mandag 9. april 2007

Kanonavslutning på påska 07


Markahengenipa 9/4 kl 1430

Eg vakna i 6 tia og såg at det var overskya ute. Men det var ikkje noko tjukt skydekke oppe i fjellet og ute ved havet var det ei god lysning i skydekket - dette er alltid eit godt teikn. Eg var likevel litt i stuss om det vart tur. Eg sende difor ei melding til Agnar om kva han meinte, men der var det ingen svar. Eg la meg ned på igjen ein halvtime for å sjå korleis det såg ut då. Det var mykje lysare i halv 7 tia, og eg skimta blå himmel. OK - her var det berre å pakke sekken.

Eg prøvde Agnar igjen, men endå ikkje svar! Merkeleg...eg tok og ringde, men berre mobilsvar. Hadde han gått heilt i hi....? Vel, eg blanda meg ei skål havregryn med banan og litt syltetøy oppi og heiv innpå. Då ringde Agnar at han hadde forsove seg. Vi bestemte oss likevel for å gå. Dagen var lang og eg kunne roe meg ned med ein kopp kaffi til.

Vel, i 8 tia henta eg Agnar i Skjerlia der vi sette att bilen hans, og så køyrde vi i Oslandsbotnen med min. Veiret hadde letta heilt opp, men det var sur vind oppe i botnen i 08.45 tia. Vi sette fellane på skia med det same og sette opp bakkane for å få varmen i oss.

Det hadde snøa ein del siste dagane - diverre hadde det regna heilt til topps her ute i går, slik at føret ikkje var av det beste. Den nye snøen hadde eit lite skarelag øverst som gjorde det vanskeleg å svinge.
Det gjekk greitt opp bakkane til Porten, siste bakken opp er ein liten test. Bratt og isete som alltid. Då vi var komne på toppen sør om Porten skya det godt til. Som bilda viser var det ganske tjukk skodde på toppen av Vardenova noko høgre, men ikkje verre enn at vi fann det forsvarleg å gå opp.
Det gjekk greitt og vi skar inn att høgdedraga mot Nipebu på sørsida av Stordalen. Det var framleis noko skodde, men denne var ikkje noko problem..Verre var det med det flate lyset vi fekk etter at sola forsvann. Totalt Whiteout! Det gjorde det nesten umogeleg å køyre unnabakkane. Vi såg ingen ting!! Vi måtte berre ta tida til hjelp innover mot Nipebu.

Etter kvart kom lyset seg igjen og det klårna skikkeleg flott opp når vi nådde Nipebu. Vi tok oss nokre velfortente skiver der inne og fekk skifta noko gjennomsveitte klede.

Vi tok oss så inn Langevatnet og Nipevatnet. Her var veiret suverent. Noko nysnø innover gjorde at vi skifta på å lage spor.
Ved snarvegen opp til Markahengenipa sette vi igjen sekkane og skia og gjekk til fots ut ryggen på nipa. Her ute bles det bra
opp frå sør som meldingane hadde sagt, så vi tok berre nokre bilder på toppen før vi snudde ned att på Nipevatnet. Vi bestemte oss for å gå den vanlege ruta og skrinnla å gå i Skjerlia. Vi hadde allereie brukt meir tid enn vi trudde.

Turen til Markavatnet gjekk greitt. Det låg bra med snø, så vi kom oss ganske fort ned. Vi køyrde så i Oslandsbotnen igjen og plukka opp bilen min. Turen tok omlag 6 timar.

Kjempeflott avslutning av påska - 2.påskedag er ein sikker vinnar!

Kanonavslutning på påska 07

1 kommentar:

Susan Williamson sa...

I just love looking at all the photos on your blog Gustav...I think my favourite so far is the reflection of the mountain in the water you posted on April 3rd.
P.S. I hope you've recovered from your operation.