Facebook

lørdag 30. juni 2007

Kraft i solnedgong


Kan jeg si det kalles solnedgang
eller er jeg da dum
i kveld er det bare avbrutt hav
og begynnende himmel
snart eier horisonten seg selv
det kalles solnedgang


Inger Johanne Brunvoll

Sein solnedgong på Staveneset - nesten halv tolv! Høgsommar...Avslapping - stressavløysing.

Tidlegare i ettermiddag tok eg meg ein tur med båten og tok x-antal bilder av den gamle linja og området gjennom Eidsfjorden for å studere dette nærmare.
Kvar linja til Lutelandet bør gå er eit ope spørsmål. Men eg har iallfall fleire alternativ til dei fullstendig meiningslause planane energiselskapa har. Kven er interesserte i krig...?
Kabalen er snart lagd. Alternativa er fleire. Klart det kostar - øydelagd natur har ingen pris.....!

Heldigvis er no folk starta å vakne. Mange har ikkje vore klar over dette store inngrepet i urørt natur - det siste her på Askvollhalvøya. Siste dagane har det difor strøymt på med tlf. SMS og mail over bekymra folk som vil ha meir informasjon. Det er svært gledeleg. Det er lettare å nå fram når vi står samla!

Eit veldig kjekt nytt bekjentskap i så måte er Kari Vevatne på Voss - sterk tilknytning til Gjengedalen og må vel seiast. Ho har støtta opp frå første bokstav eg skreiv om dette. Takkar Kari - du er toppers - a woman of my style....:-)

Og no har eg 4 veker ferie...


Havet som stormar
havet som dormar
syng over øya sin dårande song
Havet som rullar
havet som sullar
voggar til guten sin eventyrsong

Kraft i Solnedgong

torsdag 28. juni 2007

132kv kraftlinje ved Nipebu?


Med utsikt frå altanen på Nipebu mot mogeleg trasè for kraftlinja i himmelsjå

Følgjande innlegg er sendt til Firda i dag:

I sin iver etter å tillegge privatpersonen Gustav Skaar motiv han aldri har hatt, gløymer den daglege leiaren for Lutelandprosjektet nesten kva saka dreiar seg om.


Og det er:
A: Greie ut ein alternativ sjøkabel for straumforsyninga til Lutelandet og syne kostnadane for folk.
Eller B: Velje minst muleg naturøydande trasè for linja frå Markevatn til Lutelandet.


SFE Nett, som har lagt fram meldinga og forslaget til konsekvensutgreiing for linja Grov-Lutelandet, har kalla inn til folkemøte, som dei er pålagde, nemleg for å diskutere kva linjeval ein er best tent med. Dei er i meldingsfasen i denne prosessen og skal ta i mot innspel til linja. Og det er sjølvsagt viktig at folk nettopp har det! (Vi som har synspunkt på linjealternativa kan ikkje kome i ettertid av utbygginga å seie at "slik skulle det aldri vore gjort"....).

At energiselskapa vel eit tidspunkt midt i ferien for folkemøtet, og med veldig kort varsel, fortel vel alvoret og hastverket for å få bestemt trasèen for linja.
Forslaget blir difor forsøkt gitt raskast mogeleg handsaming innafor byråkartiet og NVE.

Vi som er lokalkjende i fjellheimen på Askvoll-halvøya, og som har trakka mange par fjellsko her, ynskjer sjølvsagt eit ord med i laget når ein føreslær eit nytt stort naturinngrep. Vi er glade i området og vil kjempe med nebb og klør for at inngrepet er minst skadeleg for dei unike naturkvalitetane vi har lite vetta igjen av. Det betyr ikkje at vi er mot noko som helst på Lutelandet. Vi er sjølvsagt og interesserte i at Askvoll skal få betre straumforsyning – er sjølv lei når straumen stadig ”hikkar” i Stongfjorden.

At energiselskapa har dårleg tid for å få gjennomført prosjektet etter at Stortinget vedtok straumforsyning frå Lutelandet, forstår vi og.
Men det forsvarar likevel ikkje at linjevala går "over stokk og stein" les: over den flotte og urørte fjellheimen i vest. Det finst mindre øydande alternativ.
(Underteikna har to som er mykje betre enn dei skisserte og meiner absolutt desse er realiserbare).
Vil minne om uttrykket hastverk er lastverk.

Likeeins forsvarar ein ikkje eit nytt stort naturinngrep i urørt natur (INON) vest ved Nipebu, fordi ein då kan rive den eine, mindre 66kv linja gjennom Fossedalen. Her må ein prøve å halde tunga rett i munnen.

Korleis ein skal få gjennom konsekvensutgreiinga før 1.oktober - iallefall hvis ein skal køyre på skisserte alternativ, er eit stort spørsmål.
Her må inn fagfolk for å vurdere konsekvensane. Konsekvensutgreiinga må og kunne etterprøvast.

Difor lyt ein denne gongen pent ta naturinteressene med i bildet dersom straumforsyninga på Lutelandet skal kome på plass til rett tid.
Det er difor i alle si interesse at folkemeininga bli teke omsyn til.

Underteikna kan i så tilfelle godt tenke seg å sitte på altanen på Nipebu ilag med både dagleg leiar på Lutelandet og adm. dir. i Sunnfjord Energi og sjå sola gå ned over fjella i vest!

søndag 24. juni 2007

Kraftlinjer i himmelsjå


Ein stille onsdagsmorgon i Stongfjorden

Ut frå Alt 2 for den nye kraftlinja til Lutelandet vil deler av denne kome i himmelsjå på dette bildet frå Stongfjorden, teke onsdagsmorgonen. Den passerer mellom Størdalsstauren og Fanafjellet frå sørvest - ned Gjerdedalen aust for Dyrekula, austover til Stongsstølen og inn i Oslandsbotnen, før den føl Nordalen til Markavatnet. Som vi veit vi som er kjende, er det verhardt her oppe og dimmensjonane på master o.a. må visst vere ekstra store for å tole denne påkjenninga - iflg. forslag til konsekvensutgreiing.

(Kva med hjortejakta Arnljot, Arild, Grunde, Pål og Gisle - 30 meter ryddegater ved stølen og i Gjerda, anleggsvegar og leike, ja, og ikkje å forgløyme vedlikehaldet og då...)?
Ved dette alt. ynskjer dei dessutan skogsveg opp på fjellplatået gjennom Mannsskaret i venstre bildekant - der eg har DNT-merka løypa frå Stongfjorden mot Nipebu. . . !!
Blir vel noko liknande som opp på Botnastølen kan eg tenkje meg....
(Eg blir så eitrande forbanna at eg lyt ta meg sjølv eit godt tak i nakken)!

Det er elles so utkrope at ved dette alt. er det lettare å kople seg på med krafta frå ein eventuell vindmøllepark på Staveneset - nesten rett over hovudet på meg.
Planane her vil dei truleg sende melding på denne sommaren!
(Frå eit tidlegare innlegg i avisa veit vel dei fleste kva eg meiner om dette).

Og her må det til nok ei ny stor kraftlinje i turterrenget ved Toreheia, Krækavatnet (forbi hytta di Lasse?), Indrevågefjellet, Skylefjellet, Blåfjellet, forbi Grimlia og ut på Høgeheia og Staveneset. Det blir nok ein full pakke - no på nordsida av Stongfjorden! Eller kanskje dei då vel kabel over fjorden og ny kraftlinjegate opp Størdalen for å koble seg på ved Størdalstauren?

(Då har kraftbransjen greidd å perforere Stongfjorden i alle himmelretningar med utbyggingane sine....)
For den noverande 22kv trasèen kan dei sjølvsagt ikkje bruke, for den går 10 m nedom huset mitt og ut fjorden - og sjøkabel er jo så kostbart så.... Eg har dessutan ein 7-åring i huset, og strålinga og leukemifaren er t.o.m NVE oppteken av no!

(At eg har levert inn MPen min i HV er ein tabbe...ser ut til at det blir lite søvn framover)!

Men tilbake til alternativ 2 til Lutelandet! Den tilseier at vi på nordsida av Stongfjorden kan sitte heime i sofaen og studere utviklinga til kraftlinja i himmelsjå i sør jmfr. bilde...! Tru om tyskarane set pris på den...

Dette er sjølvsagt totalt uakseptabelt - i likskap med alternativ 1 med dei 4 under-variantar, som går over fjellet lenger aust ved Nipebu og vestover gjennom bebyggelse i Askvoll.

Nei, her er det kun sjøkabel som kan forsvarast....Alternativa SFE og Sunnfjord Energi har kome opp med inne på skrivebordet i Førde med linjala si, er som å velje mellom pest og kolera! Dei kan aldri aksepterast nokon av dei - eg er for glad i HEILE området til det!

For i det heile tatt å kome til forhandlingsbordet må det difor vere ei viktig prinsipp at ein ikkje byggjer nye trasear i nytt terreng! Linjene går jo på kryss og tvers allereie i dag!

Får vi arbeidsplassar av svært miljøfientlege kraftlinjer til Lutelandet? (Eg kjøper ikkje argumentet om at vi sparer CO2 utslepp i Nordsjøen, når vi ser miljøkonsekvensane på land. Då får den sprekkferdige lommeboka dei har der ute opnast og få lagt herlegheita i kabel)!

Er det utvikling å øydeleggje siste rest av urørt natur?
For meg virkar det heile svært forhasta - løpegutar for oljeindustrien!

Eg er framleis i krigs - modus med delvis øydelagt helg....

Hugs møtet i Holmedal 2.juli kl 19 i samfunnshuset (neste mandag)

fredag 22. juni 2007

Livsfarlege miljøbomber


Utsikt frå Markahengenipa i mai over deler av område for mogeleg ny trasè for kraftlinje mellom Markavatn og Vagstaddalen. Vi ser Langevassheia og vestover gjennom Stordalen mot Vardenova, Porten og Stordalsfjellet.

Vedlagt ligg mitt lesarinnlegg i Firda 23.06

Med fare for å hisse på meg visjonære industri-eventyrarar på Lutelandet, og gamle kraftsosialistar i miljøsinken Arbeiderpartiet, vil eg likevel få kome med nokre merknader til nye kraftlinjer til Lutelandet. Det blir sikkert oppfatta som å banne i kyrkja ved å ha innvendingar til noko der ute. Men eg gjer det likevel.

Som vi veit er det under planlegging ei 132 kv kraftlinje til Lutelandet frå Hålandsfossen i Dale. Denne linja, med 30 meter breie gater, vart banka gjennom i Fjaler kommunestyre utan større motsegner. Ei takk går likevel til Venstre og Gudmund Solheim, som såg ut til å vere dei einaste som heva ei kritisk røyst til dette øydeleggjande og farlege naturinngrepet.

Men det sluttar ikkje her.... Eller rettare sagt – det startar vel her! For som ei følgje av denne linja, er det no under arbeid ei linje til på motsett side av Dalsfjorden! Ein treng visst dobbel mating av straumforsyninga til Lutelandet og vidare til Gjøa i Nordsjøen. SFE planlegg difor no å byggje om den eksisterande 66kv linja frå Grov i Florø til ei ny 132kv linje til Markavatnet, med vidareføring til Ringstad i Askvoll. Den skal så gå i sjøkabel til Lutelandet. Det er avhelde møte med grunneigarar i området og Askvoll kommune for å sjå på aktuelle linjeval. Og utruleg nok er det på tale og byggje ny gate over Langevassheia ved Nipebu, gjennom Vagstaddalen, Rivedal og Holmedal til Ringstad.

Askvoll-halvøya har tidlegare måtte betale ein høg pris i kraftbransjens namn. Vi har svært mange utbygde vassdrag innafor eit lite geografisk område. Dei ligg som grelle eksempel på ei naturøyding utan sidestykke. Som eksempel kan nemnast Markavatnet i Skjerlia, Øyravatnet, Svelivatna, Botnastølsvatnet, Oslandsvatnet og Stongsvatnet, i tillegg er Rivedalsvassdraget utbygt. Det går to(!) jamsides kraftliner (den eine skulle visst rivast for nokre år sidan, men det er sjølvsagt ikkje gjort… I tillegg ligg her fleire henslengde leidningstrommlar med sundrusta kraftleidning i sørenden av Krokavatnet etter den siste raseringa) over fjellet frå Markavatnet til Krokavatnet ned i Fossedalen og til Dalsfjorden.

Er ikkje dette nok her ute? Skal vi ikkje lære av gamle synder? Skal kraftbransjen få herje på vidare som dei vil, med økonomi som einaste tanke… og få ruinert den siste rest av urørt natur på Askvoll-halvøya? Med ei enorm ny linje over Langevassheia, ned Vagstaddalen til Rivedal og Holmedal? Gjennom eksisterande busetnad vestover… for å tilfredstille oljebransjen sine kraftbehov?

Sett ut frå allmenne synspunkt, er ein ny trase over fjellet totalt uakseptabel. Likeeins, hvis ein vel Stordalen eller Norddalen vestover mot Ringstad.
(Hallo folkens – wake up) !

Kortfatta

Indre Sunnfjord Turlag har turlagshytta Nipebu ved Langevassheia. Det er lagt ned eit enormt arbeid med å merke tilførselsstiar til hytta frå Stongfjorden, Rivedal og Markavatnet. Rutenettet er del av den framtidige ”Hav til Bre” satsinga til Turlaget. Nipebu hadde i fjor om lag 500 overnattingar og eit stort antal dagsbesøk. Området er flittig brukt av skuleklassar.

I fjor sommar vart fleire fjellvatn opna for fiske igjen i det aktuelle utbyggingsområdet etter å ha vore fisketomme. Jakt og Fiskelaget i Askvoll har lagt ned over tusen dugnadstimar med kalking og utsetting av ny fisk dei siste 5 åra for å få vatna på fote igjen. No kan ålmenta hauste fruktene av dette arbeidet.

Når det gjeld fugl, er her fleire par smålom, som er rødlista, ved «dei 1000 sjøars land» kring Nipebu. Bestanden er oppsiktsvekkande og har auka dei siste åra! Det er rikt dokumentert at rovfuglar, svaner og lom er spesielt utsette for kollisjon mot kraftlinjer. Ei ny stor kraftlinje over Langevassheia er drepen for lomen og ørna.

Gjennom ”Fylkesdelsplan for arealbruk” er det aktuelle utbyggingsområdet difor regulert til friluftsliv. Føremålet med planen er å sikre frilufts- og rekreasjonsområda mot arealinngrep som er i strid med denne.
Naturkvalitetane er udiskutable, og ei ny stor kraftlinje går ikkje i hop med denne overordna planen!

Dessutan, ein mogleg ny trase over Langevassheia vil brøyte seg veg gjennom område som i dag er inngrepsfrie (INON). Mange lokalitetar har fleire kilometer til tyngre tekniske inngrep.

Eit viktig moment er vidare at Kyllaren og Askvika ved Ringstad er verna etter naturvernlova. Området er oppretta for å bevare naturverdiar av nasjonal betydning. Noko slags form for kabling, graving og kraftlinjespenn her er uaktuelt i utgangspunktet

(Kraftlinja krev konsesjon og detaljerte motsegner mot linja vil sjølvsagt bli utarbeidde).

Den nye 132 kv kraftlinja frå Markavatnet til Ringstad vil og måtte gå gjennom område med busetnad (Rivedal, Holmedal eller Stongfjorden). Som vi veit doblar risikoen seg for leukemi blant barn som er utsette for stråling frå kraftleidningar (og her er heilt andre stråleverdiar frå den nye linja enn gamle 22kv linjer.) Eitt av seks barn vil i tillegg til eksisterande tilfelle difor utvikle blodkreft. (Kjelde NVE si nettside og internasjonal forsking).

Helsefarane med stråling frå kraftleidningar vart utmerka sett i pennen av frk. Eiken vedrørande linja frå Hålandsfossen til Lutelandet i eit tidlegare nummer av avisa.

Kva skal vi så gjere for å tilfredsstille alle partar mot denne potensielle miljøbomba? Eller kan vi tilfredsstille alle partar?

Det beste hadde sjølvsagt vore at den nye 420 kv Monsterlinja gjennom fylket frå Fardal til Ørskog blei lagt i sjøkabel, og kunne forsyne Lutelandet på veg til Møre. Då løyste ein to store miljøbomber på ein gong! (Men her er vel tida for knapp)?

Sekundært, at den nye 132 kv linja blir lagt i sjøkabel frå Grov i Florø, går oppom stasjonen på Markavatn og vidare til Lutelandet.
Linja må leggast i sjøkabel likevel over Vilnesfjorden, ja, og vidare til Gjøa. (Då er det plutseleg ikkje snakk om kostnad)!
Kan det passe betre geografisk nokon stad med ein sjøkabel enn frå Grov i Florø til Lutelandet? Det er jo strake sjøvegen ned….

Den ekstra kostnaden dette medfører bør kraft- og oljebransjen sjølv bere, gjerne i samband med subsidierte nettavgifter frå staten. I eit land der pengane fløymer over breddene må vi ha råd til ein sjøkabel!
Framtidige generasjonar vil såleis takke oss for å vere framsynte.

Ein går ikkje baklengs inn i framtida – gjer ein vel?

Eg vil oppfordre Den Norske Turistforening, Naturvernforbundet og aktuelle Velforeningar og andre som er glade i naturen og helsa vår om å komme på bana i denne særs viktige saka!

onsdag 20. juni 2007

Morgonstund har gull i munn


Eg har mange veldig flotte naturmotiv på veg til jobb i Førde. Så i dag køyrde eg heime i frå i halv sju tia og tok med meg fotoapparatet for å ta nokre bilder i den tidlege morgonsola. Kommentarar til bilda er vel ikkje nødvendig...
Morgunstund har gull i munn

tirsdag 19. juni 2007

Havblikk blant holmar og skjær


Nok ein suveren kveldstur ute i havgapet. Blikkstille hav blant holmar og skjær i solnedgong. På slike kveldar må naturen her ute fortone seg som reine paradis for ein turist...
Kveldstur i havgapet

mandag 18. juni 2007

Gressenkemann på rullesteinstrand


Godt lege på kvite, runde rullesteinar

Eg tok ein liten tur ut fjorden med båten i kveld for å nyte havet og sola på mi "hemmelege" strand. Når eg seglar slik med kveldssola midt imot i vest, minner det meg om avslutninga av ein cowboyfilm der ryttaren rir inn i solnedgongen.

Det er som om tida står stille når eg set meg ned på rullesteinstranda mi ei stund. Her kan eg la blikket vandre over horisonten utan stengsler og tankane fritt få fare....!
Ut hit skal eg reise mange gonger i sommar. Ta med Peter og teltet, krabbeteiner og fiskeutstyr og verkeleg nyte salt sjø, sommar og badeliv. Tykkje eg kjenner lukta av nykokt, fersk pale på bålet i solnedgongen...nesten so eg blir heilt romantisk av dette....:-)

Kveldstur på sjøen

søndag 17. juni 2007

Miniputt-turnering på Sande


Flotte gutar f.v Fredrik, Peter, Richard, Nicolai

Vi reiste til Sande i dag kl 0930 og hadde ei kjempekjekk miniputt-turnering i fotball. Eg måtte leie Peter og gutane ovanfor i kampane sine, då det var litt kaotisk med speletidspunkt og få lagleiarar som hadde møtt opp. (Då fekk eg heldigvis gaule og heie på dei så mykje eg ville...:-)
Det gjekk ikkje verre enn at gutane vann alle kampane sine og fekk utdelt velfortent diplom...:-)
Turneringa slutta i 1630 tia og vi var heime igjen før 18.

I dag har eg hatt mindre smerter i kneet enn tidlegare. Kneet er heller ikkje særleg håve lenger. Trur kanskje eg skal prøve meg forsiktig på ein tur på Blåfjellet i morgon etter jobb utan å røyne det for mykje nedatt. Vi får sjå - kan hende eg skulle venta til tirsdag - eg er iallefall meir optimistisk no enn før helga!

I morgon tidleg reiser resten av familien, høvesvis til Oslo og Danmark og blir vekke til neste laurdag, medan eldste guten lyt på jobb igjen og klare seg åleine heime ....!

Miniputt-turnering på Sande 1706

Peter nr 3 f.v

lørdag 16. juni 2007

Rekonvalesenstid


The Captain

Traff Arild på sin faste haldeplass-båthamna-i dag tidleg. Han putla vel med eit eller anna til Shetlands-turen. Vi utveksla dagleg rapport frå sjukejournalen - han med skulder, eg med kne.. Kva blir det neste... hode, skulder, kne og tå?

Eg ville ta meg ein rask tur på Hollevikflua på floa og før nordavinden sette inn. Hadde ein fin og ganske varm tur ut dit. På flua låg allereie to små plastbåtar med tyske fisketuristar. Eg fekk meg ein bra lyr med det same eg kom ut og tenkte at aha no skjer her visst noko...Men akk og ve og som vi seie inne i Dale - nasefiskje. Då dei tyske turistane køyrde sin veg og i tillegg ein gamling hadde dorga seg fram og tilbake nokre gonger og også drog att, fann eg ut at det berre var å snu nasen heim igjen. Anten har eg vore her tre gonger no på feil tidspunkt eller so er denne fiskeplassen oppskrytt! Eit tredje alternativ er sjølvsagt at her ikkje er noko særleg med fisk langs land lenger. Den minimale sjøfuglestanden vi ser er vel eit resultat av det.

I morgon ser det ut til at det blir miniputt-turnering i fotball på Sande. Kan jo vere ei grei avkobling når kneet mitt likevel må få ro.

Neste veke blir nok ei løya veke. Olaug og Marie reiser til Danmark og klassetur med 10. i Askvoll. Peter blir med til Oslo til Håvard og Miriam. Eg blir difor åleine i huset til neste lørdag. Det vil bli både stilt og uvant.
Får satse på eit par mindre turar etter jobb når eg er ferdig med kuren for å teste tilstanden på kneet...

Rekonvalesenstid

onsdag 13. juni 2007

Dårleg kne og turdraumar

Legen fnyste av meg då eg nemnde 14 timars tur lørdag og søndag. Ei vekes voltaren-kur for betennelsen og MR rekvisisjon på sjukehus vart resultatet av litt knåing og vridning på benken nede i Askvoll. Eg hadde så vondt i kneet og foten etter "behandlinga" at tårene nærast sto i augekroken då eg køyrde på jobb til Førde etterpå. Det er berre å innsjå at sjansen for at eg får gå Stongfjorden-Bygstad til helga er små...Men det er no nokre dagar igjen. Eg kan jo kanskje prøve og eventuelt avbryte og, men eg veit ikkje når det er så usikkert..og så er det 14 dagar til Blegjaturen... Truleg er det ein meniskkade som plagar meg. Håpar iallefall voltarenen tek smertene og betennelsen ganske kjapt. Det er faktisk litt vondt å sove om natta og då eg i lengda aldri finn ei god nok stilling å sove i! Nei, dette er til å bli deprimert av og det går ikkje an...

søndag 10. juni 2007

Herlege juni...



Du sinnrike sommar! For ein fantastisk dag i Hollevika - langt til havs og badetemperatur på 21 grader! Kan du tru det? Er kloden so totalt ute av balanse? Vanskeleg å forstå uten...

Då er det lettare å spele fotball med ein 7-åring.

No lyt vi ta tak både du og eg for naturen vår..!


Herlege juni

lørdag 9. juni 2007

Suveren naturoppleving - null fisk!


Ja, eg fann fiskeplassen på Hollevikflua til sist..var visst nesten halvveges til Førde - totalt ute av kurs etter medet til Arnljot! No var det visst ikkje so mykje betre med Arilden sitt..Ambassadeuren min - 7000 sådan - hadde nesten ikkje snøre igjen! Vel, eg spola no inn før ho var tom då....
Eg vart jo so fint fortalt av Arild at djupna på Hollevikflua var 14 meter..Eg var nesten slutta å tru på fyren då eg låg og logga etter medet der inne. Ja, Skålefjellet og 1/3 av det såg eg heile tida, i skaret på Hollevika og - den raude staken og Kulten på linje - ! Men, fa,, - det var jo så djupt. Hadde karane sett i vinkel sist dei var her...?

Eg hadde egentleg gitt opp då fyren ringde (etter min SMS langt på dag - var det kl 0930?)
Han var jo litt forplikta, Arild, etter alle meda eg fekk i etterlagslaget til 50 fylte Sissel forrige helg - på altanen ut på natta! Trur du ikkje han ringde Oskaren i Hollevika - Arilden - og avstemde posisjonen min med han! Eg dorga no der fram og tilbake og såg etter meda...men, jammen fann vi fram til slutt. Frå staua til Arilden i Stongfjorden, Oskaren i Hollevika og utøvande forvilla "fjordbonde" på Stavfjorden..:-)
Vel, eg logga meg inn midt ute på Stavfjorden mellom Florø og Staveneset på 9 meter - 9 meter - utan ekkolodd...!

Eg hadde blitt fortalt at lyren sto klar til å bli henta på
Hollevikflua - berre å reise ut. Men, kvar var han - lyren?
Eg dorga meg rundt flua - pilka - på oppadgåande undersjøiske hamrar -ja, og nedgåande..ikkje f..jau, trur du ikkje det sat ein liten pinne til slutt.
Eg fekk no delt han opp og gitt dei forventningsfulle måsane som nesten var komne opp i båten av rein forventningslyst...!

Pokker ta-- var dette fiskeplassen eg var blitt fortalt så mykje om?
Eg kan no berre kasta med fiskestonga frå soveromsvindauget heime og få meir fisk... Nei, eg trur det er tyskarane som har teke heile lyrebestanden..:-)

Men so er det visst slik at Arild G. meiner at eg var eit par timar for tidleg - og at det var no eg skulle vore der...!

Er det ikkje likt seg? Rett stad til feil tid...eller omvendt...:-)


Fisketur?....kun naturbilder!

fredag 8. juni 2007

Juni-glede


For ein junikveld...Blikkstilt hav i synsranda...Det er snart hildringstimen! Ein liten fotosafari-time i Staveneset for å nyte skapelsesesverket måtte til..og litt bilder knipsast!

I morgon tidleg tek eg båten til havs. Har fått tips om nokre nye fiskeplassar og me som eg vil sjekke ut! I tillegg har eg kjøpt ny solkrem:-) Det blir ei fantastisk helg ser det ut til.

Eg satsar på å kvile kneet mitt til neste helg. For å seie det sånn: høgre kneet verke, er hove og eg klarar knapt å gå ned trappa på jobb uten at ilingane går gjennom heile foten! Har brukt noko betennelseshemmande krem denne veke. Trur det har hjelpt litt. Men Stongfjorden-Nipebu-Bygstad neste helg går eg!

Staveneset 0807

torsdag 7. juni 2007

DNT-tur 1.juli


Frå turen 10.6 i 2006
Fossevikja – Blægja – Standnes

Søndag 1.7 tek vi den flotte turen på Blægja frå Fossevikja og Fossedalen til Standnes. Det blir sett opp eigen båt frå Eikenes til Fossevikja og frå Standnes til Fossevikja. Deretter vil båten frakte folk frå Dalesida over fjorden. Vi går opp Kleivane og føl den idylliske elva opp i Fossedalen gjennom gamal kulturlandskap. Frå Fossedalen går vi opp til Fossedalsvatnet og føl austsida av vatnet opp i Øvre Fossedalen. Stien vidare går innom deler av DNT-løypa frå Nipebu til Massbu og opp Eitreskaret på sørsida av Eitrenipa. Dette er ei litt tung kneik.
Frå toppen her ser vi innover mot Blægja og Storehesten. Det er og flott utsikt mot Krokavatnet, Heileberget, Fossedalshengenipa, Langevassheia og Nipebu mot vest. Lenger ute ser vi Atløya og øyane i Sørveret og Bulandet.

Vi tek deretter beint austover ranane på Blåegga og nord om Litlenipa til Blægjaskaret. Turen innover tek lenger tid enn det ser ut til frå Eitreskaret på grunn av forkastningar i fjella som ligg på tvers av gå-retningen. Frå skaret under Blægja tek vi opp egga på sørvestsida av fjellmassivet. Her er det litt luftig.

Blægja er det høgste fjellet på Askvollhalvøya med sine 1304 moh. Det er fantastisk utsikt frå toppen i alle himmelretningar. I vest kan vi sjå oljeboringsplattformer og øyane nord og sør om Bulandet (om veret tillet det), i nord ligg Florø, Bremanger og Ålfotbreen – i aust Jostedalsbreen og Snønipa og i sør Lihesten, Stølsheimen og fjella mot Bergen. Vi har elles fantastisk utsikt i alle himmelretningar gjennom det meste av turen.

Vi returner nedatt egga til Blægjaskaret og føl deler av den fantastisk flotte elva frå Blåvatnet til Kvanndalsvatnet mot sør. Naturen her er verna! Vidare går vi langs vatnet før vi på god sti tek nedatt til Standnes og Dalsfjorden.

Som alle ruter på Blægja er denne også ganske tung. Du bør difor vere i nokolunde fysisk form om du vil vere med. Vi reknar 8-10 timar på turen alt etter veir, pausar og deltakarar.
Ta med godt med mat og drikke.

Sjå elles eiga annonse.

Bli med då - mob 971 69 357!
Velkomen på tur!


Har "raska" i hop nokre bilder frå Blegja til eit lite samle album. Det nærmar seg DNT-tur 1.juli. Dette er ein fantastisk tur frå Fossevikja/Fossedalen til Blegja og Standnes - 10 timar i nydeleg kulturlandskap, og barskt og frodig terreng med kjempeflott utsikt det meste av turen..! Alt på eitt brett.
Blegja_samle

mandag 4. juni 2007

Kalderasnipa og meir sauer


Sveitt fyr på Kalderasnipa 0406 kl 18.50

Du verden for ein fin kveld! Det var jo no ein skulle hatt ferie!(Eg skal ha 4 veker i juli og då kjem vel sørvesten med lågtrykk som står i kø...)
Suveren trimtur på Kalderasnipa i berre shortsen frå Eidsfjorden i kveld. I Eidsfjorden svir grunneigarane av vegetasjonen i lia oppover, så no er det grønt og frodig gras opp heile stigninga.

Sommaren er verkeleg komen i fjellet....Grønt og fint! Molteblomstene blomstrar høgt til fjells her ute. Særleg gledeleg var det no i kveld å sjå ein flott flokk med sauer som beitte oppe under fremste Kalderasnipa. Så lite sauer som det er igjen i fjella, gjer at eg set veldig pris på og føl med dei som er her.
Mange har kvitta seg med sauene berre på nokre få år - forferdeleg trasigt - då sauene kan halde attgroinga på avstand!
Myndigheitene skulle så absolutt teke dette problemet meir på alvor og subsidiert saue- og geitehaldet på ein heilt annan måte enn i dag. Miljødepartementet skulle gått i lag med Landbruksdepartementet for å satsa i storskala på dette...Til og med på snaufjellet ser vi at småbjørka no får fotfeste. Dette fører til ei innsnevring av biotopar for fugl og dyr som i dag lever over skoggrensa. Truleg har vi vel snart ikkje snøsporv og fjellrype igjen! Skremmande - eg blir nesten mørkeredd---mest på Peter sine vegner!

Den globale oppvarminga må stansast, det vil jo ta tid, så difor er det uhyre viktig å få behalde beitedyra i fjellet no!
Vern om saue og geitebonden!

lørdag 2. juni 2007

Kvalsafari


Sauen saknar folk!

Har fått eit par tilbakemeldingar frå folk som ikkje bur i Stongfjorden lenger som ynskte seg nokre bilder frå gardane langs strendene utover fjorden. Så eg tok meg ein tur med båten i dag i goveiret og knipsa litt utover. Eg snudde ved Midtfjordskjeret nord om Værlandet. Mykje av bilda er tekne i fart og er vel ikkje av allverdas kvalitet. Dei gir vel likevel ein peikepinn på den flotte fjorden vi har med busetnad ikring, gardane og havgapet.
Det er sommar i lufta så i morgon får vi sjå om ikkje det blir fjelltur!

Safari 0206


Olaug, Arent, Kirsten og Peter har vore på Kalderasnipene
Slitne turfolk!

fredag 1. juni 2007

Ein liten opptur



Etter ei mentalt og fysisk tilbakeståande pinse som kulminerte med to dagar i senga og fullstendig ryggkollaps, tok eg sjansen på ein tur på Blåfjellet i går kveld - og heldigvis viste det seg at eg ikkje vart verre etterpå. Turen opp var sveitt og tung då sikkert to nevar med paracet skulle ut igjen av kroppen...så no reknar eg med det skal gå betre framover...
(Trur det var to timar med fotball på skuleplassen med Peter etterfulgt av turen til Kalderasnipene i tynn ulltrøye med snødriv på toppen som tok helsa nokre dagar. Det er ikkje alltid ein klarar å halde varmen med å springe....)
No har eg endeleg fått fatt i skoa eg ville ha - frå G-Sport på Sandane - omvendt handelslekkasje:-) Var i kontakt med importøren av La Sportiva, Atello, som tipsa meg om ei kjekk og serviceinnstilt dame, Olin Henden, som fiksa ynskja mine lett! Takk og til litt kurerverksemd i banken...! Ein får til det ein vil!
Så no er eg den stolte eigar av eit par flunkande nye La Sportiva Glacier EVO GTX og La Sportiva B5. I tillegg kjøpte eg meg Arcteryx Theta jakke. Kvalitetsvarer som det sømer seg ein nyfylt 50-åring.

Til helga får vi besøk frå Bergen, men reknar med det blir anledning til ein fjelltur for det - meldingane ser jo lovande ut!