søndag 18. mars 2007

3 nye skreiar + 1 til




Tok turen på fjorden i dag tidleg i 8-tia på floa. Det var eit ryse veir med tett snødriv og austakuling i kasta. Men ein kan no seie at det var friskt å kome seg ut...
3 flotte skreiar vart resultatet på ein god time. Veldig bra - og to av dei med rogn.

Så kom eg meg heim igjen til klokka 10 så Olaug kunne gå på Blåfjellet med Anita. Eg ventar ei vekes tid med fjellivet. Då gyt vel skreien og, så då passar det bra. Hannfisken renn det av no, så han er iallefall klar...:-) Og endå er ikkje klokka meir enn godt 11 ein søndagsføremiddag!


Så vart det ein skikkeleg rugg til på ettermiddags-fiske ilag med Peter. Berre rogna vog minst kiloen. Dette var litt av ein opplevelse for guten (han har ikkje vore på sjøen på nokre månader no). Første gongen vi prøvde å få den opp i hoven bomma vi, så det var litt action då skreien ikkje sat så veldig godt! Men andre gongen gjekk det betre. Då jubla og song Peter....:-)

Då er eg oppe i 7 fiskar denne veka. Dei ligg på ca 3 til 5 kilo stykke! Så no har vi middag lenge. I morgon skal det bli godt med nykokt rogn ....:-)

Ingen kommentarer: