Facebook

mandag 30. april 2007

Tur til Bergen 27-30/4


Frå ekspressen til Askvoll igjen i dag tidleg

Det var kø- laaang kø, kilometervis...Vi var komne til Åsane og Vestlandshallen i går for å oppleve Roger Waters (Pink Floyd). Billettane var utselde.. og hallen har plass til 10.000 menneske.
Korleis alle som sto i køa kunne få plass inne i hallen står endå for meg som ei gåte.
Og inne var det varmt, frykteleg varmt, sveitte kroppar og øl! I pausen flaut det med plastbeger og folk såg ut som dei hadde bada...så varmt var det! I tre timar, ståande... varde konserten...
MEN, det var verdt kvart eitt minutt. For maken til konsert! For ein surround lyd, for eit lysshow! Det er vanskeleg å finne ord på opplevinga - du måtte ha vore der! Frysningane ned etter ryggen tok aldri slutt...Tårene trilla gong etter gong...Det Roger Waters serverte oss frå tia si som musikar i Vestlandshallen i går var berre eineståande, og ja, spesielt Dark side of the Moon. Ingen foran, ingen ved siden...!
(Sjølvsagt fekk vi ikkje filma eller ta bilder, men eg knipsa likevel nokre mms av dårleg kvalitet).

Helga elles bar nesten preg av sydenstemning i Bergen. Eg klarde jo å runde dei halvt hundre medan vi var der...!!
Vi var så utruleg heldige med veiret. Kunne ikkje vore betre. Fleire dalingar hadde funne same vegen denne helga og, så det var storkos på Torgalmenningen, i Logen, Ricks etc. Helga var berre umåteleg rik på opplevingar som det går alt for langt å komme inn på her (noko lyt no få vere hemmeleg og...:-))

Tur til Bergen 27-30/4

MMS Waters i Vestlandshallen

Heimeside Roger Waters
MMS Grady på Ricks

Heimeside og bilder av Grady

søndag 22. april 2007

Vann...vittig tur til Smørkletten


Storm på Smørkletten 2204 (MMS)

Sjølv om det regna godt, tok Olaug og eg turen ned på Smørkletten i Askvoll. Her ligg ei poengbok:-) Sjølv om fjorden låg ganske stille nedom huset, såg eg at det bles kraftig oppe på Yndestadfjellet (når elvane går sidelengs oppe mot platået, og duren til vinden når oss heime - bles det i høgda på Askvoll-halvøya. Dette er og eit godt teikn på at veiret held på å bli dårlegare)! Så ekstra hue og hanskar var nødvendig å ta med.

Det var no endå ikkje så gale nede i Askdalen. Men det striregna og elvane var digre og gjekk over stien mange plassar. Skodda låg ganske tjukk mot toppane lenger oppe i dalen. Stien opp på Smørkletten er likevel så oppgådd at det ikkje er noko problem å finne opp (ved siste partiet der skodda låg som tjukkast var det og ein del snø som var lett å sjå spora i).

I den lange motabakken nedom toppen bles det alvorleg! Olaug ville snu, men så f...opp skulle vi når vi var komne så langt! Tøft var det, men eg rekna det endå som forsvarleg....
Og på sjølve toppen, som er veldig eksponert for vind, var det faktisk problem med å halde seg på beina! Vi måtte ned i kneståande fleire gonger....

Vi fekk skrive oss inn i boka... og knipsa eit bilde i ly av varden (Sjekk vindfulle auger med kontaktlinser og godt humør trass alt..:-)) Omgjevnadane var det ingen ting igjen av, for skodda hadde slukt alt rundt oss. Så vi knytte godt på oss alt av huer og hetter, for vinden sto midt imot, og sprang det fortaste vi vann ned dei same bakkane vi var komne opp.
Til palings over stokk og stein, sleipe og moldfylte grasbakkar, myrar og elvar...!

Det er ein opplevelse å gå i eitt med tøffe omgjevnader...:-)
Men du verden - det var godt med tørre og varme klede i bilen i Askvoll etterpå!

lørdag 21. april 2007

Blotslit til Markahengenipa


Motiv frå Grunnevatnet 21.4

Eg heldt på å gje opp fleire gonger i dag...gje opp å komme meg opp på Markahengenipa. Blodslit! Det låg sikkert 20 cm nysnø frå Krokavatnet og opp heile stigninga mot platået på toppen. (Her var mykje av snøen avblesen). På jamna laut eg slite med snø til midt opp på leggen oppover. Dette er sjølvsagt hardt i motbakkane. Andre stadar hadde fokksnøen samla seg sopass at eg brått sto til livet i snø og vel så det. Når sveitten silar, pulsen dunkar i skallen og du lurer på om du klarar neste steget, kan ein jo stille spørsmålet kva ein driv med.
Olaug påsto jo at eg var galen då eg vekte ho klokka 07 i dag og sa at eg var klar til å gå på fjellet. (Men eg har funne ut at eg faktisk trivst best med nokolunde same døgnrytmen heile veka...)
Det var meldt tilskyande ca frå klokka 12 så eg ville nytte goveiret (vel - sola skin no endå den -kl 16....)

Til topps kom eg meg - men, eg kjende det godt då eg sto ved varden i kald austavind ...! Nydeleg utsikt, blå himmel og grøne bøar i Skjerlia - i djup kontrast til ny, kvit april-snø oppe i høgda, flotte bilder....og klokka var vel 9 på morgonkvisten. Det er då ein har fått ein knallstart på dagen....!HERLEG!!

Vel, ikkje nok med dette...etter litt saft og "peanuttblanding" følte eg formen var sopass bra, då eg var heime igjen i 11 tia, at eg berre tok å bytte trøye og sette opp bakkane på Yndestad og tok med meg Blåfjellet i same snuren!
Smi medan jarnet er varmt...Snøen låg faktisk her oppe og, så det vart nokre fantastiske, kontrastrike bilder med snø, blå himmel og blått vatn og hav her og...! Motiva er rett nok dei same som før, men med forskjellig lys og årstid synest eg at dei er spanande likevel.

Markavatnet-Markahengenipa 2104

Blåfjellet 2104

tirsdag 17. april 2007

Bensin i Stongfjorden

MMS-foto av Arild Gjervik

Ja, anten du trur det eller ei så er den nye mobile, ubemanna bensinstasjonen i Stongfjorden ein realitet. Som du ser fylde eg den første tanken min med bensin her inne i stad! Eg kjem i hug uttrykket "kjerringa mot straumen" - få ting passar vel betre på uttrykket enn det å få ein ny bensinstasjon her, mange år etter at den førre vart nedlagt!

Eg må berre innrømme at eg var litt skeptisk til å begynne med når eg fekk fortalt planane. Eg har liksom ein innebygd skepsis i meg til å tru på ting som virkar for gode til å vere sanne. Pessimisme er ein dårleg egenskap vi slett ikkje har bruk for i grissgrende strøk...! Så her må underteikna gå ei runde til med seg sjølv...!

Skal vi ha noko framtid på bygdene treng vi optimismen...Alle lyt yte det ein kan for fellesskapet. Det set krav til oss som bur her! (Det er klart at det er mykje meir sytalaust å sitte i ei leilighet borte i Førde og aldri yte noko som helst for felleskapet, men du verden for eit kjedeleg liv!)

Vi må rette ei stor takk til Øen som har vist oss alle at det går an å få til noko sjølv "på den ydderste nagne ø"..... No gjeld det sjølvsagt at alle nyttar stasjonen!

Etter nok eit møte i Eigedomsselskapet om framtida til butikken i kveld, kan vi vel seie at optimismen rår her og. Vi satsar det som skal til for å få ein tidsmessig flott forretning. Vi håpar at ting fell på plass i løpet av juni og at butikken er oppjustert innan sommarsesongen startar. Går det som vi planlegg har vi gjort ein god jobb for bygda!
Deretter må vi berre sjå an kva hollendarane bestemmer seg for - her kjem jo fleire av same sorten dersom dei første som var her ikkje vil flytte og overta.
Dette er i høgste grad spennande. Skal vi oppretthalde små bygder som Stongfjorden treng vi tilflytting - og gjerne frå utlandet!
Dette er eg heilt sikker på bygda har godt av!

mandag 16. april 2007

Blåfjellet kallar....


Kveldsol i vårlege fjellbakkar i kveld (mms)

Tok ein trimtur opp på Blåfjellet for å sjekke boka etter Vestlandsrevyen (måtte få med meg den gledelege nyheita at vegkontoret vil byggje Dalsfjordbrua). Så eg skreiv meg inn kl 20 - dette er det seinaste eg har skrive meg inn til denne tid.
Det var eit par overraskingar i boka frå Askvoll dei par siste dagane - elles var det dei vanlege travarane som hadde kosta opp bakkane frå Grimelia...
Eg går alltid heimifrå Yndestad som er noko lenger enn frå Grimelia, der mange andre går. Eg tykkjer denne turen er flottare -og så slepp eg å løyse bilen. I helgane likar eg elles å ta med meg Toreheia etc før eg tek ut på Blåfjellet, for å få ei skikkeleg runde.

Solstrålane skein gjennom skydekket rett som det var her ute i ytre strøk i kveld, medan innanfor mot Toreheia låg det skodde og tungt skydekke.
God trimtur!

søndag 15. april 2007

Kaldrasnipene i Holmedal


Kjærlege og tenksame jenter med "sjokolade-Peter"...

Eg vakna som eit vrak i dag i 6-tia. Armane og føtene var stive og støle etter 4 timar på fjellet og 5 timar med å male/rulle butikk-taket i går. Kroppen var som ei sundetrakka ause!
Eg drakk opp glaset med vatn eg plar ha på nattbordet og la meg til å sove igjen - lite moa på å gjere noko som helst.
Olaug sto opp med Peter i 8 tia. Eg vart liggjande til halv 9.
Ved frukostbordet var ho bestemt på å gå på Kaldrasnipene i Holmedal. Det kunne vere koseleg med ein familietur dit så eg ville og bli med. Greitt å gå av seg noko av stølheita...

Med litt ulik døgnrytme her i huset vart Marie vekt i 10-tia.
(Det er jo langt på dag for eit A-menneske som meg som helst burde ha tatt ein fjelltopp på denne tid av døgnet!)

Vi kom oss no endeleg av garde og køyrde ned til vassverket i Holmedal. Vi gjekk så opp traktorvegen som vart bygd i forbindelse med vassverket og gjekk opp til Vikastølen. Stien herifrå føl dalsøkket vidare oppover til Nyksvatnet. Det er naturleg å ta ein rast ved hytta her etter ein halvtimes oppstigning. Elva som renn ut frå vatnet er idyllisk og nærast innbyr til friskt påfyll av fjellvatn! Plattingen på hytta vender og fint sørover med flott utsikt ned på Dalsfjorden, Bakkefjellet og Blåfjellsåta (sjå bilder).
Vidare til Kaldrasnipene tek du sørover og oppover same vegen som mot Dokka. Her er god sti opp stigninga.
I dalen rett under Dokka tek du beint vestover i staden for å ta siste ryggen opp Dokka. Etter eit kvarters gange opp bakkane ser du to toppar som ligg like ved sidan av kvarandre. Du er no komen rett aust om Eidsfjorden og Kaldrasnipene er dei høgste toppane her. Det er flott utsikt spesielt vestover og austover (i nord ligg Moldura og i sør Dokka). I vest ligg Askvoll, Atløy og Alden og i aust bl.a Blegja, Storehesten og fjella i Holmedal.
Turen gjekk veldig greitt for Peter, Marie, Olaug og meg og tok ca 3 timar.

I morgon er det 8 timar på kontorstolen igjen...kanskje like greitt etter ei ganske fysisk helg....:-)

Kaldrasnipene

lørdag 14. april 2007

Nordsida av Stongfjorden til endes...


Veldig flott tur i dag. Gjekk frå Osland og til Ytrevågefjellet-Toreheia-Skylefjellet-Blåfjellet-Yndestad. Turen tok ca 4 timar. Sjølv om det viste 13 pluss-grader på termometeret heime, var det ein ganske sur og kjøleg vind oppe i fjellet. Sola slo ikkje heilt gjennom dislaget før noko ut på ettermiddagen heller, så det gjorde godt med ekstra klede i sekken.
Terrenget på nordsida av Stongfjorden er fantasisk lett og fint å ta seg fram i. Gras og mose blir fort tørt av vinden og du kjem deg over tregrensa med ein gong.
I dag var ringtrasta og heiloen komen på plass for sommaren. Kjekt å både sjå og høyre. Heile 4 par heilo kom eg over på denne strekka i dag og det er veldig positivt!
Rypa har begynt å myte. Det låg kvit fjør etter henne mange plassar. Eg skremde opp eit par som eg nesten helt på å trakke på..Steggen skvaldra så høgt då dei flaug vekk at eg berre sto igjen å skalv etterpå! Utruleg kor ein kvepp i slike situasjonar..
Osland-Ytrevågefjellet-Toreheia-Skylefjellet-Blåfjellet-Yndestad

No er det snart tid for dugnad på butikken, så det er berre å gjere seg klar - igjen!


Jostein, Arild og Kjell Chr. held humøret oppe...mms foto


Tenk - vi er ferdig med taket på butikken - på ein kveld! Vi starta på dugnaden kl 15 og var ferdig kl 20 - og det med to strøk. Vi var jo tenkt å bruke dagen i morgon og, men vi vart ferdige på ein...Kjempejobb! Magni Rivedal kom akkurat med nybakte kringler og kaffi då vi var ferdige med eine strøket - snakk om timing. Dette gjorde at vi fekk siste piffen som skulle til for at vi tok det andre og! Takk Magni...Du lukta lunta.
No treng vi berre to personar i morgon tidleg til å ta seg av noko småtteri og rydde opp...
Honnør til Arild Gjervik, Jostein Hauge, Morten Vie, Kjell Chr. Carlsen, Liv Stafsnes og underteikna!

I kveld er eg så utslegen at eg ikkje har krefter til å tenke på fjelltur i morgon eingong. Har heller ikkje fått sjekka veirmeldinga. Blegja blir det iallefall ikkje - den får stå urørt for min del litt til..Mai er egentleg finaste tida å gå på ski der, så vi har god tid....
Trur eg vel å sove ein time ekstra i morgon...:-)

fredag 13. april 2007

Møte med revisor


Grøne museøyre og snøsmelting i Rørvika


Endeleg ser det ut til at alle formalia går i boks med "folkeaksjeutvidinga" til butikken i Stongfjorden. Flott og oppklarande møte med Pricewaterhouse Coopers her i Førde, gjer at eg no kan sove litt betre om natta! (Aksjelovens irrgangar er uransakelege... for menigmann).

I morgon startar vi med å måle taket i butikken etter at den er stengd i 3-tia. Vi håpar på god dugnadsånd og mange frammøtte. Elles er det eit kjekt oppslag i Firda i dag om hollendarane vi var i møte med i går. Sympatiske folk! Og som sagt vi får håpe og tru - ja, på godt veir og!

torsdag 12. april 2007

Hektiske post-påskedagar


Blåfjellet 12/4 kl 1910

Det har vore rimeleg hektisk på jobb etter påske. I tillegg hadde vi ein workshop vedr. kundesenter, som det heiter på fint, onsdag kveld, så det har vore lite fritid.

I ettermiddag hadde vi og møte med potensielle hollandske innflyttarar til Stongfjorden. Vi i styret i eigedomsselskapet (som leiger ut forretningslokala i Stongfjorden) hadde såleis eit svært sympatisk bekjentskap med eit hollandsk par i grendahuset i stad. Dei har vore her sidan tirsdag og reiser igjen i morgon.
No er det berre å krysse fingrane for at dei kjem her med familien sin på 4 til hausten.

Eg fekk likevel tid til ein rask mosjonstur opp på Blåfjellet i kveld. Gjorde utruleg godt å få sveitte ut litt stress...:-)
Det var reine konserten med fuglesong opp lia til Rinda. Spesielt måltrasta, raudvingetrasta, svarttrasta og raudstrupen var svært aktive i kveld. Ååå, det er så kjekt å høyre fuglesong om våren...!

Det ser ut til at det blir knallveir til helga. Då står alle mogelegheite opne...! Er det råd å tenkje på Blegja igjen? Kneet mitt er mykje betre...! Det hadde vore fantastisk å fått skikkeleg temperatur og veir til å gått ut over der no. Vi får sjå i morgon kva dag som blir best....

mandag 9. april 2007

Kanonavslutning på påska 07


Markahengenipa 9/4 kl 1430

Eg vakna i 6 tia og såg at det var overskya ute. Men det var ikkje noko tjukt skydekke oppe i fjellet og ute ved havet var det ei god lysning i skydekket - dette er alltid eit godt teikn. Eg var likevel litt i stuss om det vart tur. Eg sende difor ei melding til Agnar om kva han meinte, men der var det ingen svar. Eg la meg ned på igjen ein halvtime for å sjå korleis det såg ut då. Det var mykje lysare i halv 7 tia, og eg skimta blå himmel. OK - her var det berre å pakke sekken.

Eg prøvde Agnar igjen, men endå ikkje svar! Merkeleg...eg tok og ringde, men berre mobilsvar. Hadde han gått heilt i hi....? Vel, eg blanda meg ei skål havregryn med banan og litt syltetøy oppi og heiv innpå. Då ringde Agnar at han hadde forsove seg. Vi bestemte oss likevel for å gå. Dagen var lang og eg kunne roe meg ned med ein kopp kaffi til.

Vel, i 8 tia henta eg Agnar i Skjerlia der vi sette att bilen hans, og så køyrde vi i Oslandsbotnen med min. Veiret hadde letta heilt opp, men det var sur vind oppe i botnen i 08.45 tia. Vi sette fellane på skia med det same og sette opp bakkane for å få varmen i oss.

Det hadde snøa ein del siste dagane - diverre hadde det regna heilt til topps her ute i går, slik at føret ikkje var av det beste. Den nye snøen hadde eit lite skarelag øverst som gjorde det vanskeleg å svinge.
Det gjekk greitt opp bakkane til Porten, siste bakken opp er ein liten test. Bratt og isete som alltid. Då vi var komne på toppen sør om Porten skya det godt til. Som bilda viser var det ganske tjukk skodde på toppen av Vardenova noko høgre, men ikkje verre enn at vi fann det forsvarleg å gå opp.
Det gjekk greitt og vi skar inn att høgdedraga mot Nipebu på sørsida av Stordalen. Det var framleis noko skodde, men denne var ikkje noko problem..Verre var det med det flate lyset vi fekk etter at sola forsvann. Totalt Whiteout! Det gjorde det nesten umogeleg å køyre unnabakkane. Vi såg ingen ting!! Vi måtte berre ta tida til hjelp innover mot Nipebu.

Etter kvart kom lyset seg igjen og det klårna skikkeleg flott opp når vi nådde Nipebu. Vi tok oss nokre velfortente skiver der inne og fekk skifta noko gjennomsveitte klede.

Vi tok oss så inn Langevatnet og Nipevatnet. Her var veiret suverent. Noko nysnø innover gjorde at vi skifta på å lage spor.
Ved snarvegen opp til Markahengenipa sette vi igjen sekkane og skia og gjekk til fots ut ryggen på nipa. Her ute bles det bra
opp frå sør som meldingane hadde sagt, så vi tok berre nokre bilder på toppen før vi snudde ned att på Nipevatnet. Vi bestemte oss for å gå den vanlege ruta og skrinnla å gå i Skjerlia. Vi hadde allereie brukt meir tid enn vi trudde.

Turen til Markavatnet gjekk greitt. Det låg bra med snø, så vi kom oss ganske fort ned. Vi køyrde så i Oslandsbotnen igjen og plukka opp bilen min. Turen tok omlag 6 timar.

Kjempeflott avslutning av påska - 2.påskedag er ein sikker vinnar!

Kanonavslutning på påska 07

søndag 8. april 2007

Klisjeen ut på tur - aldri sur?


Agnar bydde opp til tur frå Osland-Vardenova-Nipebu-Markahengenipa-Skjerlia i dag. Vi skulle ta ei avgjerd i dag tidleg. Eg sende ei melding 06.30 at det var uaktuelt. Eg såg ikkje opp i Mannsskaret ein gong for snødriv, skodde og i tillegg gjekk fjorden ganske frisk nede. Etter eit par turar i nordakuling og snøbyer siste dagane, var lysta på å legge seg ned på igjen større enn dei tøffe forholda eg visste venta der oppe.
I tillegg er kroppen min ganske tappa etter mange fjellturar i det siste (merkar det spesielt på akutt lyst på snop og chips som eg vanlegvis styrer greitt unna...:-)).
Valget i dag var difor ikkje særleg vanskeleg.

I skrivande stund, ca 12, ser eg nesten ikkje over fjorden heller for snøføyka.

Dessutan - ein TRENG ikkje på fjellet - det går ei grense for alt!
Er ut på tur, aldri sur ein klisje...? Har vi lov å stille eit slikt uforskamma spørsmål i det heile tatt? Her er jo eit hav av mogelegheite å nytte fridagane til utanom å gå på fjellet! (Og det er ikkje å kome vekk ifrå at det er kjekkare der oppe nå veiret er nokolunde lageleg, sjølv om ein er aldri så macho....)

Tid for refleksjonar frå sofakroken....

Eg har difor funne roen med å sjå gjennom alt bildemateriale for helga (hovudet inn i PCen igjen...). Eg brukar å oversende ein del bilder til FotoKnudsen slik at det er trygt lagra. Har oversendt ei ladning i dag. Det er greitt å bestille bilda på vanleg fotopapir. Det er kjekt å ha dei i fotoalbum og - ikkje berre på PC. I tillegg veit eg at bilda er sikra for all ettertid når eg har dei på papir!
Dei seier at ein CD har maks 10-års levetid. Eg blir nesten redd ved tanken...

Eg lasta ned ein boks med 4 cdar med Jethro Tull i går kveld. Herleg å kose seg med essensiell musikk på PCen når eg elles jobbar på den. Eg har vel omlag alle LPane med gruppa, bortimot 2o kan eg tenkje meg, men kjekt å ha noko tilgjengeleg på PCen og!

Moralen med dette er då at det er godt å sitte i sofakroken ved peisen med ein god kopp kaffi og marsipan og kjenne middagslukta svive gjennom rommet.

Fjellet og vardane "mine" står i morgon og...:-)

Du herlege påskedagar!


DEL 2

Må berre innrømme det og krype til korset - 1.Påskedag! Etter at vaflar avløyste svineribbe og støynivået til ungane framleis var oppe under taket, måtte eg finne noko beroligande. Ja, rein dop var nødvendig då eg kjende lunta var i kortaste laget:-)
Så sjølv om det bles sur søraust vind og snøen var gått over til yr, veit eg at Blåfjellet t.d. er medisin i slike situasjonar...
Og nu går alt ting så meget betre..:-)

Agnar seier veret blir betre i morgon og ei stund ut over dagen..Vi får sjå i morgon tidleg igjen då - han er ikkje så lett å skremme den fyren.....:D)

lørdag 7. april 2007

Mellom nordabyene


Etter ein relativt mager pilketur med to mindre torskar som resultat, baud madamen opp til dans på Blåfjellet. Eg kunne nesten ikkje avslå...Men eg kjende fort i stad at eg var ganske sur i beina etter gårsdagen og fleire dagar på rad utan kvile.
Vel, no er det ikkje så langt opp på Blåfjellet, så eg heiv meg rundt. Surheita i føtene forsvann og ganske fort.

Det vart ein flott tur i nokre cm nysnø. Madamen var godt gira og eg hadde meir enn nok med å halde følgje. Fotograferinga gjer at eg og må ta nokre skikkelege intervallar inn i mellom for å ta ho att...

Sola stakk stundom fram i nordavinden og vi slo den neste bya heimatt med knapt eit sekund!
Herleg å sette seg framfor peisen igjen nydusja!
Engelen og Kong Vinter

fredag 6. april 2007

Vilt raseri frå nord i Porten



Eg vart advart til frukost i 7-tia. Det såg egentleg ganske bra ut. Men halvveges komen i havregrynsgrauten ser eg snøbya på veg inn fjorden.
Kva no...? Opp igjen på Blåfjellet og heim igjen før andre står opp? Kanskje Markahengenipa eller Vardenova/Portafjellet? Alt dette er så veiravhengig.
Men etter eit par koppar kaffi, dagsnytt og veirmelding vekkjer eg Olaug i halv 9-tia. Har bestemt meg for å prøve meg opp igjen på Vardenova.

Ser egentleg veldig greitt ut på Botnastølen. Nesten berre blå himmel. Sola stikk seg fram på Skålefjellet og Toreheia. Skal det bli slik ein perfekt dag...? Tanken om å vandre austover mot Nipebu og Markahengenipa etter turen på Vardenova slær meg.
Ja, verkeleg få full nytte av dagen. Olaug kan sikkert hente meg ved Markavatnet....

Optimisten....

Ved toppen av den lange bakken frå Botnastølen, oppe ved det små Portavatnet, ser eg ein fiolett himmel i nord. Javel, her er det berre å bu seg på snøbye... Oppe i stigninga mot Portaskaret veit eg om ein stor stein det går an å få livd bak. Eg når den akkurat før bya slær til for fullt..

Whiteout - fullstendig kvitt alt. Eg ser ikkje landskapen verken bak eller framfor meg. Her er det berre å roe seg ned og vente på at det lettar. Etter ein liten halvtime er eg beinfrosen. Tid å slå lens. På med tjukk gensar og ny vindtett jakke med hette..

Så heldigvis lettar det.

Eg held fram turen opp skaret mot Porten. Alt er kvitt. Det er svært vanskeleg å sjå konturane både i landskapen og snøen. På med Icer;s isbroddane mot toppen for her er det avblæse og hardt. Eg tek ein pust i bakken på toppen.

Sørover og opp resten av stigninga mot vest på Vardenova er det vel 20 minutt hvis eg gjer på litt. Men i nord trugar ein ny fiolett himmel. Bya kom svært fort forrige gong. Fortare enn eg trudde...
Søren og! Eg ser at eg ikkje når opp og ned igjen før den neste set inn. Truleg når den meg medan eg er oppe ved toppen. Det tek eg ikkje sjansen på. Skal eg avvente bya her oppe og halde fram mot toppen etterpå? Her er det nesten ikkje skjul å finne...

Svarte svingande! Det er inga skam å snu heiter det visst! Eg ser mot ein fiolett himmel i nord ein siste gong.. og peisar nedatt same vegen eg kom.
Minner sikkert om ei skadeskota bikkje med halen mellom beina...

Omlag ved same steinen som eg sat bak i stad får eg igjen ei voldsom snøbye med kulingkast midt i trynet. Somme stader ser eg att spora mine og har desse å gå etter...Så eg stimar ned igjen alle unnabakkane til Botnastølen, og kjem meg greitt i Oslandsbotnen og bilen.

No snøar det i fjæresteinane. Eg gjorde rett som gjorde vendereis i stad. Sjølve varden på toppen betyr ikkje alt. Den ligg der i morgon og...Det viktigaste er å kome seg heimatt med helsa i behold...

So no er det ganske komfortabelt framfor peisen ..:-)

Vilt raseri i Porten


Vilt raseri 2 på Blåfjellet (mms)
Vilt raseri 2

Det vart litt travelt å sitte timesvis i ro i sofaen heime etter lammelår og x-antal omgangar med Spar-Dama. Eg fann difor ut at eg like godt kunne stikke oppom Blåfjellet "og sløkkje lyset for kvelden" og sjekke boka.
Eg vart sjølvsagt (igjen) møtt av DEN vanvittige snøbya og kuling midt i fleisen rett oppom Rinda. Denne gongen hadde eg ikkje ekstra klede med meg, så her var det berre å koste på med det eg vann for å kome meg opp og nedatt. Bya varte heilt til eg var komen ut på Blåfjellet.

I dag har eg difor hatt min porsjon med dårleg veir. Vi får sjå kva morgondagen bringer, men noko godveir er ikkje i sikte med det første ser det ut til...

torsdag 5. april 2007

Olaug sine raspeballar

Gutta boys er nøgde f.v. Peter, Tor Ivar og Sander

Med smått og stort serverte Olaug raspeballar, pølser, svineknokar og kålrabistappe til 12 til middag i dag. Alle vart stapp mette på tungt fordøyeleg stoff....Eit par augeblikk var det faktisk heilt stilt då folket la innpå godsakene! Seinare vart det is med fruktcoctail og kaffi.

Det er ganske sjeldan vi er så mange samla innanfor husets fire vegger til middag. Det er sjølvsagt koseleg...men også ganske kaotisk til tider....:-)

Middag Skjærtorsdag

Skodde, regn og hylande vindar


To nye dagar og to nye mosjons-turar er unnagjort på Blåfjellet. I går var det under 10 meter sikt i skodda, stiv sørvestkuling og yr! Skikkeleg ufyseleg med andre ord. Og eg i berre trimklede. Eg brukar alltid ulltrøye (Devold) og vindtett jakke utpå. Det er lite på denne tid av året, men det går som regel bra når eg held god fart. (Har alltid sekken med meg med ekstra klede på litt lengre turar). Du sveittar mykje mindre med så lite klede. I går hadde eg heldigvis eit lag til med kunstfiber under. Det kom godt med for det var tøffe forhold oppe. (Blåfjellet som ligg ved Stavfjorden er så langt ute mot havet som det nesten går an å komme. Vindkulene her oppe røskar skikkeleg i veg!!)

I går tok eg meg og føre å sette opp vardar resten av vegen ut. Slik det var i går kunne det gått gale for kven som helst i den tjukke skodda som var. (MMS-bildet ovanfor er frå ein dag tidlegare. Det var mykje verre enn dette bildet viser). No er det ingen problem med å sjå frå varde til varde ut igjennom, då dei står med ca 10 meter avstand.


Eg tok meg ein morgontur ut i dag og. Stiv kuling og haglebyer gjorde turen til nok ein tøff opplevelse. Men mosjonen er god og søvnen får ein blåst raskt ut av augene (etter ein sjåførjobb på påskejammen i Askvoll i natt var augeloka usedvanleg seige å få opp i dag tidleg....)

I dag blir vi 12 stk til middag så då får vi håpe på nokolunde lageleg veir i morgon. Dette kan bli nok ei tøff oppleving...:-)

tirsdag 3. april 2007

Alle vegar er ein omveg heim


Markavatnet 3/4 kl 08.20

Motto i dag tidleg - inga tid å misse! Eg var ut ein tur på altanen og sjekka veiret i 05.30 tia. Ikkje ei sky på himmelen. Meldingane var tilskyande med vind mot kvelden. Så her var det berre å komme seg i gang! Det vil seie, eg måtte no vri meg i senga eit par gonger før det var forsvarleg å stå opp - her er litt forskjellig døgnrytme i huset etter at alle ungdommane er komne heim til påske....:-)

Men i 08.00 var alt klart. Havregryna var fortærte. Olaug var reist på jobb. Marie, som skulle vere barnevakt, var vaken og Peter hadde frukost i magen.

Ved Markavatnet var alt fryd og gaman. Vatnet låg trolskt og stille med ei ny tynn ishinne inne i vika. Dei første solstrålene spegla sine første, prøvande stråler over land og vatn(sjekk bilder). Og smålomen helste meg velkomen med sine kjende skrik.

Ei tekstmelding frå Agnar braut idyllen. Han var på veg frå Førde med heile familien for eit par dagar på Nipebu. Vi hadde avtalt i går kveld om å treffast. Eg var tenkt meg opp på Markahengenipa før eg la turen til hytta, og hadde høyrt at det gjekk an å ta rett opp ved brua i ura nedom Krokavatnet.

Det gjekk greitt første biten. Eg følgde ranen oppover på nordsida, til eg kom opp under første toppen. Men her viste det seg klin umogeleg, iallefall med helsa i behald, å kome seg opp på platået ovanfor. Det er godt mogeleg å gå opp eit par skårar her sommarsdagen, men med skavlane som ligg no, på denne nordvende sida, tok iallefall ikkje eg sjansen på å klive opp - sjølv med Icer;s under skoa. Her var knallande hard skare og nesten loddrett titals med meter ned dei to-tre plassane som var mogeleg å klatre opp. Eg måtte difor bite i det sure eplet å gå heile vegen ned igjen, nesten til DNT-merkinga, før eg igjen kunne skjere opp alle bakkane på ein ny rane litt lenger sør. Eg hadde vel nesten kasta vekk ein heil time på dette "stuntet"...

Men ikkje nok med det - når eg kom endå lenger opp på den andre ranen var det og vanskar med å komme seg opp på siste topp-platået. Det var kliving og filing for å finne rette skårane - for forkastningane i fjellet låg sjølvsagt mot gåretningen...
Eg var skikkeleg forbanna, men slik er det å prøve seg på snarvegar ein ikkje har prøvd før...

Enden på visa var at eg hamna nesten heilt sør under toppen av Fossedalshengenipa - ved den merka løypa nedom Nipevatnet - der eg er lommekjend og var tenkt å gå opp i første omgang!
Siste partiet utover ryggen mot toppen av Markahengenipa er piano og nesten paddeflatt.

Eg kunne ikkje gjere anna enn å ta det med godt humør heller. Dagen var jo strålande...! Og gjort er gjort!
Snakk om omvegar....:-)

Etter at eg hadde vore ut på toppen og klatra ned ein snarveg (!) mot Nipevatnet eg visste om, gjekk eg sør over isen på Nipevatnet og Langevatnet bort på Nipebu. Isen er framleis trygg, men ikkje ved osen der elva renn ned i Langevatnet.
På hytta var det ingen...Gardinene var trekt for og det var pluss 6 gr i hytta. (Asbjørn og Hjørdis hadde gått ned i går). Det var berre å fyre opp i omnen til Agnar med kompani kom.

Eg tok meg eit par velfortente skiver på altanen. Medan eg sat der, skya det berre meir og meir til. Gufsen frå ein ny vestleg og kald vind ruska meg i sveisen.
Sidan påskegjestane let vente på seg, og eg hadde barnevakt heime, la eg godt inn på omnen og rusla i veg same ruta som eg kom - nord att Langevatnet og Nipevatnet. I enden av Nipevatnet traff eg familien. Vi tok ein passiar der og nokre bilder, før eg stima ned att bakkane mot Krokavatnet og Markavatnet.

Eg håpar veiret ikkje blir så gale som dei melder...og tenkjer på dei på hytta. Det er eit must å komme seg ut slike påskedagar, men so har no Agnar vore ute ein vinterdag før!

Blir det bra veir torsdag er det jo ein ide og reise oppatt, ta ein kosekveld og vere til fredag.
Kveldane på Nipebu er særs koselege.
Just a thought...!


sjekk bilder her:
Markavatnet-Markahengenipa-Nipebu

mandag 2. april 2007

Tam knoppsvane i båthamna (mms)



Sanneleg min hatt var det dukka opp ei tam knoppsvane i båthamna i dag. Etter ein kald, våt og trøstesløs pilketur dukka brått denne kvite, utruleg flotte fuglen opp ved båten då eg la til lands. Truleg rekna den med at her var det mat å få, men sjokoladen eg hadde med meg på sjøen var oppeten...I rein frustrasjon over ikkje å få nokon godbit prusta og fresa den meg opp i ansiktet!! Eg var litt i stuss om signala den sende ut, så eg flytta nasen min litt lenger unna....

I dag har det vore ein dag off..skodde og regnbyer pirrar ikkje akkurat lysta til å dra til fjells. Kneet mitt har sikkert veldig godt av å få litt fred og. Så då blir det hovudstups inn i pc;en eller finne fram noko av alt lesestoffet som ligg ulese...

Det blir visst nordaveir til kvelden og kaldare. Då får vi sjå om ikkje det går an å komme seg til fjells igjen i morgon. Det ligg ein fjelltrimpost oppe på Markahengenipa - som eg og var på 10.3....


Kvar er...

..vardane mine?

Så vart det likevel ein trimtur på Blåfjellet i dag...Brått såg eg i to solstrålar, og so sprang eg! Vi bur heldigvis slik til at vi ikkje alltid treng nokon forberedelse til fjelltur.

Skodda låg ganske tjukk oppe ved Mangevatna - ikkje så gale at det var vanskar med å finne fram, men likevel.. det er godt det står ein varde når det står ein...!

søndag 1. april 2007

Toreheia-Skylefjellet-Blåfjellet med kniv i kneet

Peter og Markus stortrivst på tur

Det vart for tungt å dingle med beina heime...Tok difor av på den "vanlege" 4 timars rundturen her heime i dag. Ikkje eit vindpust var det denne fantastiske palmesøndagen. Sjølv om bilrutene var frosne var det skikkeleg godt og varmt i lia oppover, der sola hadde fått godt tak allereie i 9-tia! Eg prøvde å rette tankane på positive ting opp igjennom bakkane les: ikkje tenke på Blegjaturen som gjekk i vasken...!

Eg hadde avtalt med Olaug å treffe resten av familien på Blåfjellet. Då eg kom frå Skylefjellet på motsett side av Mangevatna viste det seg ei heil horv med folk i synsranda i sør. Olaug og gjengen følgde etter Dag Tore med familie + endå fleire. Reint folksomt vart det der ute i dag...og i tillegg kom Kjell og Magni når vi nett hadde starta på returen heimatt.

Så eg fekk meg ein god egotur på eit par timar før familiegjenforeninga. Vi har hatt ein kjempedag så langt og det har gått greitt uten ski! Glad eg ikkje tok av på Blegja - det hadde vore eit sjansespel med den verkande menisken eg har no! Blegja ligg jo der neste veke og....
Toreheia-Skylefjellet-Blåfjellet