimalt påkledde damer i svart og kvitt, og fekk ein aha opplevelse av plakatane korleis dei kvinnelege former inne i all denne herlegheita kunne endrast frå det svære til det små og hevast eller senkast alt etter behov og situasjon...! Og eg som hadde trudd at slik eg iaktok den kvinnelege korpus, slik var det...Eg skjønte i ein fei at her hadde 50 åringen gått glipp av mykje god etterutdanning opp gjennom åra....!

Vel, dette måtte jo vere fantastisk for min kvinnelege halvdel, tenkte eg. Men det var så skrekkeleg vanskeleg å bestemme seg for både størrelse, form og farge på alt dette lekre, at eg brått vart veldig usikker på om eg ville komme heim med det rette... Denne usikkerheita førte til ein kjedereaksjon som først forplanta seg til at eg ikkje visste forskjel på nord og sør inne i all denne herlegdommen, til eg vart panisk i bevegelsesmønsteret og halvveges velta eit stativ med push-up bhar som deretter låg strødd ut over golvet. (Eg hadde jo sjølvsagt ikkje teke av meg villmarkskleda eg gjekk i, og som tok til dei grader stor plass inne blant alle desse nette kleda og reolane)! Sveitten rann av for mykje klede, stress og nervøsitet, og stirrande blikk frå utfordrande plakatar og handlande, tiskande-kviskrande damer med dømmande åsyn...! Eg var fanga! Fanga som eit hjelpelaust innsekt i eit etterkoppnett...Eg heldt på å skrike urhylet mitt i panikk over ein situasjon eg hadde missta fullstendig herredøme over...Gjekk det 1 eller 5 minutt i denne vilska? Ikkje veit eg - for klokka sto stille der og då...Men til slutt, utan at eg heilt veit korleis, så nytta eg meg av mitt vanlege knep om å lukke auga, stå heilt i ro og telje sakte til 10...
Overlevelsesinstinktet var intakt og eg fekk nokolunde kontroll over situasjonen igjen...!

Eg løfta blikket og fekk blikk-kontakt med eit utfjasa kvinnemenneske med tung makeup, eyeliner og oppsett hår, som eg sprang i møte og pent ba om vegen ut. Ho peika i retning av eit grønt skilt der det sto exit på og min vanlege, innebygde retningssans tok igjen styringa over min nervøse og skjelvande kropp....Eg brasa gjennom døra ut i friluft, og herleg, forfriskande regn og sønnakuling slo meg i fjeset - eg var redda!

Eg sto lenge opp etter betongveggen ute og betrakta skogen og fjella der oppe, og kjende at eg igjen hadde full kontroll... Så sa eg til meg sjølv - aldri meir - ALDRI MEIR - skal eg sette min fot i eit slik surrealistisk etablissement på jakt etter kvinnelege kreasjonar. Kvinnemenneska får pina dø sjølv kle seg i sjølvhandla silketruser...... - så kan eg heller vere mann om å få dei av igjen...!

onsdag 29. august 2007

Mobil-epilog


Utsikt frå Staveneset 18/9-06

Eg trudde at siste episode av sagaen om mobilen var slutt, og at eg no kunne glede meg ilag med min nye kvinnelege venn. Diverre viser det seg at det framleis er gamle skjellett som ikkje har ramla ut av skapet! Så for dei som endå held tråden i denne makabre og tåredryppande historia, som omfattar det meste av kva ein kan forvente i ein typisk såpeopera, så har de epilogen her.

Som de veit utnytta TELE2 mi inkjeanande mor slik at ho i vanvare tok nummeret mitt i sitt navn. Den derpåfølgjande påkjenninga for den aldrande mobilen var av ein slik art at den både av fysiske og psykiske grunnar måtte førtidspensjonerast. Den fekk sin nye heim i eit nyinnreia rom i sjenken i stova for å nyte alderdommen.

Diverre viser det seg at ettervirkningane frå dette tjuveriet slær ut psykisk på min nye venn som stadig vekk blir oppringt og kontakta på SMS frå folk som i dag trur ho er mor mi...! Eg må difor i aukande grad rykkje ut til falske brannar som er tidkrevjande og irriterande, og som bandlegg vitale ressursar i arbeidet med min nye kvinnelege venn...! Difor har eg i dag også måtte irettesette offentlege organ som er meint skulle sitte på rett informasjon til ei kvar tid på kven som er innehavar av kva slags nummer! Så for TELE2, Opplysningen 1881, Telefonkatalogen.no mor mi og alle andre - nummeret på min nye kvinnelege venn er 97169357 og tittelen er Sony Ericsson K810i og nummeret til mor mi er 41211453 og tittelen Nokia 2610...

-------------SLUTT.....................

søndag 26. august 2007

Miniputt-turnering og 60-årsfeiring..


Mamma(70) og Pappa(75) i Dale er særs oppegåande

...ikke mi då, sjølv om Peter, 7-åringen min, seier at pappa er veldig gammal:-) Som du ser av teksten til bildet ovanfor fylte pappa 75 i år, mamma 70 og, kanskje som du veit, eg 50...Det er difor eil litt spesielt år for oss alle tre i år, kan du seie.

Fredag køyrde vi direkte til Bergen etter jobb og tok inn hos Kirsten og Arnt i Åsane. Kirsten er syster til Olaug. Grunnen til Bergensturen denne helga var 60-årsfeiring av Ellen, som er svigerinna til Olaug, på Gamle Bergen Tracteursted (Elsero 1) i Sandviken. Husa her er frå 1800 talet og tekne veldig godt vare på. Tida har stått stille når du kjem hit! Innreiingane er etter tidens ånd med ei heilt spesiell atmosfære. Vi hadde ein særs triveleg og roleg familiemiddag her lørdagskvelden.

På lørdagsføremiddagen hadde vi som sedvanleg vis, når vi er i Åsane, handlerunde på Åsane Senter. (Olaug og Kirsten var jo sjølvsagt på IKEA fredagskvelden og...:-))I følge Olaug var det EG som gjekk berserk i butikkane denne gongen. Grunnen var at det var utruleg billege sommarklede for mannfolk. Ein av kommentarane eg måtte bite i meg når manien fulstendig heldt på å ta overhand var at:" no må du hugse på at du ikkje er 25 år lenger"....Den svei litt!
Så sjølv om ein gjer så godt ein kan med vedlikehaldet av helse, kropp og sjel, så er det vel kanskje slik at 50 åringar ikkje nett kan kle seg som 25 åringar...:-) sjølv om ein har aldri så lyst....:-)(No synest no eg likevel at ein held sin yngre både i sinn og skinn ved å kle seg ungdommeleg - iallefall tykkjer eg eldre i dag som kler seg slik er DET i forhold til då eg vaks opp - for då var dei jammen gamle då...:-)

Kor mange handleposar og kle eg kom ut igjen med frå handlekomplekset, torer eg faktisk ikkje legge ut på bloggen. Hvis dette skulle komme ut på toppen av mykje anna løye skriveri eg har føreteke meg i det siste, er det ikkje så godt å seie kva folk kom til å tenkje om meg...:-) Men eg kan røpe sopass at det som vart handla var bukser, både pirat og vanlege, fleece..., t-skjorter, skjorter, piqueskjorter, sokkar... ! Og så får antalet vere ein løyndom....:-)

For dei som trur eg har handlemani, så er dette heilt feil. Det kan gå lang tid mellom kvar gang eg handlar klede. I grunnen er det det værste eg gjer, men når først lysta er der og kortet har fått litt oppvarming, er det berre å smi medan jarnet, eller rettare sagt kortet, er varmt...:-) Noko anna er det at eg har ein gryande mistanke om at dette er i ferd å endre seg når eg tenkjer litt nøgnare etter. For handla eg ikkje klede forrige veke? Og veit du kva - veka før og? Nei, og du slette tid... - eg kjøpte skjorter i vår og! Herre min hatt - er det verkeleg alderdommen som har gjort sitt inntog med stormskritt etter at eg vart 50? - ja, og no skal eg prøve å bremse den for full musikk?
Mamma, mamma...nei, dette kan eg ikkje filosofere over lenger, det gjer meg reint ilt til sinns....!

I dag måtte vi tidleg opp for å nå miniputturneringa i fotball i Dale. Så etter ein lang god frukost i Åsane hos Kirsten og Arnt, peila vi oss inn på ferja på Oppedal klokka 11.30. Vi reiste såleis frå Åsane ca 0950 og var på plass i Dale akkurat når første kampen til Peter starta vel 12.30. Må innrømme at det er spesielt å komme tilbake med Peter til Dale for sin første kamp for Askvoll/Holmedal i Dale. Når ein sjølv har vore så aktiv innafor aldersbestemte klassar, og ikkje minst på sidelinja og heia på Dale opp igjennom åra, så er dette litt rart! Kanskje vi får eit felles lag seinare når Dalsfjordbrua er realisert? Men då er eg vel så gamal og grå at dei har sett meg på taket for å la kråka ta meg....:-)
For i dag er det vel helst i Dale-drakt Peter skulle stilt... (ikkje sei det til Olaug....:-)

Han hadde det som vanleg veldig kjekt på fotballbana. Utan ein knyst beit han i seg at han måtte stå i mål ein periode. Også då han vart bytta ut, som dei andre, gjekk det utan leike...! Det blir nok folk av han her òg skal du sjå...:-)
Eg for min del har jo sjølvsagt store problem med å halde meg i ro på sidelinja og ikkje hoppe inn på bana..Og endå verre er det å måtte late vere og ikkje gaule ut i beskjedar og kommandoar i hytt og pine...:-) For det er lett å gløyme i kampens hete at ungane er berre 7 år ...!

Heldigvis fekk vi og tid til ein god kopp kaffi hos foreldra mine på Skaartun i Dale før ferja gjekk ut igjen til Eikenes. Det er sjølvsagt alltid like kjekt. Neste helg er det jo mamma vi skal feire, då ho inviterer til ope hus på Vevang i anledning 7o-årsdagen sin.
Kanskje det må skrivast på noko anna òg denne veka?


Miniputturnering i Dale 26/8
Tur til Bergen 24/8-26/8

torsdag 23. august 2007

Meg og mobilen


Testfoto (ubehandla) av Sony Ericsson K810i i dag

Historia om mobilen har tatt ei ny vending...Eg har fått att nummeret mitt. Som du sikkert hugsar hadde mor mi meldt nummeret mitt inn i Tele2 si familieløysing for familiær gratisprat utan å ha underretta meg, og Tele2 overførte nummeret mitt til henne, utan å seie eit pip til meg. Absurdement..Men som om ikkje dette var bort i hamp og staur og veggje, meinte selskapet at eg skulle betale 199,- kr for å få ATT nummeret MITT. Vel, DET laut dei gje seg på, og krype til korset. Det er no måte på kor toskne dei trur vi "bygdebønde" er....

Så sjølv om nummeret mitt framleis står på mor mi sitt namn på Opplysningen 1881 og telefonkatalogen.no sine lite oppdaterte registre, så er nummeret flytta heim igjen etter sin spaceflight!

Vel, no har det seg slik at påkjenninga for sjølva hard-waren på mobilen vart nesten uuthaldeleg når nummeret forsvann. Eg har difor hatt store problem med å få mat i karen i heile sommar. Med stadige oppkast og diarè var det kul flette å få i han fast føde, og det flytande var i så små porsjonar at han stadig gjekk seg tom i motabakkane. Når den i tillegg berre gjekk på halvparten av tangentane, og var vanskeleg å høyre i, dårleg å sjå på og var skjelven i fisken, var det berre ein ting å gjere - søke om førtidspensjonering for den gråsprengde stakkaren som hadde slite eit heilt liv. For dette var berre ikkje til å leve med.
Så den utbrende og tilårskomne mobilen fekk sin rettferdige plass for å nyte alderdommen i eit nyinnreia rom i sjenken i stova.

No har det seg vel slik at den som framleis er litt frisk og rask, og nokolunde føl med tidens krav, lyt sjå innom til slike gamle stakkarar som har gjort si tèn.
Det må vere utgangspunktet både for deg og meg. Men eg hadde aldri tenkt meg at sorga over å måtte flytte inn på sitt eige flotte og nyinnreia rom allereie første natta skulle få slike dramatiske konsekvensar at eg i hui og hast måtte rykkje ut for å stanse sytinga til den gamle stakkaren. No har det seg sjølvsagt også slik at eg har eit så lett sovehjarte at eg ofte vaknar av den minste ting. Dette er ein situasjon som har utvikla seg til ei aldri så lita plage dei seinare åra. Men trøysta får vere at når eg hugsar tilbake på Morgan Kane bøkene eg las som ungdom, så sov han aldri meir enn med eitt auge att, og i tilegg sat han alltid med ryggen mot veggen for å vere på vakt mot potensielle farar. Så såleis er eg i godt selskap.

Til å begynne med kunne eg ikkje fatte kva lyder som nådde hamrane i øyra mine seinnattes i mørkna denne natta. Først trudde eg det var avundsjuke kattar utanfor soveromsvindauget, så tenkte eg på nyfødde ungar - men det er det lite av her på Yndestad, så stussa eg på om cd-spelaren sto på på guterommet, men den hadde eg no slege av i går kveld? - kunne det vere brannvarslaren på gjesterommet?, nei, dette var eit mysterium som eg måtte finne ut av. Så eg kraup ut av den varme bikka og gjekk på oppdagingsferd rundt om i huset frå rom til rom for å avsløre mysteriet.

Ja, cd-spelaren var slegen av, ingen brannvarslar peip på gjesterommet, og ute på altanen kunne eg berre konstatere at ingen av dei 4 nabokattane til Hans;en og den eine til Kjellen i huset innafor, var å sjå eller å høyre. Nei, dette var og blei eit mysterium. Men lydane måtte eg berre finne ut av. Kunne dei kome frå kjellaren? Var her lekkasjar frå vartmvasstanken eller heldt frysaren, som har sett sine beste dagar, på med sine siste andedrag? Så, eg tok meg ein tur ned i kjellaren iført berre trusa og barfot til beins på det kalde betonggolvet for å søkje løysing på mysteriet. Men trur du øyra mine fanga opp noko nærare signal her nede?

Opp igjen i huset, ut i gangfanget, ingenting, inn på kjøkkenet igjen, ingen ting...kunne det komme frå stova? Eg gjekk hovudstups inn i stova etter å ha smelt likkjetåa godt ned i dørgotta så eg skreik høgt! Svarte f... for eit mareritt. Hadde nokon vore vitne til denne seansen hadde dei trudd eg var totalt maniac og ute av stand til å ta vare på meg sjølv...! Men eg kom meg no sakte til hektene igjen etter at eg fekk teke meg ein slurk Pepsi-maxi frå kjøleskapet....Og så peip det igjen..

Som du sikkert allereie har forstått no var eg begynt å vakne og greidde å lokalisere læta sånn nokolunde. Ja, og så var eg sjølvsagt begynt å bli relativt forarga på heile greia. Ikkje nok med at søvnen var røva i frå meg, men likkjetåa verka noko så bort i staur og veggje at eg trudde ho minst var brota. Så etter først å ha sjekka tuneren på parabolen og den bærbare pc,en, gjekk brått lyset opp for meg. For i svarte svingande det var jo den kjære, gråsprengde og tilårskomne mobilen min som ga i frå seg sine siste pip! Sine siste lydar som eg var så vel kjend med og som eg brått ikkje hadde kjent att! Gjekk det an? Kva vilske var eg vakna opp i? Kjende eg ikkje igjen min gamle venn? For sjølvsagt ville den at eg skulle stå opp og sjå til han. Det var jo eg som hadde bett han om å gjere nettopp det! Stakkars du gamle venn som har tent meg slik i tjukt og tynt - det var jo klart at du ville ha litt ekstra forpleining no første dagen i den nye flotte, men sterile heimen din! At eg kunne vere så dum å ikkje tenkje nettopp på deg når nokon peip så ynkeleg. Du med ei sjel så stor som alt rennande vatn og fjell! Min gamle kamerat som eg har slite på utan annan omtanke enn å tilfredstille meg sjølv og eigne lyster...

Eg vart brått flau kan du tenkje deg..Så eg tok min gamle våpendragar varsamt opp av den nye heimen i skuffa i sjenken og sette meg pent ned i skinnstolen min, og strauk han ømt over tangentane. Ynkinga forsvann som dogg for morgonsol. Eg sat der å tenkte, med mitt gamle hjartebarn i nevane og strauk og strauk...til han stille sovna...

At eg kunne vere så dum! Klart den gamle mobilen min ville pipe så ynkeleg første natta i sin nye heim når vi ikkje hadde fått teke skikkeleg farvel kvelden før!
Dette har eg no teke som eit godt teikn på at du skal ta skikkeleg farvel med gamle vener når du skiljast! Det er heller ikkje så dumt å stikke innom av og til òg, for å sjå korleis det står til.

For no har min gamle heidersvenn atter funne roen i sin nye, velinnreia heim og ser meir optimistisk på livet når han veit at eg atter kjem på besøk...No slepp han og å skrike stygt om nettene for å få den rettmessige omsorg og pleie han har bruk for. Ja, for no veit han at eg snart kjem på ei ny vitjing...! Kanskje i kveld?

I dag har eg skaffa med ein ny mobilvenn. Det er ei dame - ei Sony dame, med tittelen K810i. Ho er ny og frisk i måten å tenkje på, har andre draumar og vyer for livet og ikkje minst fleire strenger å spele på enn min gamle heidersvenn. Ho er spanande å sjå til, har lekre nye antenner, nytt blått lys i auga som glitrar når eg trykker på, og sender meg nye beskjedar som eg ikkje alltid heilt forstår. Men du verden når eg forstår ho, himmel på jord, du salige velgjerar som kan gje meg så mykje informasjon, flotte bilder å sjå og tenkje på. Eg blir reint yr og barnsleg i samkvemet med ho då...! Kan berre ikkje late ho få fred, tenkjer og jobbar og tenkjer på min nye venn...Ja, reint forførerisk er ho i måten å vere på då! Så brått prøver eg på noko nytt og pressar litt for mykje på - og så forstår vi kvarandre ikkje igjen... Nye trykk og meir forvirring...og så får eg atter nye beskjedar som òg er forvirrande. Eg prøver meg med gamal erfaring og nye instruksjonar att. Det hjelper og eg er igjen i himmelen og blir blenda av kva vi finn ut ilag.... Men når ho igjen seier stopp og eg ikkje har fleire knappar å trykkje på, blir eg nesten fortvila og lei meg. Verst er det å bli liggjande å fundere på problemstillingane som eg ikkje finn ut av om natta...Då kjem spørsmåla som perler på ei snor...Kva skal eg gjere? Skal eg prøve å sove på det? Ser eg lysare på problemstillingane i morgon? Eller skal eg berre ta tia til hjelp å sjå om alle problema som tårnar seg opp, løyser seg litt av seg sjølv?

Vel, sant å seie - eg veit ikkje. Vi får prøve å ta ei av problemstillingane om gongen, eller det heiter vel ikkje det, heller utfordringar...:-) og ikkje late alt bli eit mørkt, nakje og uoverstigeleg fjell....For er det noko eg veit, så er det at skal ein bestige store fjell, så er det viktig å ta eitt steg om gongen! Og det er ikkje særleg lurt å ta det neste steget altfor fort heller. For store fjell har eg vore komme over før, så her veit eg kva eg snakkar om!

Men ein ting er sikkert: min gamle venn som ligg på Lit de parade i skuffa i sjenken var til tider lettare å forstå....men, så har vi jo hatt mange år ilag og då....:-)

søndag 19. august 2007

Trenar du?


Motiv frå nedstigninga av Toreheia mot Krækavatnet i Stongfjorden

Fredag prøvde eg treningsfasilitetane i trimrommet i banken. Kjellarrommet er godt utstyrt m.a med tre syklar, multi-løfteapparat, ribbevegg og diverse. Her er og god dusj og badstu. Det er ei stund sidan eg var ned i kjellaren, men det gav meirsmak. Ikkje det at såpeseriane på TV2 som eg såg på då eg sykla var så morosame:-), men det var veldig godt å trene rett etter arbeid - i motsetnad til etter at eg er komen heim, då eg ofte er trøtt etter pendling og middag. Eg kjem difor til å trene meir i banken i haust.

Etter at eg fekk svar på MR-undersøkjinga av kneet, og må inn til ein kikholoperasjon i Bergen, ser det ut til at eg må trø ei stund til. Menisken var skrøpeleg, men ikkje avreven. Det var òg gamle skadar i kneet som eg ikkje veit kor tid er komne. Kneet var og fylt med gamal brusk som må skålast ut.
Har høyrt av du kan følgje med på ein skjerm medan legen gjer dette. Sjølve datoen for inngrepet har eg ikkje motteke endå.
Bror min, Sillan, (blant venner) var inne til nett same inngrepet og vart utruleg fort heilt bra igjen. Så det her ser eg optimistisk på...

Då eg har gått mykje i fjellet seinare åra har dette slite på knea. Spesielt springinga nedoverbakke har vore ei stor belastning, då støtet av heile vekta fell på knea. Rolf K. har lært meg at eg faktisk må trene styrke for å få betre muskulatur rundt festa. Ein skulle tru at når ein gjekk mykje ville dette komme av seg sjølv, så er diverre ikkje tilfelle. Det blir for lite oppbygging av musklar berre ved å gå.

Ein annan ting eg har lært meg, er at overkroppen får altfor lite styrke med berre å gå i fjellet. No brukar eg alltid stavar, så dette hjelper litt, men faktum er at når du forbrenn energi og feitt, så er det overkroppen som blir mest tappa. Difor har eg starta med vekter for også å få litt meir styrke i overkroppen. Dette skal også hjelpe godt på når tursekkane blir ekstra tunge. Ved å gå mykje og fort får du sjølvsagt god kondisjon. Men styrke er òg veldig viktig m.a for å unngå belastningsskadar.

Nokon som er oppgidde over veiret? Gårsdagen var jo ikkje betre enn resten av sommaren. For mitt vedkommande gjekk den med til musikk, rydde i gamle LP,ar, CD-samlinga på guterommet og vere vitne til ein fotballkamp med elendig resultat:-(, skal ikkje kommentere det nærare!
Peter hadde ein kjempedag på besøk i Grimelia. Marie var på jobb i butikken. Og fruen fòr på Skåla i det mistrøstige veiret i gryotta i lag med Anita og Dag Tore. Med snø og skodde på toppen var det visst ei tøff og våt oppleving..

I dag reiste Olaug og Marie med siste flyttelasset til Marie til Dale. Ein ny epoke har starta. Hybelliv og vidaregåande for henne, og tommare hus for oss. Største endringa blir det vel gjerne for Peter som ikkje har henne å stulle med i kvardagen.
Viser elles til eige stykke om Marie 3/8...

Som "hjemme alene" nytta eg sjansen til trening igjen i gamle losjehuset. Det er faktisk skikkeleg kjekt å få sveitta godt ut på sykkelen, løfte vekter, ta situps etc, og samtidig sjå ut på det elendige veiret! Då gjer veiret meg ingenting. Det er faktisk ganske morsomt å tenke på alle som sit og ergrar seg over det, og ikkje gjer noko med det:-)

Trening hjelper både fysisk og psykisk på alt frå kondisjon og styrke til knær og dårleg vær...:-)

Er du ikkje komen i gang, så snu deg rundt. Start forsiktig, trinn for trinn og ha tolmod - då misser du ikkje lysta.

Har du heller ikkje slutta å røykje, tar du det i same slengen. Regulèr kosthaldet litt samtidig, og vips er du frisk som ein fisk og eit heilt nytt menneske!
Ein sunn kropp i eit sunt legeme med masse sjølvtillit...
Og som ikkje det er nok får du vektreduksjon med på kjøpet! Er det noko å vente på?

Lukke til!

søndag 12. august 2007

Safari på Osen Gard



Sidan vi skulle hente Marie i Førde i kveld tok vi oss like godt ein søndagstur til Osen Gard og traktene rundt.

Osenelva er ein del av Svardalsvassdraget. Elva er rekna som ei av dei mest eksklusive lakseelvane i landet. Elva er ein diamant i filosofien om å vere leiande i forvaltninga av laksefisket. Dei driv fiskeskule og opplæring i kunsten å fiske med floge etter Isac Walton;s idè, og som uttalte “Nay the salmon is not lost for pray take notice. No man can loose what he never had”. Om ikkje Isac Walton kom hit, så kom jarlar frå England seglande i jachtene sine for å fiske i Osenelva.

Isac Walton f. 1593 d. 1683 er forfattar av The Complete Angler (1653).
Dette er den tredje mest selde boka i engelsk litteratur. Den omhandlar kunsten å fiske med floge etter laks.
(Eg har forresten boka, men ikkje førsteutgava...:-))

Osen Gard ynskjer og utvida praktisering av "Catch & Release" fiskemetoden etter laks. Dvs. at laksen blir sett ut att i elva etter at dei har fanga han - jmfr. såleis at dei i Osen hovar fisken istaden for å kleppe den. Eg tykkjer det er veldig bra at fisken fleire stadar no blir sett ut igjen, fordi det snart ikkje er meir laks igjen av den nordatlantiske laksestammen.
Som vi veit har Norge òg ca 1/4 av denne stamme, og har sjølvsagt eit spesielt forvaltaransvar å utøve. I år er dessutan laksefangstane sterkt reduserte noko som gjev ekstra grunn til bekymring!

På Osen Gard driv dei og med røykjeri, slakteri, sanduttak og hjortejakt.
Garden blir driven etter prinsippet om mangfold i drifta. Forvaltninga av naturressursane er basert på langsiktig avkastning og rett forbruk etter ei fastlagt målsetting.

For ein utanforståande er det likevel det klassiske, raudmålte hovudhuset i 4 etasjar, bygd rundt 1900 som festar seg på netthinna. Dei andre 11 nymåla husa, med grøne plenar og den velhaldne hagen med flotte blomar og tre som omkransar hovudhuset, vitnar om nitid restaurering og vedlikehald.

(Ein del av opplysningane ovanfor har eg funne på nettet)

Og så er det sjølvsagt den fantastiske elva og naturen ikring. Elva, med svarte, djupe kulpar og nydelege småfossar, bakevjer og grunne sandbankar, renn sakte og stille mot fjorden. Rundt om speglar nydeleg velslegne grasflater og tre seg i elva. Ein idyll for det øverste sosiale skikt. For det blir ikkje selt fiskekort her. Fisket er av privat art. Kva det kostar å ha ei helg er det vel få som veit. Mi lommebok er sikkert altfor lita - ikkje har eg sixpence og snadde heller....:) Når vi var på ein liten visitt sto fiskehovane på plass på kvar fiskeplass. Og legg dessutan merke til vinen som var utsett på avslappingsplassen....for nye gjestar som skulle komme i kveld..!

Eit lite paradis for fiffen! Men, ein ting likar EG lite - og det er alle forbodskilta! Generelt sett er det ein uting som samsvarar lite med allemannsretten.
For hadde det ikkje vore for at Olaug var i eit bryllaup her for ein del år sidan og kjende dottera til tidlegare eigar (som vi faktisk traff ute), hadde eg neppe verken tørt eller ynskt å sette føtene her. Og slik er det vel med dei høgare sosiale lag - ein skal ikkje trø dei for nære!

Etter å ha vore på Osen Gard køyrde vi inn att til Stavang, Høydalen, Vevring og til Naustdal igjen. Det er ein halv mannsalder sidan eg har køyrt denne vegen. Artig var det å sjå Førdefjorden og pendlarvegen min frå solsida på motsett side av fjorden. Mange flotte hager pryda flotte eigedommar.
Diverre låg skodda langt ned i Blegja og Heilevangstaurane, så det vart ikkje bilete her i frå. Eg har ofte tenkt å ta bilder frå Vevring-sida for å få eit skikkeleg inntrykk av nordsida av Blegja. Det får du ikkje frå RV 609 på sørsida.
Men det får vere til ein solskinnsdag seinare, når draumen om Osen Gard dukkar opp igjen.

Som avslutning på søndagsturen måtte sjølvsagt Peter på Dolly Dimple;s å få pizza og hoppe og skli i leikerommet. Vi var ihelsvoltne etter ein tur som hadde teke mykje lenger tid enn vi hadde trudd, så pizzaen gjekk ned på høgkant i den første sola for dagen i Førde.

Osen Gard

lørdag 11. august 2007

Mi kjære mor og Tele2


Utsikt frå min barndomstad mot djupt i sjela

Eg har funne ut at mobilen min lever sitt eige liv. Så etter å ha vore den heldige eigar av 971 69 357 i ”ein halv mannsalder” treivst den visst ikkje lenger med meg ”ude på den nøgne ø”. Den meinte visst det var grønare på hi sida av gjerdet. Eg gjer difor orda til Jakob Sande, min tidlegare sambygding, til mine, når eg kviskrar: ”Eg tenkjer på deg, ved dag og ved natt, og min draum er den, å få sjå deg att”

Frå Du, "Det kveldar på Kobbeskjer"

No var det vel ikkje mobilen Jakoben tenkte på då, men ei fager gift dame austafor. Som reinkarnert vil eg òg tenkje på fagre damer, gifte eller ei, og skrive bøker om alt frå mobiltelefonar til mitt hjartebarn - rennande, fossande og jomfrueleg vatn, krangle med alskens folk om kraftlinjer og kraftutbyggjingar og banne så mykje eg vil….) !

I forrige månad stusse eg over e-fakturaen eg fekk frå mobilselskapet mitt Tele 2. Eg har vore kunde her i mange år. No fekk eg berre rekning på breibandet, men ikkje på mobilen. Hadde eg snakka så lite i sommar? Var rekninga under 300 kr og overført til neste månad? Eller var Champion-abonnementet mitt blitt billegare i mobilkrigen? Mobilen hadde jo gløda med bilder og tekst om kraftlinjetrasèar, fotturar, dårlege kne, elendig fiske og kjekke kvinnfolk! Eg tenkte likevel ikkje så veldig mykje meir på det akkurat då.

Stor var difor mi undring då e-fakturaen i august òg dukka opp i nettbanken berre med krav på breibandet. Dette måtte eg ha greie på! Så eg tok å ringde inn på kundesenteret på Tele 2 og høyrde korleis dette hang i hop.

Eg fekk hakeslepp. Nummeret var ikkje lenger mitt! Spirrevippen hadde slept det fri, det hadde rømt, flytta, emigrert eller reist på ferie? Det hadde teke ein Global Travel gjennom universet utan sidestykke og vore på reise sidan 23.mai!
Eg sjekka på telefonkatalogen.no og riktig - mitt kjære 971 69357 gjennom mange år var ikkje lenger mitt! Det var reinkarnert og var dukka opp igjen frå sin sfæriske tur gjennom universet og glødande tastetrykk, diverse servarar og tomme pc-blikk og komme heim til mor mi i Dale.
Ikkje for det. Der er eg sikker på at den ville få ei framifrå framtid! I eit stort kvitt hus, som vittige tunger hevdar må seljast på rot fordi det er umogeleg å tømme, ville den få eit nytt rikt liv. Der i mange uutforska rom, i skuffer og skap ville den finne mange av same slaget som kunne berike kvardagen og føre til endå fleire, blomstrande nye nummer....Ein aura av fornying. Friske nye nummer som hadde visjonar for framtida. Som kunne utveksle meiningar om det meste og late nabonummeret vere i fred når det trengde det.

Så eg ringde mi kjære 70 årige mor og lurte på kva slags frieri ho hadde fått ja på på sine eldre dagar. Jau, ho hadde sendt inn eit skjema som ein luring av ein rundbrennar hadde sendt frå Tele2. Mi pratsame, kristeleg og nøysame mor med synspunkt på det meste, ville sjølvsagt prate så fritt og så lenge ho ville med alle sine utan at griske mobilselskap skulle rane ho endå meir frå pensjonen sin! Mor mi som i alle dagar har sytt for seg og sine! Når eg likevel lurte på om ho ikkje hadde merka noko på rekninga si, får eg som svar at det «kjem no så mange telefonrekningar". (Faderen tastar jo i veg han òg både på PC og mobil. Rett nok med litt feilsendingar av SMS og diverse problem med MMS,en....:-))

Dette var heilt tragikomisk. Eg måtte nesten le. Den kjære mor mi hadde fått overført nummeret mitt til seg, betalt rekninga mi i to månader. Det griske, ukristelege selskapet hadde heller ikkje noko omsut for meg, så eg visste ikkje eit kvekk!

Korleis i himmelens navn kunne dette gå an? Eg ringde Tele2 igjen. Veit du kva han svarte spirrevippen? Eg måtte få mor mi til å fylle ut eit eigarbytteskjema på nummeret MITT, signere og sende det tilbake til uvesenet. Dette skulle dei ha 199 kr for!!

DÅ vart eg forbanna! Dei hadde stole mobilen min – og no måtte eg attpåtil betale for å få den igjen!

Vidare detaljar kjem i neste kapittel, men so mykje kan eg røpe at ekteskapet mitt med dette selskapet heng i ein tynn tråd.
Eg er ein lojal fyr, men det får no vere visse grenser...

Når eg i tillegg dagen etter høyrer i nyheitene at dei er hacka for alle personnummera i kunderegisteret sitt, så har eg ikkje berre misst mobilen min i sommar, men og fødselsnummeret mitt! Eit identitetstjuveri av dimmensjonar er på gang! Kven er eg?

I etterkant av sjokket har eg fått pusten igjen frå min noko svekka kondisjon. Men no stussar eg over diverse telefonar eg har hatt i sommar.

For spesielt Sjømannskirka har vore usedvanleg travel på tråden for å selje lodd. Skuldast det at mobilen min no står på den 70-årige lettlurde mor mi? Og veit du kva dei spør om når dei ringjer? Vil du støtte Sjømannskirka? Når eg så svarar Nei, får eg spørsmålet tilbake – støttar du ikkje Sjømannskirka?
Så her skal eg sitte med dårleg samvit og. Er eg scizofren blitt?

Nei, seljarar av mobilabonnement og lodd har eg fått opp i vrangstrupen. Hadde eg vore på eit folkemøte om desse uvesena òg som stel og lyg ville eg ha banna igjen...Ikkje berre ein gong – men, fleire!

Dei får ikkje sei ædda bædda til meg!

fredag 3. august 2007

Marie - skjønningen


Eit par ord om Marie.

Ho var vel 6-7 år når eg kom til Stongfjorden. Eg har sett ho utvikle seg frå ei søt lita jente, konfirmant, russ og til ei staseleg, slank og høgreist jente. Ja, jenta går rett inn i Vogue spør du meg...!
Marie er ei flink og snill jente. Ho har brukt mykje tid på leksearbeid og er difor særs skuleflink. Ho gjekk ut av ungdomsskulen med toppkarakterar!
Jenta har stadig vekk overnattingsbesøk frå mange veninner. Mykje tid har gått med til leksearbeid ilag med desse. Her har ho delt sine gode kunnskaper med veninnene sine.

I sommar har Marie igjen vore svært flink å passe Peter, pliktoppfyllande og omsorgsfull som alltid. I tillegg har ho hatt vaskejobb på skulen og i barnehagen. Ikkje nok med det- ho har og jobba ein del i butikken i Stongfjorden, både i kassen og elles, og har greidd å legge seg opp ein slant pengar.

Til hausten startar Marie på vidaregåande i Dale og vil flytte dit på hybel ilag med Ida - nabojenta. Dei har vore på Ikea og handla til hybeltilværet. Forrige veke var ho og i Oslo til elstebroren Håvard og fekk shoppa diverse....

Det blir ein stor overgang for Olaug og meg til hausten når Marie òg flyttar. Då er nemleg begge gutane og minstejenta til Olaug frå første ekteskap flogne or reiret!

Snille, gode, skjønningen Marie - vi kjem til å sakne deg i kvardagen!

Hugs kvar jenterommet ditt står....!


Marie