torsdag 12. april 2007

Hektiske post-påskedagar


Blåfjellet 12/4 kl 1910

Det har vore rimeleg hektisk på jobb etter påske. I tillegg hadde vi ein workshop vedr. kundesenter, som det heiter på fint, onsdag kveld, så det har vore lite fritid.

I ettermiddag hadde vi og møte med potensielle hollandske innflyttarar til Stongfjorden. Vi i styret i eigedomsselskapet (som leiger ut forretningslokala i Stongfjorden) hadde såleis eit svært sympatisk bekjentskap med eit hollandsk par i grendahuset i stad. Dei har vore her sidan tirsdag og reiser igjen i morgon.
No er det berre å krysse fingrane for at dei kjem her med familien sin på 4 til hausten.

Eg fekk likevel tid til ein rask mosjonstur opp på Blåfjellet i kveld. Gjorde utruleg godt å få sveitte ut litt stress...:-)
Det var reine konserten med fuglesong opp lia til Rinda. Spesielt måltrasta, raudvingetrasta, svarttrasta og raudstrupen var svært aktive i kveld. Ååå, det er så kjekt å høyre fuglesong om våren...!

Det ser ut til at det blir knallveir til helga. Då står alle mogelegheite opne...! Er det råd å tenkje på Blegja igjen? Kneet mitt er mykje betre...! Det hadde vore fantastisk å fått skikkeleg temperatur og veir til å gått ut over der no. Vi får sjå i morgon kva dag som blir best....

1 kommentar:

AG sa...

Den som hadde energien din hadde ikkje bruk for piller.
Tapp han og selg han på flaske og du skal få ein alderdom(når den ein gong kjem)i sus og dus.