Facebook

søndag 25. februar 2007

Toreheia 2502

MMS foto frå Toreheia 2502


Flott 3-4 timars føremiddagstur til Toreheia 713 moh rett opp frå døra mi! Det er lite snø i høgda her ute ved havet, Så toppane på 700-900 moh er greie å ta til fots. Dvs.greie og greie - lite smart å ha isbroddane hangande på veggen i kjellaren heime når det er is i høgda. Det var på hekta at eg kom meg opp på Toreheia i dag.

Mykje og sterk austavind hadde polert sør/austhellingane til reine skøyteisen og det var med naud og neppe eg tok sjansen på siste skaret opp...! Eg sigla skikkeleg 5-10 meter på isen eit par gonger og det er ikkje moro når steinar stikk opp av isen/skaren på ferda nedover på ræva...Men eg fann ein kam som delvis var dekt med is og stein og då kom eg meg opp.

Det er flott utsikt mot havet i vest frå Toreheia. Likeeins mot Skålefjellet, Moldura, Vardenova, Portafjellet i sør. Austover er det sjølvsagt Blegja og Kvamshesten som fangar auga. I nord ligg Florø og Ålfotbreen. Sjekk nokre bilder som eg knipsa.

mandag 12. februar 2007

MMS Foto frå Markahengenipa 1002

Glad gut med suveren utsikt frå Markahengenipa 1002


Nipebu

Rivedal/Nipebu/Rivedal Turen starta i Rivedal laurdagsmorgonen. Sola spegla sine første raude stråler på Dokka og Bakkefjellet og vitna om ein fantastisk gryande dag då eg parkerte der nede i 09 tida.Temperaturen viste minus 6,5 grader i Stongfjorden då eg reiste. Eg hadde smurt med rein blå voks, men dette viste seg fort å ikkje vere rette medisinen på den minimale puddersnøen som låg der nede. Så det var berre å finne fram fellane. Sola dukka opp over fjella sør om Flekkefjorden i 0915 tida då eg var på veg opp til demma på kraftstasjonen i Rivedal. Innover Vagstaddalen forsvann sola igjen bak Heileberget. Kuldegradene og trekken reiv i kjakane timen det tok før eg fekk sola igjen ved vestenden av Atlevatnet. Her er det ei fantastisk utsikt då landskapen opnar seg heilt opp igjen austover mot Blegja, Ertrenipa og Kringla. Vel framme ved hytta viste det seg at det var svært vanskeleg å komme seg inn. Låsen var totalt frosen og nøkkelen var umogeleg å få inn i låsen. Men etter ei stund med varm pust (og såre lepper etter at dei hang fast i låsen:-)) kom eg meg inn. Gradestokken viste minus 8 i hytta, så her var det berre å opne alle glas og fyre opp. Nipebu fekk ein særs flott julepresang i år, nemleg ein gassovn. Denne er svært effektiv. Ilag med god bjørkeved på ovnen var det ikkje lenge før temperaturen spratt i veret. Etter nokre raske skiver bestemte eg meg for å ta skituren opp på Markahengenipa. Her er det ein fjelltrimpost som var grei å ta med seg i kulden! Det er suveren utsikt frå denne toppen. Du har panoramautsikt i alle himmelretningar og ser m.a. fjella Ertrenipa, Blegja, Kringla, Kvamhesten, Fossedalshengenipa, Heileberget og alle fjella vestover og nordover mot Florø og Ålfoten. Etter å ha kome tilbake til hytta igjen dukka Agnar og Margaret opp. Eg hadde mine mistankar om at dei hadde ombestemt seg og ville komme likevel, etter at dei først hadde meldt avbud. Vi fekk oss ein koseleg kveld ilag, der Agnar og eg bestemt oss for ta turen opp på Fossedalshengenipa dagen etter. Etter ein særs vakker soloppgang på fjella rundt Nipebu og ein solid frukost søndagsmorgonen starta vi turen i 09 tida. Vi gjekk inn eit stykke av dei same spora som eg hadde gått dagen før. På veg oppover ryggen på Fossedalshengenipa fekk eg problem med fellene som isa slik at dei ikkje sat skikkeleg fast under skia. Dette var litt ubehageleg for det var delvis gnallande hard skare og is oppover. Men med litt pause og skraping gjekk det greitt. Verre var det med Agnar som øydela bindingen ved toppen, men det gjekk ganske greitt å gå nedatt ryggen på føtene. Det var ei heilt spesiell oppleving å stå på toppen av Fossedalshengenipa i skikkeleg vinterlandskap/temperatur. Men det vart berre tid til nokre raske bilder før vi snudde nasa nedover ryggen igjen. Vel nede ved hytta pakka eg sekken og gjekk nordsida av Vagstaddalen heimatt. Det er lite snø i låglandet her ute så til tider var det ikkje heilt enkelt å gå nordsida av dalen heller (gjekk sørsida oppover). Vi får håpe på meir snø. Agnar og Margaret følgde etter heim igjen noko seinare. Det var ei fantastisk helg på Nipebu - igjen - noko som flotte vinterbilder vitnar om. Ta deg tid til å sjå desse. Eg oppfordrar alle til å gå den flotte turen til Nipebu uansett årstid - for kvar av desse har absolutt sin sjarm!

søndag 11. februar 2007

torsdag 8. februar 2007

søndag 4. februar 2007