fredag 22. juni 2007

Livsfarlege miljøbomber


Utsikt frå Markahengenipa i mai over deler av område for mogeleg ny trasè for kraftlinje mellom Markavatn og Vagstaddalen. Vi ser Langevassheia og vestover gjennom Stordalen mot Vardenova, Porten og Stordalsfjellet.

Vedlagt ligg mitt lesarinnlegg i Firda 23.06

Med fare for å hisse på meg visjonære industri-eventyrarar på Lutelandet, og gamle kraftsosialistar i miljøsinken Arbeiderpartiet, vil eg likevel få kome med nokre merknader til nye kraftlinjer til Lutelandet. Det blir sikkert oppfatta som å banne i kyrkja ved å ha innvendingar til noko der ute. Men eg gjer det likevel.

Som vi veit er det under planlegging ei 132 kv kraftlinje til Lutelandet frå Hålandsfossen i Dale. Denne linja, med 30 meter breie gater, vart banka gjennom i Fjaler kommunestyre utan større motsegner. Ei takk går likevel til Venstre og Gudmund Solheim, som såg ut til å vere dei einaste som heva ei kritisk røyst til dette øydeleggjande og farlege naturinngrepet.

Men det sluttar ikkje her.... Eller rettare sagt – det startar vel her! For som ei følgje av denne linja, er det no under arbeid ei linje til på motsett side av Dalsfjorden! Ein treng visst dobbel mating av straumforsyninga til Lutelandet og vidare til Gjøa i Nordsjøen. SFE planlegg difor no å byggje om den eksisterande 66kv linja frå Grov i Florø til ei ny 132kv linje til Markavatnet, med vidareføring til Ringstad i Askvoll. Den skal så gå i sjøkabel til Lutelandet. Det er avhelde møte med grunneigarar i området og Askvoll kommune for å sjå på aktuelle linjeval. Og utruleg nok er det på tale og byggje ny gate over Langevassheia ved Nipebu, gjennom Vagstaddalen, Rivedal og Holmedal til Ringstad.

Askvoll-halvøya har tidlegare måtte betale ein høg pris i kraftbransjens namn. Vi har svært mange utbygde vassdrag innafor eit lite geografisk område. Dei ligg som grelle eksempel på ei naturøyding utan sidestykke. Som eksempel kan nemnast Markavatnet i Skjerlia, Øyravatnet, Svelivatna, Botnastølsvatnet, Oslandsvatnet og Stongsvatnet, i tillegg er Rivedalsvassdraget utbygt. Det går to(!) jamsides kraftliner (den eine skulle visst rivast for nokre år sidan, men det er sjølvsagt ikkje gjort… I tillegg ligg her fleire henslengde leidningstrommlar med sundrusta kraftleidning i sørenden av Krokavatnet etter den siste raseringa) over fjellet frå Markavatnet til Krokavatnet ned i Fossedalen og til Dalsfjorden.

Er ikkje dette nok her ute? Skal vi ikkje lære av gamle synder? Skal kraftbransjen få herje på vidare som dei vil, med økonomi som einaste tanke… og få ruinert den siste rest av urørt natur på Askvoll-halvøya? Med ei enorm ny linje over Langevassheia, ned Vagstaddalen til Rivedal og Holmedal? Gjennom eksisterande busetnad vestover… for å tilfredstille oljebransjen sine kraftbehov?

Sett ut frå allmenne synspunkt, er ein ny trase over fjellet totalt uakseptabel. Likeeins, hvis ein vel Stordalen eller Norddalen vestover mot Ringstad.
(Hallo folkens – wake up) !

Kortfatta

Indre Sunnfjord Turlag har turlagshytta Nipebu ved Langevassheia. Det er lagt ned eit enormt arbeid med å merke tilførselsstiar til hytta frå Stongfjorden, Rivedal og Markavatnet. Rutenettet er del av den framtidige ”Hav til Bre” satsinga til Turlaget. Nipebu hadde i fjor om lag 500 overnattingar og eit stort antal dagsbesøk. Området er flittig brukt av skuleklassar.

I fjor sommar vart fleire fjellvatn opna for fiske igjen i det aktuelle utbyggingsområdet etter å ha vore fisketomme. Jakt og Fiskelaget i Askvoll har lagt ned over tusen dugnadstimar med kalking og utsetting av ny fisk dei siste 5 åra for å få vatna på fote igjen. No kan ålmenta hauste fruktene av dette arbeidet.

Når det gjeld fugl, er her fleire par smålom, som er rødlista, ved «dei 1000 sjøars land» kring Nipebu. Bestanden er oppsiktsvekkande og har auka dei siste åra! Det er rikt dokumentert at rovfuglar, svaner og lom er spesielt utsette for kollisjon mot kraftlinjer. Ei ny stor kraftlinje over Langevassheia er drepen for lomen og ørna.

Gjennom ”Fylkesdelsplan for arealbruk” er det aktuelle utbyggingsområdet difor regulert til friluftsliv. Føremålet med planen er å sikre frilufts- og rekreasjonsområda mot arealinngrep som er i strid med denne.
Naturkvalitetane er udiskutable, og ei ny stor kraftlinje går ikkje i hop med denne overordna planen!

Dessutan, ein mogleg ny trase over Langevassheia vil brøyte seg veg gjennom område som i dag er inngrepsfrie (INON). Mange lokalitetar har fleire kilometer til tyngre tekniske inngrep.

Eit viktig moment er vidare at Kyllaren og Askvika ved Ringstad er verna etter naturvernlova. Området er oppretta for å bevare naturverdiar av nasjonal betydning. Noko slags form for kabling, graving og kraftlinjespenn her er uaktuelt i utgangspunktet

(Kraftlinja krev konsesjon og detaljerte motsegner mot linja vil sjølvsagt bli utarbeidde).

Den nye 132 kv kraftlinja frå Markavatnet til Ringstad vil og måtte gå gjennom område med busetnad (Rivedal, Holmedal eller Stongfjorden). Som vi veit doblar risikoen seg for leukemi blant barn som er utsette for stråling frå kraftleidningar (og her er heilt andre stråleverdiar frå den nye linja enn gamle 22kv linjer.) Eitt av seks barn vil i tillegg til eksisterande tilfelle difor utvikle blodkreft. (Kjelde NVE si nettside og internasjonal forsking).

Helsefarane med stråling frå kraftleidningar vart utmerka sett i pennen av frk. Eiken vedrørande linja frå Hålandsfossen til Lutelandet i eit tidlegare nummer av avisa.

Kva skal vi så gjere for å tilfredsstille alle partar mot denne potensielle miljøbomba? Eller kan vi tilfredsstille alle partar?

Det beste hadde sjølvsagt vore at den nye 420 kv Monsterlinja gjennom fylket frå Fardal til Ørskog blei lagt i sjøkabel, og kunne forsyne Lutelandet på veg til Møre. Då løyste ein to store miljøbomber på ein gong! (Men her er vel tida for knapp)?

Sekundært, at den nye 132 kv linja blir lagt i sjøkabel frå Grov i Florø, går oppom stasjonen på Markavatn og vidare til Lutelandet.
Linja må leggast i sjøkabel likevel over Vilnesfjorden, ja, og vidare til Gjøa. (Då er det plutseleg ikkje snakk om kostnad)!
Kan det passe betre geografisk nokon stad med ein sjøkabel enn frå Grov i Florø til Lutelandet? Det er jo strake sjøvegen ned….

Den ekstra kostnaden dette medfører bør kraft- og oljebransjen sjølv bere, gjerne i samband med subsidierte nettavgifter frå staten. I eit land der pengane fløymer over breddene må vi ha råd til ein sjøkabel!
Framtidige generasjonar vil såleis takke oss for å vere framsynte.

Ein går ikkje baklengs inn i framtida – gjer ein vel?

Eg vil oppfordre Den Norske Turistforening, Naturvernforbundet og aktuelle Velforeningar og andre som er glade i naturen og helsa vår om å komme på bana i denne særs viktige saka!

Ingen kommentarer: