torsdag 17. mai 2007

Å hei! å hi! å ti-ri-li-ti- å ti-ri-li-ti-ri-li-ti...


Og vesle Lerka,
ho hev det so,
at finn ho ein Tuve- Topp
fri fyr Snjo,
So kved ho i
med sin gladaste Song,
--- so trur ho på Vaar
med ein einaste Gong.
Å hei! å hi! å ti-ri-li-ti- å ti-ri-li-ti-ri-li-ti...


Vi vakna til ein strålande 17. mai. Morgonsola bada fjord og fjell i gull!
Eg såg allereie føre meg skinande bunadsøljer og nystrokne, kvite forkle....

Eg måtte berre ta meg ein tur ned på kaia og ta nokre bilder - det er ikkje ofte fjorden ligg blikkstille og blenkjer 17. mai....Og med den morgonsola i aust, er det berre praktfullt - som eit prospektkort frå National Geographic Society som har kåra dei norske fjordane til reisemål nr.1 i verda...Forstår vi dette vi som bur her - og har det (nesten) slik kvar dag?

Tradisjonen tru var det springing for ungane bak skulen som starta den offisielle dagen. Litt god konkurranse på morgonkvisten. Ungane likar dette like godt kvart år...
God drøs vart så avløyst av meittande rømmegraut med spekemat eller betasuppe. Så var det å gå laus på kaffi og kaker. Folketoget deretter gjekk rundt bygda i strålande ver og lindra fulle magar...

17. mai talar i år var Malmfrid Stang. I ein engasjert, tidsrett og god tale tok ho føre seg viktigheita av å vere patriotar i små bygder. Likeins å ta vare på kultur, organisasjonsliv, eit levande sentrum, og ikkje minst sjå trugsmål mot naturen som m.a vindmøller representerer mot natur og kultur på Staveneset.
Malmfrid tok så føre seg Per Sivle og hans forfattarskap og liv.

Det gjekk vidare slag i slag med musikkinnslag frå skulen, Fjorddur og allsong. Deretter hadde vi ein lang seanse med utdeling av premiar for store og små for springing, skyting, pilkast, hestesko, tipping i fleire slags variantar, natursti og eg veit ikkje kva. Programmet for dagen vart avslutta med flott sang av Liv Stang, Jorunn Gjerde og Jermund Ølnes på trekkspel. Jermund song så inderleg ekte solo etterpå. Utkledde damer sette tilsist endeleg punktum med sang om kvinners evige dilemma - slanking - før det var tid for kaffi og kaker, igjen, for dei som ville sitte attepå (trur det var mest damer)....:-)

Vi må berre takke for godt program for dagen, flott leia av konferansier Knut Løfsnes. Likeeins må maten nemnast - profft tillaga av Roy Ove Wiik.

Vi hadde ein alle tiders 17. mai - for min del sveitt avslutta med ein "rask ein..." på Blåfjellet i kveldinga..kakene fekk vere i denne omgang...:-)


Sjå dagen i bilder her
17. mai 2007

Ingen kommentarer: