Facebook

søndag 30. desember 2007

Lukka står den kjekke bi


Agnar tek siste stega mot toppen av Driveknolten i dag

Det vart ein fantastisk dag og ein fantastisk tur. Det striregna likevel i dag tidleg då eg traff Agnar og Sturle W. ved Markavatnet. Men veirmeldingane spådde betre utover dagen. Og vi hadde knapt starta før regnet gav seg. Ein flik av blå himmel i sør bar von om betre tider. Ein psykologisk stimuli som alltid!

Vi diskuterte litt undervegs om vi skulle gå over isen på Nipevatnet og Langevatnet. Du sparer iallefall ein halv time på det. Isen på Krokavatnet, som ligg i ruta litt lægre, såg ikkje trygg ut. Men då vi kom opp til Nipevatnet, vart det fort klart at vi måtte prøve. Mildveiret i det siste hadde ført til at isen delvis var gått opp inne ved land. Og osane var sjølvsagt ikkje trygge. Men vi kom oss ut på og gjekk over utan problem.

Langevatnet såg litt dårlegare ut. Grått i læta mange stader. Men litt overflatevatn var vel ikkje noko å bry seg med? Eg plumpa gjennom ei sprekk inne ved land med det same. Nedom hytta på sørsida gjekk eg gjennom til skrevs i ei anna. Det var vanskeleg å sjø sprekker i isen på grunn av det tynne snølaget, sørpa og overflatevatnet. Værste bløyta var likevel då Agnar og eg returnerte over Langevatnet. Då gjekk eg gjennom til langt opp på brystet, inne ved land på nordsida, litt vest for elva frå Nipevatnet. Eg var mest redd for kameraet, men heldigvis tok veske av for værste væta. Som dei to førre gongene skvatt eg egentleg opp igjen som ein rakett. Det vart ikkje bruk for skistavane(dei er greie å hale seg opp igjen med, og eg går alltid med dei lause over vatn). Skoa vart søkk blaute, og dei nye sokkane likeeins! Men Arcteryx jakka heldt all væta ute på overkroppen. Heldigvis var vi på heimtur...!

Isen var tjukk nok den, det var sprekkene på grunn av mildveiret i det siste som var litt skumle.

Termometeret i hytta viste 0 grader ved ankomst. Eg ordna med oppfyringsved og kløyvde nokre bjørkeskier. Agnar fiksa ny patron til gassovnen. Så det tok ikkje lang tid før lunken breidde seg. (Det er veldig bra at ein kan lukke hemsen med luke).

Eg hadde moa litt på Agnaren undervegs at vi måtte ta med oss Driveknolten òg...Det kom ei skikkeleg snøbye med kulingkast etter nokre minutt i hytta, men brått klårna det heilt opp igjen. Så vi bestemte oss for å gå. Klokka var 12.30. Turen opp på Driveknolten og ned igjen stipulerte vi grovt til 2 timar, avhengig av snø- og isforholda. Vi var egentleg litt seint ute, sidan kokken bydde på middag når vi kom ned igjen, og Agnar skulle vere barnevakt i Førde...

Vi gav på opp bakkane frå Svartetjønna. Men brått begynde Agnaren, ska du vite, å pirke borti meg at eg skulle gå vidare så kunne han snu. Han var visst andpusten og råten i føtene..trur eg. Det var ein halv time igjen til toppen, flott veir, og så skulle han gje seg? Rett nok var det bratt stigning... Men han fekk høyre det då! Kanskje var det det som fekk han opp? Han nemnde det iallefall ikkje meir. Hjartesukket hans ved varden, om at det var bra han vart med, likte eg....

Vi nådde sola igjen på toppen. (Når du går frå Nipebu til Driveknolten går du opp frå nordsida, som sjølvsagt er unnasols no). Det var eit fantastisk skue mot sør! Nydelege fargar frå sola og skyene (sjå bilder). Det lune og gule skinet farga det steinete landskapet. Fantastisk flott mot den kvite snøen og isen. Nesten litt uverkeleg, som på ein annan planet! Den sure nordavinden gav likevel ikkje rom for lange drøymeri. Det vart berre tid for nokre raske bilder og namna i boka, før nevane var gjennomfrosne. Det er jo vinter i fjellet då! Dessutan, ute i vest var skyene heilt lilla - tydeleg kva som var på veg innover...Vi la difor til palings nedatt bakkane vi kom.

Turen ned og nord til Nipebu igjen gjekk heilt fint. Halvveges på returen såg vi at skodda og snøbyene hadde nådd toppen av Driveknolten. Griseflaks! Vi klarde det akkurat inn i mellom to byer! For den nye bya slo vi med knapt eitt sekund...:-)

Kokken (Sturle W) hadde middagen klar då vi kom. Nydeleg røkt, honningmarinert svinekam med bernaise-sos, poteter, rosenkål, gulrøter og kålrabi! Vi hadde ikkje ete sidan frukost, og no var klokka 14.30! For eit måltid! For ein luksus! I god og varm hytte! Du kan tenke deg korleis denne middagen virka - etter å ha nådd toppen! Kokken skjemde oss aldeles vekk...

Veit de kva? Sturle skal vere der oppe til Nyttårsdag. Feire Nyttår på Nipebu åleine...Og middagen då? Skoltar! Eg skulle gitt mykje for å blitt igjen der oppe, men eg må inn på jobb i morgon. Ja, og så er det sjølvagt familien då...Agnar skulle som sagt vere barnevakt for barnebarna sine....Så vi to måtte berre sjå oss ned igjen.

Vi gjekk difor ganske raskt mot Markavatnet igjen etter at vi hadde fått i oss den suverene middagen. Medan det endå var lyst. Vi nådde ned igjen før det vart heilt stupmørkt og hovudlykta hadde eg berre fram nokre få minutt. Vi stod ved bilane igjen kl 17.

Ein framifrå tur var til ende.

Eg vil ynskje Sturle og Agnar Godt Nyttår. Og Sturle, eg håpar på ei liknande kulinarisk oppleving for ein svolten kropp - i det nye året.
Som engelskmennene seier: "You made my day"...

Etterord: Fekk stadfesta 1.Nyttårsdag at isen på Langevatnet er 30 cm tjukk. Kulden dei par siste dagane har vel fått sprekkene til å fryse òg.


Markavatnet_Nipebu_Driveknolten_Nipebu_Markavatnet_301207

lørdag 29. desember 2007

Rastlaus sofaslitar


Utsikt mot Toreheia frå Mangevatna

Det var eit syrgjeleg veir vi vakna opp til i dag. Skodde heilt ned i fjorden og silregn. Men etter å ha fyrt i omnen, lese BT, drukke 2-3 koppar kaffi og slite sofaen i over timen, vart eg så rastlaus at eg berre måtte få frese ut litt.

Full av energi bar det opp bakkane. Stien var som ei einaste elv og lenger oppe ei einaste myr. Søkkande vått over alt! Og det silregna, skikkeleg, heile vegen opp. Eg fekk verkeleg testa Arceteryx Theta jakka som var ny i vår, men som eg har spart litt på. Den besto til fulle testen med å halde regnet ute. Eg følte meg heller ikkje klam, men luftig og fin heile turen med Devold ull under.

Bergans buksa eg har klarar ikkje heilt jobben når det blir veldig vått over litt tid. Sjølv om det er sagt at buksa er vasstett, stemmer ikkje dette i silande regnveir.

Var det fint oppe i går kveld, var det meir utriveleg i dag. Med vind, skodde, regnveir og sludd på toppen vart opphaldet kort. Men det er alltid like godt å få sveitte ut litt.

I morgon ser det ut til at det blir ei betring i veiret. Iallefall ut på dagen. Eg har avtalt å treffe Agnar ved Markavatnet kl 09.30, og ta turen oppom Nipebu. Er forholda nokolunde greie, går vi kanskje på Driveknolten òg! Vi får sjå kva form Agnaren er i, han klagar...:-) Ja, og så blir sjefs-kokken på Nipebu med. Då blir det ikkje enkelt å gå derifrå etterpå, kjenner eg kokken rett...Men, eg må på jobb mandag! Kanskje det er tryggast å ta med hovudlykta....?

fredag 28. desember 2007

Det vennlege smilet


På Størdalsstauren 9/12-07

...eller når kvardagen er ein fest..

Somme personar har denne auraen rundt seg, karisma, eller kva det heiter. Du kjenner det eller ser det på lang avstand. Dette vennlege, smilet, det åpne og utadvende vesenet. Du får lyst å bli kjende med dei og tilbringe tid i lag med dei. Det er nesten som om tida står litt stille, eller at du ikkje har så dårleg tid likevel, i samvær med slike menneske.

Du kan treffe dei kvar som helst. Lettast er det hvis du sjølv prøver å smile eller vere litt utadvend og utleverande. Merkeleg er det òg kor fort småsure folk kan bli litt blidare hvis du sjølv er blid, vennleg og imøtekommande. Og dei som er blide blir jo endå blidare...

Eit par eksempel frå i dag. Eg er rett som det er innom Synssenteret Sør i Førde for linsebytte, linsevæske, databriller, synskontroll etc... Eg måtte berre innom i dag for ei flaske linsevæske for alle tilfellers skuld. Heldigvis var Siri der, "augelegen" min. Ho møtte meg med sin vande, opne og hjartelege veremåte. Du MÅ berre bli i godt humør av denne utstrålande velviljen og kjekke passiaren som alltid fylgjer med henne. Då eg gjekk ut igjen etter å ha ynskt Godt Nyttår, var eg litt i tvil om det egentleg var det eg gjekk inn for..

Eg måtte og innom Sporten for å få tak i ekstra hemper til gamasjane mine då eg miste den siste i går kveld. Oppe i andre etasjen ved kassen traff eg på eit par karar som eg veit kven er. Det viste seg at kortterminalen fullstendig hadde låst seg. I tillegg fekk operatøren ikkje avbrote kjøpet heller. Så vi stod der og venta på at maskina skulle løyse opp denne litt småstressa situasjonen. Altså, maskina bestemde over oss..Og det varde og rakk...

Då kom eg brått på, og fortalde, historia eg høyrde i går om han fyren som hadde fått seg presang til jul som gjekk frå 0-100 på 2 sekund! Eg spurde dei kva dei trudde han hadde fått...Dei såg på kvarandre og tenkte på Ferrari og det eine og det andre, men eg fekk ikkje noko svar. Då eg svarde at han hadde fått seg ny badevekt lo dei så dei riste alle tre! Brått var kortterminal kortterminal og situasjonen vart heilt avdramatisert!
Utruleg kor langt ein kjem med godt humør og ikkje minst tore å vere litt utleverande...

Eg har ein kollega i banken i Balestrand som heiter Jarle. Han har òg dette vesenet rundt seg, anten eg snakkar med han i telefonen eller han er innom i Førde. Sjølv om han er søkklasta i arbeid eller er halvstressa, har han alltid tid til humørfylte kommentarar, litt spit til meg og den vennlege optimistiske tonen. Utan unntak er det alltid den gode, lune og vennlege atmosfæren som pregar samtalane med Jarle.

Slik kunne eg dra fram personar eller situasjonar som er så viktige for å ha ein god kvardag. Det er så lett å gløyme at dette er sjølve livet, der vi travar rundt og gler oss til helga eller noko fram i tid! Ja, og så går livet sin gang. Difor likar eg kvardagsmennesket. Det er kvardagen og kvardagsmennesket som er livet! Festmennesket i helgane er meir oppskrytt, gjerne i champagnetåke...!

Eg var opp på Skylefjellet i kveld òg. Kanskje ikkje noko bombe for dykk som les denne bloggen av og til...:-) Kontrastane frå i går kveld kunne knapt vore større. Blikkande stilt på toppen. Eg kunne sitte der i fullstendig mørke ved varden utan hue og vottar og sjå bort på alle dei tusenvis av lysa i Florø som spegla seg i den stille Stavfjorden. Og på himmelen funkla ein praktfull stjernehimmel...Heilt utruleg kor situasjonen var snudd fullstendig på hovudet frå i går kveld, då eg vart fillerista av den ekstreme vinden.
For eit praktfullt land vi har.
For ein praktfull natur vi har.
Kor eineståande er vel ikkje sjølve livet....!

torsdag 27. desember 2007

Rasande veirgudar


Tøffe tak...På Skålefjellet tidlegare i haust med sprengde blodkar i auget..

Sjolv om eg snart skriv meir om veiret på denne bloggen enn om noko anna, MÅ eg berre nemne det i dag òg!

Det starta egentleg i dag tidleg då eg skulle på jobb, og dei melde i radioen at vegen var stengd ved Heilevang pga ras. Det hadde vore reine syndefloda om kvelden og natta, og med omslaget til mildveir var det ikkje anna å vente. Det er svært utsett for ras der inne under slike veirtilhøve. Så eg tok det ekstra roleg med kaffikoppen, og venta på korleis det skulle utvikle seg. kl 08.30 melde dei at vegen skulle opnast kl 09, så eg køyrde optimistisk innover og stilte meg pent i køa inne i Hestvika. Men det tok ikkje så lang tid før ein kar informerte om at han hadde ringt Vegmeldingsentralen. Her opplyste dei at vegen vart opna kl 12. i staden. To stive timar i bilen der inne var i meste laget. Det var heller ikkje godt å vite om dei opna då heller... Så eg snudde nasen vestover igjen ilag med ein skokk med andre bilar.

No gjekk det heller ikkje så lenge heime før nabo Magni kom innom med Firda. Vi har postkassane på same stativet. Firda? Den var no ikkje komen i stad...Så eg ringde ein kontakt i Mesta. Jau, då var vegen opna ca 10.30. I bilen igjen, og eg var i Førde i 11.30 tida. Arbeidstid frå 11.30 til 14.30 er jo egentleg ikkje så værst? Men opptakten til dagen var jo heilt sprø!

Det var dagen for den store familiefesten hjå oss i dag ilag med alle barna og barnebarna mine. I tillegg til alle Olaug sine, som bur her i julehelga, var vi 15 til middag frå kl 16 og utover. Bra liv i heimen kan du seie...:-)

No var kvelden likevel rimeleg ung då heile fylgjet drog på dør til Førde og Holmedal. Så eg heiv meg rundt, ned i kjellaren til utstyrsrommet, og fekk på meg noko lett fjellutstyr for å lufte vetet oppe i refleksløypa mi.

Lufte vetet ja...

Eg kjende veiret var på vest oppover. Elvane gjekk over alle breidder. Det sildra og rann overalt. Stien var anten ei god myr eller ei rennande elv. Litt skuffande var det at eg faktisk var litt våt på eine foten då eg kom heim. Håpet er at væta kom gjennom gamasjane og ikkje gjennom skoa. Eg trur det, for eit par av elvane eg måtte over gjekk som sagt over alle breidder i kveld.

Ved Rinda tok vinden allereie godt i kroppen. Men det var først ved Mangevatna det bar skikkeleg til. Eg fekk vindkulene noko aldeles enormt i ryggen, og vart formeleg boren opp gjennom ranane. Til vanleg er dette morosamt, men i kveld i stummande mørkna var det litt skummelt. Eg visste aldri kor tid eg låg på trynet. I tillegg kom det nokre alvorlege regn og haglebyer, som eg heldigvis òg fekk i ryggen!

Slik gjekk det opp til siste toppartiet der du svingar vestover igjen. Ganske tøft får eg seie! No har eg trudd at eg har fått oppleve det meste av vind her oppe tidlegare. Men i kveld var det aldeles rått! Eg følte meg faktisk ikkje så veldig høg i hatten lenger, åleine i bekmørkna høgt til fjells i det uveiret! For eg formeleg måtte krype fram over bergkammane siste biten mot varden...Det var komplett umogeleg å halde seg oppreist. Og det dura slik at eg trudde eg skulle få skikkeleg dott i øyra. Veirglimta flerra opp himmelen ute i havet gong etter gong. Veirgudane var aldeles rasande! Truleg var det ein kaldfront på veg forbi, vestaveir som det var. Det hadde vore utruleg mildt tidlegare på dagen....

Brått fekk vinden tak i ein flik av hetta, og hovudlykta flaug av hovudet fleire meter bortover. Dette trass i at eg hadde bandet nedom øyra bak. Eg kunne ikkje ha bandet innom hetta pga bremmen som var i vegen for lykta. Det kunne blitt veldig artig hvis batteria hadde slått seg ut av lykta her ved toppen - i kveld då eg for første gong sidan eg hadde starta på desse ekspedisjonane i mørket ikkje hadde teke med meg reservelykt ...(Eg hadde litt lys i mobilen då, men til å leite opp att batteria med den hadde vore ei håplaus affære...) Scary! Eg fekk ein støkk i livet, men heldigvis lyste den like flott!! Ekstralys skal eg iallefall hugse på neste gong!
(eller rettare - ikkje rase av garde slik at eg ikkje gidd å leite det fram før eg går...:-))..Puhh! Det var ei lise og komme seg i skjul bak varden, sjølv om vind-duren frå denne gjekk gjennom marg og bein!

Eg måtte berre bite det i meg å komme meg på heimveg før eg vart heilt gjennomfrosen. Eg tok fram vottane...Og sjølvsagt hadde eg teke med meg ein svart vott og ein svart hanske av same neven... Heilt på trynet...! Eg valna vekk noko j... på fingrane. Det her var jo heilt texas - i svarte natta, åleine i det uveiret, og langt borte frå folk. Elendige forberedelsar. Skulle jo ikkje nemnt dette, kunne jo bli tatt for reine amatøren...:-)At det ikkje er så langt opp må ikkje gå på bekostning av forberedelsane. Eg lærte meg ei ny lekse. Aldri slurve. Det kan vere ubehageleg og ikkje reint ufarleg.

Ned att fekk eg uveiret for det meste midt i fleisen! Skikkeleg tøft altså...:-) Men utruleg godt å ha skikkeleg vind- og vasstett jakke! Heldigvis var det for det meste opplett. Lenger nede er det heller ikkje så eksponert for veir og vind, så frå Svartevatnet og heim gjekk det heilt fint!

Ja, du store mi tid! Det har vore nokre artige og utfordrande opplevelsar her oppe i det siste... Men uansett - det er iallefall god kveldstrim både for sinn og skinn!
I kveld vart det i tillegg rett spanande òg.....!

onsdag 26. desember 2007

Romjulsuvèr

Enorme vindar (igjen) på Skylefjellet...Vanskeleg å halde seg oppreist på toppen! Og Skylefjellsnissen hadde hatt nok ei tøff natt...Men etter litt stell og varm omtanke, fekk eg han på rett kjøl..

Noko is og frosen snø gjorde det glatt i enkelte parti oppover. Eg var egentleg tenkt å gå vidare opp på Toreheia. Men vindtilhøve var så sterke at eg ombestemte meg, og fann det rett å returnère heim. Det var nok ei klok avgjerd for skodda seig på etterkvart oppe på Toreheia. Og i det eg kom ned igjen på tunet heime begynte det òg å regne..Lavtrykka står visst i kø framover... Men det var godt å kome seg ut litt mellom måltida - uver eller ei....:-)

>
vinter i stongfjordfjella 261207_6

tirsdag 25. desember 2007

Julestormen


Med utsikt frå Skylefjellsnissen sitt land

Han var ikkje mykje blid, Skylefjellsnissen, for at eg ikkje kom som avtalt ein gong til før jul. Men, eg sa som sant var, at med det fryktelege veiret som var likkje- og juleafta, var det omlag umogeleg å ta av garde sjølv for herda folk! Nissen skjønte det heldigvis etterkvart som eg pakka ut godsaker av sekken.

Julestormen hadde fere frykteleg åt med heimen hans. Takheller var blesne av og antenna låg flat. Og veiret såg ut til å ha herja hardt med nissen sjølv... Urven, våt og med dårleg stell både på klede og hår gjorde at han visst trengde hjelp av ei god hand for å sjå nokolunde høvisk ut.

Smånissen som heldt bu nede i første etasjen var forsvunnen i uveret, men etter ei lita runde i nabolaget fann eg han og fekk han til hus igjen! Omgjevnadane elles såg ville ut etter stormen. Steinar, berg, koller og åsar var vindblesne med fastfrosen blåstsnø. Det var tydeleg som eg sa til sjefsnissen at her hadde det ikkje vore verande for folk medan uveiret stod på!

No vart sjølvsagt nissen veldig nøgd av at eg kom så snøgt som eg gjorde, morgonen etter juleafta. Graut og julemarsipan gjekk ned på høgkant. Humøret vart berre betre og betre etter kvart som han åt. Han hadde høyrt om førejulsturen til Skålefjellsnissen, og den heldig strategien med juleølet. Han var ikkje alltid heilt enkel nissen der oppe, høgt som han bur, så han måtte ha vore særs nøgd med ølet og søtsakene han hadde fått servert. Det var ikkje mange, om nokon, som hadde fått helse på den karen! Men no var forsvarspakta for Stongfjordfjella i boks, og kommunikasjonslinjene opne til ei kvar tid. Så no kunne nissar og fredelege toføttingar gå det nye året trygt i møte.

Eg tok farvel med ein nøgd Skylefjellsnisse, og sa eg ville stikke oppom med meir godsaker før nyttår.

vinter i Stongfjordfjella 251207_5

søndag 23. desember 2007

Fredeleg Jul


Utsikt heime frå stova på Yndestad

Julenissane i Stongfjorden

ynskjer alle lesarar

ei fredeleg julehelg

lørdag 22. desember 2007

Skålefjellsnissen


Utfordrande forhold på Skålefjellet med vind, kulde og is

Etter det vellukka besøket hjå Skylefjellsnissen i går kveld, måtte eg sjå oppom Skålefjellsnissen òg før jul. Kunne ikkje gjere skilnad på nissane heller. No har det seg slik at nissen på Skålefjellet bur endå høgre og meir vilt til enn Skylefjellsnissen. Så eit besøk opp hit må gjerast i dagslys. Av den grunn er han dessto meir sky og vanskeleg å komme inn på. Korleis eg skulle få til eit slikt møte på blanke dagen, hadde eg lenge lurt på, men Skylefjellsnissen hadde gitt meg nokre uvurderlege tips korleis eg skulle gå fram.

På Skålefjellet er det endå større vanskar med å skape seg eit godt utkome av omgjevnadane enn på Skylefjellet. Difor sa Skylefjellsnissen at Skålefjellsnissen var veldig søtsjuk. Eg skulle ta med ekstra rosiner til grauten. Dessutan - hvis eg hadde med eit ekstra godt lag med kanel på, ville det gjere underverk, meinte han. Som søtsjuk var det rimeleg å tru at julemarsipan ville gjere utslaget. Men det som kanskje mest ville lokke Skålefjellsnissen fram på lyse dagen, var hvis eg tok med meg ei flaske med godt heimelaga juleøl! Med det i tillegg til grauten, hadde eg dei beste føresetnader til å lukkast, meinte Skylefjellsnissen. Som sagt, så gjort. Eg pakka rikeleg med nemnde ingrediensar i sekken, i tillegg til litt ekstra søtsaker, og drog i veg i lysninga med friskt mot!

Som vi veit er det viktigaste med alt venskap evna til å skape tillit. Venskap kjem sjeldan flytande på ei fjøl. Det treng næring og omtanke. Og så må ein sjølvsagt ha nokre felles interesser her i livet. Eg funderte på dette oppover Gjerdedalen.

Skålefjellsnissen, som sikkert hadde kikka på meg i skjul meir enn ein gong, forstod vel truleg kva person eg var? Ville han gje seg til kjenne no når eg så åpenbert kom med ein fredeleg bodskap? No opp under jul? Han hadde vel høyrt om andre fjellnissar som hadde fått fjella raserte av griske toføttingar på jakt etter ære og kortsiktig rikdom...Men han såg vel at eg ikkje var av den slags?

Forholda for å kome Skålefjellsnissen nære er utfordrande, spesielt om vinteren. I dag gjekk lei og sur vind mot nærområdet hans gjennom marg og bein. Underlaget var særs vanskeleg med skare som var polert til is. Utan broddar under skoa hadde det vore umogeleg å teke juleturen opp isete bakkar frå Gjerdedalen.

Men grauten og søtsakene måtte fram. Og til topps bar det. Barske tilhøve ved toppen eller ei! Eg sette meg ned bak varden og fekk litt ly for den isande kalde vinden. Skylefjellsnissen hadde lært meg nokre lokkerop som var litt lyse. Dei lydde omlag slik: "Nissen, nissen, her er ein ven med søtsaker og graut..." Det var viktig å ikkje vere for høg og grov i målet, men varleg, varleg...Eg gjentok strofa fleire gonger, og jammen, til slutt, såg eg i to lange, spisse øyrer som stakk fram frå varden! Sjefsnissen av Skålefjellet! Eg strekte meg fram og sette fram godsakene på ein liten meters avstand der bak varden. Så sat eg heilt i ro og let eimen av graut og søtsaker virke inn på den svoltne og søtsjuke nissen...

I spaning lurte eg på om han turde å kome fram her midt på lyse dagen. Men den uimotståelege lukta av nylaga graut med rosiner og kanel, vart altfor freistande. Frå varden sneik han seg fram etter steinane, og nippa varsamt bort i grauten. Han tok seg eit par munnfullar og pila i skjul innatt i skjulet. Eg lo litt med meg sjølv og tenkte, no har han fått smaken på det og kjem fort igjen. Berre eitt minutt eller to seinare, var han der igjen.. Ikkje fullt så varsam, men meir bestemt, kraup han bort til grautfatet. No vart han verande og åt grådig....

Di meir han åt, di meir avslappa virka han i rørslene. Han heldt ikkje lenger konstant auga med meg, men såg meir direkte ned i matfatet. Men korleis skulle eg få han til å slappe av so mykje at eg kom han endå nærare? Sjølvsagt! Eg førde varsamt handa mi ned i sekken og tok opp juleølet...Med eit lett vipp med kniven, og eit fast handtak rundt korken, greidde eg å opne flaska mellom låra utan å lage ein lyd! Med rolege rørsler sette eg flaska fram mot nissen. Truleg var det maten og mitt venlege nærvær som gjorde at nissen slappa av og ikkje vart skremt. Og snart tok han seg ein slurk av juleølet, smatta og sleikte seg grådig rundt munnen med ei lang tunge...

Slik gjekk nokre minuttar. Nissen var mindre og mindre på vakt. Meir og meir av flaska tømd. Då det berre var ein liten slump igjen på botnen, tok eg varsamt handa mi bort att i sekken og tok fram ei ny ei med heimelaga juleøl, og opna den på same måten. Ja, og nissen sat framleis heilt i ro. Og så tok han til seg av den nye flaska òg...

Slik sat vi ei stund til. Skulle eg prøve å prate med han? Eg hadde ikkje eingong fått tenkt tanken før nissen sjølv opna munnen og sa: Eg veit kven du er. Ryktet om grauten din på Skylefjellet i går kveld kom meg for øyre i dag tidleg. Skylefjellsnissen meinte du var ein fredeleg mann som ikkje ville øydeleggje noko for oss. Men vi er varsame mot toføttingar, og torer oss sjeldan fram i dagslys. Eg sa at eg forstod han godt...for så mykje elende som vi toføttingar stelte i stand rundt oss med krangling og øydeleggjing av natur, var det vanskeleg å skape tillit mellom nissar og toføttingar...Du forstår vel det nisse sa eg, at eg vil ta vare på fjellet der du bur...Eg likar fjellet som deg. Her kan eg vere fri som fuglen, og alle dårlege tankar forsvinn ilag med suset av vinden. Eg vil ta vare på heimen din nisse. Ingen skal få øydeleggje den for deg. Heimen din betyr like mykje for meg som for deg...

Nissen såg på meg med store auge...Så mykje gale hadde han høyrt frå andre fjellnissar og vassnissar at han hadde vanskeleg for å tru det var toføttingar som tenkte som meg. Var her verkeleg toføttingar som ikkje ville rasere fjellheimen for lette gullpengar...?

Eg sa til nissen at fjellet hans, og andre fjell, ikkje kan kjøpast for pengar. Dei er mykje meir verd enn alle verdas pengar ilag! Fjellet er der for alltid, medan vi berre har lov å låne det når vi er her på jorda...

Då såg eg eit lite smil rundt den søte munnen! Så sa han at det var akkurat slike tankar han og dei andre nissane òg hadde. Ingen har rett til å øydeleggje noko ein berre har til låns ei lita tid! Eg hadde så rett så rett.

Vi sat der og prata ei heil stund til,  Skålefjellsnissen og eg. Han vart meir og meir pratesaleg etter som eg hadde ei flaske til med godt juleøl. Eg sa at eg ikkje ville ha noko, for eg skulle nedatt dei isete bakkane til bygds, og måtte halde meg klar i hovudet og rett i føtene. Vi fekk skåle ein annan gong! Så då det var på tide å gje seg på heimveg, ynskte eg sjefsnissen av Skålefjellet god jul, og ba han helse alle nissane på sørsida. Og ver no endeleg forsiktige med eldvatnet, sa eg...! Nissen smilte til meg å sa at gode råd frå gode vener tok han i mot med takk. Neste gong eg kom, måtte eg endeleg hugse på å ta med meg meir søtsaker. Så skulle eg berre plystre når eg kom over kanten der eg såg varden... Han ville då gjere seg klar til å ta imot meg, og vise meg nokre løyndommar om fjellet eg heilt sikkert ikkje kjende til...God jul til deg og dine! No må eg heim til gamlemor som sikkert lurer på kvar eg er vorten av! Så pila nissen innatt i varden....

Med desse orda klingande i øyra tok eg på heimveg! Endå ein nisse hadde eg gjort meg til vens med...Og no visste alle nissane i Stongfjordfjella at dei hadde ein ven på to føter som alltid ville vere venleg mot dei og forsvare deira rettar. Det gav meg ei varm kjensle innvendig. Den var ekstra god å ta med seg til jul....!

Vinter i Stongfjordfjella 221207_4

fredag 21. desember 2007

Nissane i Skylefjell


Sjefsnissen i Skylefjell

Eg visste det! Eg visste han var der - nissen! Eg hadde sett skuggen av han i full fart vekk frå lysstrålen av hovudlykta oppe ved toppen...Men sidan eg alltid hadde vore åleine i mørket der oppe turde eg ikkje seie det til nokon. Ingen ville tru meg...eg kunne jo bli tatt for ein nisse sjølv!

Men i dag bestemte eg meg for å bruke litt tid for å prøve å lokke han fram. Graut, rosiner og eit solid smørauge burde vel gjere susen tenkte eg...Og akkurat! Med litt lokking og lukta av varm graut, stakk han nasen fram frå varden. Først varsamt, så litt modigare..Han skjønte sjølvsagt kven som var der i svarte natta. Ein gamal tru ven av Skylefjellet kunne jo ikkje vere farleg..Og større teikn på venskap enn medbrakt vellaga graut til fjells kunne vel knapt tenkjast. Så nissen kom fram han - og åt grådig!

Etter å ha sett til livs to store porsjonar, rapa og sett seg godt til rette ved sidan av meg bak varden i ly for vinden og yret, vart vi pratande om laust og fast. Nissen var godt nøgd med livet her i Skylefjellet. Den skjøre og finstemde naturen i det verharde fjellet var som gudane hadde skapt han. Ingen skumle vesen frå lysverket hadde sett sin fot her i det siste. Men han hadde høyrt illevarslande signal frå naboane lenger vest, der måleutstyr for vind hadde vorte sett opp av skumle typar i kjeledress med lynmerke på ryggen! Nissen spurde meg om eg visste noko, men eg svara som sant var at dei tenkte seg nok nøye om lysemennene, før dei prøvde seg igjen med større planar. Då skulle dei få med meg å gjere! Nissen vart så glad at tårene blenkte i lyset frå hovudlykta...Eg tok han godt rundt skuldra og kjende han skalv av glede.

Vi sat slik ei stund utan å seie noko. Eg kjende ei indre ro som smitta over på nissen. Roleg ved sidan av meg såg han mot lysa i Florø...

Brått braut nissen roa. Han hadde fått julekort frå sjefsnissen på Moldura. Der var dei sterkt uroa av lysemenn òg. Dei hadde teke bilder og styrte med kart og måleinstrument. Somme meinte at det var store luftspenn og master dei skulle byggje - oppe på det ville urøyrde fjellet! Kunne det tenkjast slik galskap?
Nissen min spurde om eg hadde høyrt noko. Eg sa som sant var at det var løye vi skulle treffast i dag, for slike planar hadde eg nettopp lese om. Lysemennene ville helst unngå å byggje oppe på det flotte og veirutsette fjellet..

Då smilte nissen igjen av glede,og tok meg hardt i handa, og spurde om eg meinte det same. Eg lo nok litt høgt for han skvatt til, men han heldt likevel fast i handa mi. Så sa eg: kjære nissen min - du kan skjøne at eg ikkje vil ha lysemenn med uniformer opp på fjellet på sørsida heller. Det blir ikkje noko byggjing der - då ser eg raudt! Kjem dei dit skal dei få med meg å gjere. Dei skal få så mykje bråk som dei aldri har fått før! Nissane i Langeberget og Moldura kan lite på meg. Då slo nissen seg på knærna og hoja og lo av glede! Han sa eg var den kjekkaste han hadde snakka med på lenge, ja eg var ein ekte nisse...kunne eg bli hans venn? Ja, kjære nisse sa eg, det er den kjekkaste julegåva eg kunne få! Og ha ein ekte sjefsnisse som venn er den mest dyrbare gåva ein kan ha i livet. Då tok nissen meg rundt halsen og gav meg ein god klem på kjaken...

Vi vart sittande slik litt å halde rundt kvarandre, nissen og eg.
Så sa eg til han at eg skulle komme på besøk ein gong til før jul med meir graut. Vener må syte for kvarandre no i høgtida. Men no måtte eg heim igjen. Eg hadde ein liten nisse sjølv heime som venta på meg! Nissen såg på meg med store og takksame auge. Så sa han at dette var den beste dagen han hadde hatt på lenge, og ba meg om å ynskje god jul til dei heime. Vi vinka kvarandre farvel der i lyset frå hovudlykta mi nissen og eg. Varm om hjarta og takksam for min nye ven traska eg heim igjen i mørkna...



Sjefsnissen i Skylefjell og eg

torsdag 20. desember 2007

Trimrutine


Lite å rope heim om frå Skylefjellet i kveld. Enkel og grei måneskinnstur med antydning til nordlys. Stilt og fint med temperatur rundt 0. Eg brukte hovudlykta på deler av vegen for å sjå isen betre. Litt glatt, men fin fin tur!

tirsdag 18. desember 2007

Hallingkast i måneskinn


Litt av "Lysløypa" går på motsett side av vatna midt i bildet

Fantastisk måneskinn i kveld gjorde at eg kunne gå heilt på Skylefjellet utan lys i hovudlykta. Einaste partiet eg måtte ha hjelp, var nede ved granfeltet der trea skugga for månen! Ja, og så på toppen for å skrive inn namnet i boka....

Det var så vakkert oppover! Måneskinn og flott stjernehimmel! 4-5 minusgrader og funklande frostkrystall overalt...Kor lett det er å puste inn den herlege kalde og forfriskande lufta. Og så går det raskare å ta seg fram når det myrlendte terrenget er frose. Krefter spart!

Frose ja...På veg ned igjen trakka eg på ein issvull med eit påfylgjande hallingkast. Fullstendig ute av kontroll greidde eg å ta meg halvveges for, men måtte ta noko av støyten på skuldra. Og trur du ikkje at litt lenger nede bar det til på same måten? Då greidde eg heldigvis å ta meg igjen. Det gjekk egentleg heilt greitt, men kunne fort ha gått verre. Er ikkje sikkert det var så lurt å gå i berre månelyset når issvullane enkelte stadar var usynlege...

Eg tenker framleis med gru på den gongen inne i Rørvika då eg tryna, og løkka på staven gjorde at handa hang igjen, og eg ikkje greidde å ta meg for. Eg måtte ta heile fallet og vekta på albogen. Og sjølvsagt landa eg på ein diger stein!
Svarte svingande kor ilt det var!!
Heldigvis var to dagars turen nesten til endes, og vi var berre 10 minutt frå vegen. Rett på akutten bar det med albogen ute av ledd, og to veker sjukemelding. Eg måtte ha mykje opptrening og fysioterapi etterpå for å greie å strekkje ut armen. Heilt som før vart albogen aldri, og framleis kjenner eg smertene når eg strekkjer armen heilt ut....Dette er 2,5 år sidan. Eg er sikker på at Agnaren hugsar den turen endå...:-) Etter den historia lærte eg meg å løyse hendene frå løkkene på stavane når eg går nedover i ulendt terreng, eller når det går fort over stokk og stein.

Eg hadde litt moro undervegs oppover å tippe akkurat kor stikkene stod. I kveld såg eg jo ikkje refleksane, sidan eg ikke nytta hovudlykta! Artig kor ein greier å memorere slikt.

Og så var det orrfuglen igjen då på veg heimover! Eg kvapp så eg gjorde anskrik...Han fauk opp med bulder og brak rett framfor føtene mine! Og i kveld utan lys på hovudet. Du går jo der i måneskinnet i andre tankar og anar fred og ingen fare....! Utruleg kor nakkehåra reiser seg på eit blunk når du skremmer opp orren....

Etter å ha vore opp nokre gonger om kveldane i det siste, kan eg trygt seie at det var eit flott påfunn å sette opp vegstikkene til Skylefjellet. Ved hjelp av desse er det no mogeleg med ein passeleg lang kveldstur opp dit. God kveldstrim som andre òg burde nytte seg av no i mørketida. Kom igjen folkens - det er berre å skaffe seg ei brukande hovudlykt og snøre skoa!!

søndag 16. desember 2007

Vårleg julestemning på kysten


Stien til Skylefjellet går forbi eit granfelt nedom Rinda. Foto 8/12-07

Etter ein roleg 3. sundag i advent heime, med nokre skuffande sportsresultat, måtte eg ut å lufte vetet. Eg tok difor "lysløypa" mi igjen i kveld. All isen som låg i stien opp torsdagskvelden var no fordufta, og det var for det meste tørt og fint å gå oppover.

Var det ein eim av vår i lufta opp til Rinda? Eit snev av varm luft i mørkna? Eller var det solsnu som virka inn? På toppen vart iallefall alle slike illusjonar effektivt sløkt..eg vart iskald i løpet av sekundar i den kalde vinden. Tynnkledd, sveitt og med valne fingrar var det berre å komme seg nedatt bakkane med det same!

Mismotet som ulma før turen, var borte som dogg for sol!
Det er alltid like stimulerande å få sveitte ut!

lørdag 15. desember 2007

Fjellet krev sin mann


Flammande himmel i Stongfjord-fjella i dag

Olaug køyrde meg ned til vassverket i Holmedal i dag tidleg. Eg ville gå nordatt til Stongfjorden og ta med nokre av toppane undervegs. Veiret såg veldig bra ut i 7-tia med glitrande stjernehimmel, men vermeldinga kl 08 melde overskya.
Nede i Holmedal såg det brukbart ut, men tunge blågrå skyer låg faretrugande rett utanfor..

Første signalet på at det kanskje ikkje vart den strålande dagen eg trudde, var då eg kom opp til Nyksvatnet. Skodda dreiv fort på oppe i Moldura, og sola såg eg berre så vidt i før nemnde skyer slukte alle strålane.

Eitt av måla med turen var opprinneleg Moldura. Men oppe under siste oppstigninga mot topplatået bestemte eg meg for å ta beint nord i retninga Fanafjellet i staden. Forholda var alt særs utrivelege. Eg gjekk inn i skodde så tjukk som graut. I tillegg var vinden så sterk at eg hadde problem med å fote meg. Skaren var reinast for is og rekne, blankpolert av den sterke vinden. Icer;s isbroddane hadde eg teke på forlengst. Eg vurderte difor situasjonen som så utriveleg og litt på kanten at eg ikkje toppa ut. På toppen har eg likevel vore mange ganger...

Det var faktisk litt problem med å orientere seg bort til Fanafjellet òg, i rein white-out med snø, skodde, flatt lys og den knallharde vinden...Men det gjekk no etter måten greitt når eg kom meg ned igjen frå oppe under Moldura...

Inne ved Mannskaret, i ly på nordsida, fekk eg på meg skikkeleg med klede og tok eit par slurkar saft og litt rosiner. Synnavinden tek noko enormt her oppe. Gjennom Fagredalen frå sør samlar den krefter og på toppen kjem den som i utløpet av ei trakt. Nokre vanvittige krefter som nesten må opplevast. Men du ser det godt på landskapen at vinden tek godt. Sjølv ikkje ein einer gror her...

Både ved Svarthamrane og på Skålefjellet låg skodda. Eg tok likevel inn att den merka løypa og klatra opp Svarthamrane på sør-vestsida. På toppen vart eg møtt at dei tøffe forholda igjen. Sjølv om det ikkje var nedbør i lufta var det som om skodda la eit fint snølag på steinane likevel. Skodda avgjer jo fukt.. Men dette fenomenet har eg ikkje sett før. Du kan sjå det på nokre av bilda.

Eg gjekk så vidare nordover mot Skålefjellet. Her er eg så godt kjend at skodda ikkje gjer noko. På toppen tok eg meg litt mat og sette meg i skjul bak eine varden. Faktum var at turen ikkje var så værst likevel. Med litt mat og gode klede gjorde veiret ingen ting. Sjølv om det ikkje var allverda å sjå i dag, sentrum av Stongfjorden kom og gjekk i tåkehavet, er det ein eigen god følelse å sitte på toppane å "skode ut over almugen" der nede...:-)
Så sjølv om broderen prøvde så godt han kunne med å psyke meg ut med SMS for å få meg ned igjen til julevask, sat eg ei heil stund å tenkte at jula kjem å går uansett - krumkaker, julevask eller ei..Men eg måtte no heimatt til slutt.

Det er eit parti som er litt bratt og i dag isete eit stykke nedom toppen på Skålefjellet. Eg var glad eg hadde isbroddane. Utan hadde det blitt problem, og ikkje reint ufarleg å komme seg ned dette partiet. Eg hadde gått med broddane heilt sidan borte under Moldura. Vinden polerar som sagt effektivt skaren her oppe til is, og det er mange plassar risikabelt å ta seg fram utan broddar. Utover vinteren er det sjeldan eg går utan at broddane er med i sekken.

Ved Alteret var snøen slutt og eg kunne lette på kleda og utstyret. Eg kom meg greitt ned att til bygds, der fruen var på butikken med bilen, så eg slapp å gå asfalten heim igjen i fjellskoa.

Det bar rett i dusjen...Dusj etter fjelltur gjer alltid underverk på ein sliten og gjennomkald kropp ....

Vinter i Stongfjordfjella 151207_3

torsdag 13. desember 2007

Synnavind i Yndestadfjellet


Utsikt vestover frå Toreheia i gåretning Skylefjellet

Eg høyrde vinden dundre inn i Yndestadfjellet då eg kom heim etter arbeid. Typisk synnavind som tek skikkeleg oppe i fjellet, men er som ein lett bris nede i bygda. Vind frå denne retningen blir effektivt stoppa i sør av Størdalsstauren og Moldura frå å ramme nede i bygda, men slår til med full styrke igjen oppe på fjellet på nordsida.

Lysta på kveldstur med hovudlykta var likevel så stor at vinden skulle eg alltids takle. Det har vore eksepsjonelt mykje vind oppe i fjella i haust. Det er meir regelen enn unntaket.

Trimturen opp på Skylefjellet i kveld gjekk difor heilt som forventa. Isande vind reiv og sleit i kroppen mot toppen som forventa. Eg skreiv meg inn i boka i all hast og kom meg derifrå fortare enn svint. Tynnkledd som eg var, gjekk unnabakkane heim igjen kjappare enn på lenge..

Det er ei sælebot å få litt luft under vengjene etter arbeid...

tirsdag 11. desember 2007

Glitrande krystallar


Utsikt mot Skylefjellet

Nydeleg vinterkveld på Skylefjellet med petzelen. Frostkrystallar glitra omkapp i skinet frå hovudlykta. Og stjernehimmelen såg du aldri så klar og vakker. Verkeleg ei sælebot å komme seg ut i den kalde og oppfriskande vinterlufta etter ein dag på kontorstolen!

Stien opp var noko isete i kveld, spesielt nedom Rinda. Enkelte parti med småsitler var ikkje tørka opp etter siste regnperioden og er no frosne. Litt obs bør ein sjølvsagt vere så ein ikkje ligg på nasa. Men det er ikkje noko problem å trakke utanom isen heller. Verre er det sjølvsagt hvis det kjem eit tynt snølag opp igjen på, så ein ikkje ser isen. Då kan ein oppleve dei artigaste krumspring..! Er du litt skeptisk til slikt tournament, er det berre å feste eit par isbroddar under skoa og trakke avgarde.

Vegstikkene og refleksane fungerer akkurat slik dei skal heilt til topps. Ingen problem med å ta seg opp og ned. Det er berre for andre å hive seg rundt òg! Ja, opp av godstolen og ut i den flotte vinterkvelden...gløym julekav og søte kakesortar!

søndag 9. desember 2007

Vintersol i vinterland


Pause med panoramautsikt frå Størdalsstauren mot Stavenesodden

Eg tok avgarde frå Oslandsbotnen i dag tidleg kl 09 med ferdig pakka vinter-sekk innehaldande det meste av klesbyte, ekstra huer og vottar, Icer;s isbroddar og litt mat og saft.
Eg følte meg i fin form. 5-timars fjellturen i går kjende eg ingen ting til. Og julebordet i går kveld køyrde eg heim igjen frå tidleg ...:-)
Funklande stjerner i grålysninga og 3-4 minusgrader heime tala for ein frisk og solrik dag oppe på fjellet. Veirmeldinga kl 08 gav òg von om det same.

På toppen av Brekka var det eit godt austleg drag i lufta. Ganske kjøleg vind traff meg, kun iført trøye i ull og ei lett treningsjakke, hue, hanskar og den vanlege vindtette Bergans-buksa mi. Eg likar å gå oppover med minst muleg klede, noko som gjer at eg må halde meg i god rørsle heile tida for ikkje å bli gjennomkald...!

Eg gjekk vidare forbi Botnastølen og opp i Svædalen. Både Botnastølsvatnet og Svelivatnet var smekkfullt av vatn og isfritt. Ved midterste demma på sistnemnde, rann vatnet over overløpet. Stongsvatnet som er regulert i samband med dei to andre er også fullt. Så SFE har visst litt i reserve her oppe no!

Turen gjekk vidare oppover Svædalen, forbi "veirehytta" (her er beite for veiren om sommaren og det er sett opp hytte for tilsynet sin del) og opp på heia. Her tok eg nordover for å ta med meg Skålefjellet og fjelltrim-posten der. Sola rann i sør ved Smørskornova då eg var nesten komen til topps. Brått sang eg "den glade vandrer kalles jeg"....Hadde nokon høyrt meg då hadde dei nok tenkt sitt...:-)
Humøret og formen var førsteklasses i den tidlege morgonsola!

På Skålefjellet var austavinden ganske frisk. Tynnkledd og sveitt som eg var, vart eg kald på ein augneblink. Så eg knipsa nokre få bilder, m.a. av eit mørkt og kaldt sentrum i Stongfjorden, og tok søratt mot Svarthamrane.

Ved ein hammar som tok av for austatrekken litt lenger sør, kledde eg av meg dei sveitte og kalde kleda, og tok på meg ny ulltrøye, ullgensar og vindjakke (sjekk nakenfoto frå mobil:-)). Ilag med ny ullhue og nokre munnar saft gjorde dette underverk...

Frå Svarthamrane er det flott utsikt mot Dalsfjorden, Holmedal og Straumsnes. Nydeleg var det med vintersola i sør. Ein av dei finaste plassane eg veit om, er ved Siklabergvatna på Holmedalsida av fjella. Diverre såg eg frå oven at området låg i kald skugge og frose vatn med snø på, så det freista ikkje å gå ned og vestover her i frå. Nei, eg ville halde meg i sola på toppane! Eg gjekk difor vidare vestover Svarthamrane. Frå utsiktspunktet her såg eg sola gylte landskapen vidare vestover i gåretningen min. Eg klatra difor ned på vestenden. Nedstigninga var litt småskummel, bratt som det er her, pga is og glasert skare. Eg sklei ein gong, men tok meg fort innatt. Var inne på tanken om å ta på meg "spikermatta" som eg hadde i sekken. Men eg fann ein veg ned etter litt fram og tilbake utan å ta dei på.

Eg kom meg ned på den merka stien som går frå Stongfjorden til Nipebu, men tok av frå denne ved Mannsskaret og heldt vidare fram vestover. Eg klatre så opp bakkane rett nord om Fagredalen og heldt fram opp på Fanafjellet. Her var sola forsvunnen bak Moldura og trekken var ganske kald. Eg tok nokre bilder og heldt fram nord om Moldura med Størdalsstauren som neste mål. Ved Storehogjen fekk eg igjen sola. Lite snø prega siste stykket ut. Haustlege fargar i lyng og gras spegla seg idyllisk i den låge vintersola.

På toppen av Størdalsstauren tok eg meg ein bra rast i sola (sjekk hovudbilde). Med utsikt nedatt i Stongfjorden som låg iskald og i "skuggenes dal", var det lite freistande og gå nedatt nordsida i skugge med ein gong...Eg tok meg difor eit par skiver og litt saft og la meg godt tilrette i den vindtørka lyngen. Med panoramautsikt ut fjorden, til Alden og Stavenesodden er Størdalsstauren utruleg flott. Ein vestleg bauta mot havet. Sola var framleis oppe utover nordsida av Stongfjorden. Eit vinterland utan snø. Og havet låg bada i vintersol utan ei krusing på yta. Vakkert!

Ei skikkeleg vintervandring på 6 timar i Stongfjordfjella var nesten til endes. Eg tok nokre ekstra knips med fotoapparatet rett før sola gjekk ned sør om stauren.
Så følgde eg den gamle ruta mi bratt ned nordsida til Stafsnes.
Olaug kom og henta meg og vi køyrde i Oslandsbotnen for å hente bilen.

Det har vore ei fabelaktig turhelg med turen i går og i dag. No får vi håpe vi er like heldige med veiret i helgane som kjem! Forholda i fjellet er flotte no. Skaren som kom med kulden har gjort snøen god å ta seg fram på. Det er berre å komme seg ut! Fjellet kallar....


Vinter i Stongfjordfjella 091207_2

lørdag 8. desember 2007

Himmelsk lysspel i adventstid


Gudane held adventsfest i Stongfjord-fjella

Du verden for ein tur. For eit herrens fyrverkeri i lys og vinterlege fargar. Eg vart nesten djupt relegiøs på flekken. I skrivande stund kan eg ikkje hugse å ha vore med på ei liknande oppleving ein adventsdag!

Eg tok av garde i 9-tida straks etter det var lysna av dag. Var litt inne på tanken å gå opp att på Skålefjellet, men klok av skade frå forrige helg og baksinga i snøen då, bestemte eg meg for rundturen over Yndestadfjellet-Toreheia-Skylefjellet.

Eg gjekk opp vegen til Hans;en som vanleg - var jo egentleg rett nedattkomen følte eg, frå i går kveld...:-) Men i dag tok eg opp Selda og ikkje over Rinda. Første skoddedottane traff meg rett over Selda. Men eg såg at det ikkje var av det tjukke slaget, så eg heldt berre fram.

Oppe på Yndestadfjellet var skodda letta på nordsida mot Krækavatnet, men låg som ein tjukk graut på sørsida av fjellet. Eg såg aldri Stongfjorden i dag, før eg var komen ned igjen!! Skodda låg som eit lok over bygda eit par-tre hundre meter oppe. Det er ei oppleving å sjå ned på skoddehavet....!

Oppe ved Toreheia letta skodda og skylaget, og sola stakk gjennom. Eit eventyrleg lys utspelte seg akkurat då eg var på toppen! Skyer i fleire fargar, vinterlege lange skuggar, skoddedottar, blå himmel, frost og snø laga ei fantastisk kulisse for meg der eg sat. Eg følte det som om gudane heldt eit vinterleg lysspel til ære for meg...Eit overnaturleg og dramatiske skue!
Eg klikka mitt enkle lommekamera det eg vann......!

Etter å ha bytta litt sveitte klede tok eg ryggen som går nordvestover nedatt på nordsida av Krækavatnet, og oppatt på Skylefjellet. På toppen her låg skodda som ein tjukk graut. Eg skreiv meg inn i boka - ingen hadde vore der sidan eg skreiv meg inn i går kveld. I dag tok eg meg tida til å byggje opp att og fikse på varden. No ser han nokolunde bra ut.

I tjukk skodde-graut tok eg løypa "mi" ned igjen mot Rinda og til bygds. Eg sette opp nokre nye vardar under vegs, og flytta eit par av vegstikkene litt.
Skodda letta heilt opp igjen i lia nedom Mangevatna. Igjen vart det eit vakkert lysspel nede mot hytta til Skåren og Svartevatnet. Sola stod akkurat ute i Eidsfjorden og skein sine vinterlege stråler i fjorden som skimrande sølv...!

Eg var allereie komen ned igjen på Rinda utan at eg heilt visst om det. Tankane mine var i de himmelske sfærar, og til lysspelet eg hadde fått vere vitne til!
For ein tur! For ei oppleving!
Eg var reint oppøst... Turen skal eg ta fleire gonger i vinter gjennom bilda...!


Vinter i Stongfjordfjella 081207_1

fredag 7. desember 2007

Herleg trimtur


Nøgd nattleg fjellranglar

God trimøkt opp på Skylefjellet i kveld. Ingen problem i det heile teke med å finne vegen opp og ned! Jammen var all snøen forsvunnen igjen! Det var ganske blautt etter alt regnet. Eg brukar alltid gamasjar, og dei kjem godt med når det er vått og gjørmete. Ein slepp å få alt mulig opp i skorna, samtidig som ein held seg tørr oppover buksa.

Det er berre fantastisk å sitte på toppen av Skylefjellet i mørkna og sjå kor eventyrleg med lys det er borte i Florø og utover alle øyane. Her oppe har du panoramautsikt til lysflaumen som speglar seg bortetter heile Stavfjorden mot Svanøya. Dette synet må berre opplevast!

Eg var nesten komen heim igjen då ei forundra kattugle vart opplyst av hovudlykta mi. Ho sat i eit tre rett ved sidan av vegen oppe i lia. Eg stod på ca tre meters hald. Veldig artig kor ho skakka på hovudet i lyset. Ho sat vel i ro der i 10-15 sekund, men då eg sakte smaug handa etter mobilen får å få teke eit bilde flaug ho sin veg...!
Kjekk oppleving, orren hin kvelden og kattugla no...Kva blir det neste varmblodige eg treffe på der oppe i svarte natta.....?

tirsdag 4. desember 2007

"Skylefjellet by Night 2"


Deler av vegstikke-løypa går frå venstre til høgre i bildet mellom vatna.
Toppen av Skylefjellet ligg rett i utkanten av bildet t.h. som er teke på veg ned frå Toreheia


Var det fint veir og god sikt då eg gjekk opp på Skylefjellet etter at det var mørkt i går, var det dessto verre i kveld. Eller, det vil seie, det VART mykje verre. Det var ikkje så gale då eg gjekk oppover i 18 tia, litt regn og eit sørleg drag i lufta. Men oppe ved toppen vart det skikkeleg utriveleg med synnakuling og snø. Eg hadde med meg vegstikka som nemnt i går, og plasserte den oppe ved toppen der eg tok feil sist. I kveld var det ingen problem å finne ned igjen. Faktum er at dei ekstra refleksane eg hadde knytt på stikkene blafra og skein godt i vinden.

Eg gjorde meg eit par erfaringar i dag òg som kan vere greie å ha med seg for dei som har tenkt seg oppover i svarte natta. Som sagt snøa det noko mesteparten av vegen opp og ned igjen. På den vesle tida eg var ved varden og skreiv meg inn i boka, og tok eit par bilder som snarast, var spora vekke på tilbaketuren! Vinden og snøen hadde effektivt sletta alle spor! Så - ikkje lit på sporsnøen. Det bles ofte veldig mykje oppe i fjellet her ved kysten. Spora er difor vekke på ein augneblink. Vegstikkene med refleks på var gode å ha - utan dei hadde det lett blitt problem!!

At veiret snur brått om vinteren veit vi. Det er sjølvsagt viktigare enn nokon gong å høyre på veirmeldingane. I dagslys er det ofte lett å følgje med kva veir ein har i vente. Du ser fort om skodda kjem. Du ser dessutan byene som fær og går oppe i fjellet. Fargen på skyer som er på veg inn frå havet eller frå sør fortel også sitt. I mørket er sjølvsagt dette umogeleg. Det er veldig viktig å vere obs på. Hadde eg SETT kva som var på gang i går kveld hadde eg truleg skunda meg meir mot toppen. Då kunne eg ha komme meg fortare der i frå, slik at uveiret hadde treft meg langt på returen i lågare strok. Ikkje for det, nokon fare var det aldri på grunn av stikkene. Men tøft vart det! Trur absolutt det var rett å komme seg ned att fortast mogeleg ja:-) - og i skrivande stund hyler vinden oppe i fjellet. Eg veit korleis det er...!

(Fjellomanen Anita M. lurte på om eg var komen ned igjen i kveld - takk for omtanken:-))

(Fjelloman = ein som går mykje i fjellet (uttrykket har Marie opsjon på. Var første gangen nytta på ein telttur ved Leknesvatna for nokre år sidan då eg føreslo at vi skulle gå opp på Eitrenipa òg...:-) "Gustav du er jo heilt fjelloman")

Ta gjerne med deg erfaringane mine i desse to stykka hvis du har tenkt deg oppover om kvelden. Lurer du på noko kan eg prøve å svare, anten på e-post eller 97169357.
Du er som alltid sjølvsagt velkomen til å skrive ein kommentar.

mandag 3. desember 2007

"Skylefjellet by Night"


Svarte natta på toppen. Varden treng visst ei oppshining...

Så lett som ingen ting? Kanskje...Nesten...Jomfruturen på Skylefjellet i kveld var iallefall ei ny erfaring.

Eg gjekk oppover kl 18 utstyrt med den vanlege Petzl Tikka Plus hovudlykta mi. Den er lett og god å ha på hovudet og lyser godt med sine 4 LED lampar. Liten og lett å putte i lomma er den òg. Lykta har ca 80 timar brenntid på maks styrke - har 3 stiller og stille for blink. Eg har gått med lykta i plaskande regnveir og den har aldri svikta!! Prisen ligg på vel 400, men då får du ei av god kvalitet. Eg skifta batteri (3AAA) før eg gjekk for å vere sikker på at den lyste godt. Dessutan hadde eg ein billegvariant i lomma hvis det skulle skje noko med Petzlen.

Det var stjerneklart og flott temperatur å gå i. Men eg merka at steinane var ganske glatte grunna skifte til mildare veir. Det låg òg eit lett snølag i terrenget som gjorde at eg måtte vere ekstra på vakt mot å ligge langflat.

Dei seinare åra har eg vorte van med å bruke stavar i fjellet. Eg meiner absolutt det er ein fordel. Spesielt oppover tek du deg lettare og raskare fram enn uten. I tillegg får eg bruke overkroppen og armane (elles heng no berre armane der og dinglar). Dette avlastar både kne og føter. På denne tid av året brukar eg nokre gamle skistavar (litt kortare enn dei vanlege) som har større trinser enn gåstavane. Det er ein fordel med større trinser i snøen, samtidig som broddane på skistavane er kvassare enn på gåstavar. Ein kan meine kva ein vil om å nytte stavar i fjellet, men på snødekt og glatt underlag er dei nesten eit must!

Det gjekk veldig lett oppover - nesten for lett tykte eg. No ligg det ikkje snø i låglandet hjå oss, så opp på Rinda var det berre å følgje stien. Lenger oppover sto vegstikkene mine som perler på ei snor. Men no må eg opplyse av det var veldig god sikt i kveld. Med nokre få unntak såg eg frå stikke til stikke. Piece of cake, eg skreiv meg inn i boka før 19.30.

Eg sat nokre minuttar på toppen. Du verden kor lys det var borte i Florø...og stjernehimmelen var aldeles praktfull. Nokre lette snøfnugg segla gjennom lufta. Det var advent og eg følte meg meir i takt med meg sjølv enn på lenge...

På veg ned igjen bomma eg på retningen nesten oppe ved toppen. I partiet der ein svingar frå aust til sør i gåretningen, gjekk eg for langt aust og var brått ute av kurs. Eg forstod det nesten med det same, men var likevel på god veg mot Krækavatnet....:-) Eg lyste litt rundt, men fann ikkje igjen vegen. Difor var det greitt å gå tilbake der eg kom i frå. Etter nokre minutt såg eg den førre stikka og gjekk oppatt til den. Då fann eg retningen ganske kjapt.

Eg lærte to ting av dette. For det første manglar det kanskje ei stikke her - det trur eg faktisk er den einaste òg. Det skal eg sjekke og fikse seinare i veka. For det andre er det viktig å halde konsentrasjonen oppe. Eg slappa nesten litt for mykje av etter at eg var komen opp. På veg ned igjen var eg i andre tankar og var brått ute av kurs.

Resten av vegen heim var heilt problemfri. Eg kvapp rett nok så det isna nedetter ryggen då ein orrfugl brasa opp framfor føtene mine nede under skoggrensa. Det var sikkert like gale for han stakkaren som for meg...:-) Kjekt med litt spenning åleine i mørket...:-)

Skal eg rå andre til å gå opp med hovudlykt? Tja...Som ansvarleg for å ha sett opp stikkene vil eg vel gjerne at to eller fleire går i lag. Eg tek iallefall ikkje på meg noko ansvar om noko tutlar seg vekk oppe på fjellet. For det går godt an. Rotar ein seg ut med Mangevatna er dei mange og like. Så eg ser ikkje vekk i frå at det går an å gå seg vill, iallefall i skodde og dårleg sikt. Er du ikkje særleg kjend er det difor greitt å ha med ein person som føler seg litt trygg på vegen og har vore her nokre gonger før. Eg er sjølvsagt tilsnakkandes å guide opp ved høve. Men i skodde vil eg truleg late vere å gå sjølv. Då står stikkene for langt frå kvarandre, samtidig som eg trur skodda "vil ete opp lyset", og ikkje nå refleksen på same måten som når det er klårt som i kveld.

Eg gjorde òg ei erfaring med stjernehimmelen. Det var lett å ta feil av stjerner og refleksen. Skinet var veldig likt! Føl du stjernene istadenfor refleksen hamnar du garantert på vidotta...:-)

Det vart eit lett snødrev i lufta etterkvart. Dette åt noko av lyset. Det gav òg gjenskinn som gjorde det vansklegare å sjå. Kanskje greitt å vere klar over.

Konsentrasjon har eg nemnt. Det er truleg lett "å prate" seg ut av kurs for eit jentefølgje på jomfrutur...:-)

Når dette er sagt var det ei fantastisk oppleving å gå opp på "Skylefjellet by Night" åleine. Du kjem på ein måte nærare deg sjølv enn elles når du går i mørket, langt vekke frå folk. Du får ein god dialog med deg sjølv...Og ikkje minst er det herleg å sitte i sofaen etter ein god dusj å memorere turen...!

Kanskje eg går opp i morgon igjen med stikka som manglar....?

søndag 2. desember 2007

Filibom-bom-bom


Titt, titt du forvitne røysekatt, midt i bildet

Eg såg det låg mykje snø oppe i Skålefjellet i dag. Men, søren, lysta på å prøve og komme seg opp var likevel så stor at eg tok av garde i grålysninga.

Det gjekk heilt fint oppover Gjerdedalen. Men eg var ikkje komen lenger enn opp i første, brattaste bakken før snøen låg tung og djup. Eg kava meg oppover, med eit lite håp om at det vart litt fastare etter kvart. Det var så tungt etterkvart at småpausane for å få att pusten vart tettare og tettare. Og sveitten rann i strie straumar! Snøen rakk til knea, ja mange plassar nesten til skrevs. Å dra på 80 kg opp det som i røynda er ein einaste bratt og lang motabakke var ei liding i dag!

Heilt ufarleg var det heller ikkje. For dei som har gått her før veit at det er litt kronglete å ta seg fram under skoggrensa. Og i blaut djup snø....Eg trakka ned mellom steinar, røter og djupe hol og aldri visste eg korleis underlaget var. Her kunne ein bryte eit leggbein før ein visste ordet av det. Og eit par gonger låg eg langflat med nasa i snøen då underlaget svikta...Hadde eg vore på veg nedover igjen, etter å ha vore på toppen, hadde eg ledd, men no.....

Eg stogga ved første elva under Alteret og tenkte, har eg vore så gåen på veg oppover før? Hadde eg vore i dårleg form kunne eg forstått det....Og "merke-turen" min på Skylefjellet dagen før var jo berre for småtteri å rekne...

Eg tok meg ein neve rosiner, og heldt fram...

Brått kikka det fram ein forviten røysekatt (midt i første bildet). Han skvatt rundt i bakkane og inn mellom steinane. Litt gøymd, men så vart forvitenskapen for stor igjen - og kikka fram for å sjå kva i allverda som hadde forvilla seg opp i fjellet i all denne snøen på to føter ....
Røysekatten fekk meg i godt humør igjen og heldt meg med selskap ei heil stund. Han var så artig denne karen at han var verdt heile turen åleine.

Det gjekk likevel berre eit kvarter vidare oppe i den tunge bakken over Alteret, då eg sa til meg sjølv, nok er nok, eg skal jo ned igjen òg...Eg må bruke vet! Det er eit bra stykke til toppen, i minst like djup og tung snø...Inga skam og snu heiter det visst, sjølv om det var fortærande å vere komen så langt og ikkje....! (er liksom ikkje det same å gå ned når du ikkje har toppa ut....). Litt molefonken snudde eg nasen mot Stongfjorden igjen...!

Agnar har visst tenkt å investere i trugar. Han trur dei hadde gjort susen i dag. Eg har ikkje trugar, heller ikkje er eg kjend med bruken. Eg er difor litt i stuss korleis dei fungerer i ulendt og bratt terreng som det er opp Gjerdedalen og vidare på Skålefjellet. I dag var snøen veldig blautt og djup i tillegg...
Er det nokon som har litt erfaring med trugar tek eg gjerne mot ein kommentar.

"Velsignelsen" ved Alteret var av rette slaget i dag -
for no er eg glad eg er frisk for nye slag -

Skålefjellet kan studerast frå stova i sia -
eg har jo vore der tre gonger seinaste tia...

Dei gamle fjell i syningom er alltid eins og sjå -
Heilt i kjellaren er det sjeldan verdt å gå...



Djup, tung snø opp mot Skålefjellet i dag. Bilde ved første elva.


Ingen skam å snu 021207

lørdag 1. desember 2007

Vegstikker på Skylefjellet


Siste stikka, med ekstra refleks, ved varden på Skylefjellet

Eg tok turen i dag tidleg og sette opp vegstikkene med ekstra refleks frå Sparebanken på ruta til Skylefjellet. Refleksen som eg sette på sjølv trur eg vil blafre litt ekstra i vinden. Den vil nok bli sett tidlegare enn den som heng i ro på bambusen. Veiret var bra, overskya med blygrå himmel, opplett og 4 plussgrader. Etter at det bles kraftig i natt, var det nesten stilt i dag tidleg. Til og med på toppen var det for ein gong skuld muleg å opphalde seg nokre minutt uten å bli blesen overende, eller fryse vetet av seg!

Eg brukte ein del ekstra tid ned igjen i dag, då eg sette opp nokre fleire refleks på nokre greiner. Eg hadde også teke med meg ryddesaksa og rydda litt greiner, einer og lyng. Spesielt eit parti nedom Mangevatna er veldig tilgrodd med lyng. Eg brukte ei heil stund på å lage sti gjennom dette villnisset. No er det håp om at alle som går her brukar denne råsa, slik at det blir god sti opp denne bakken. I tillegg sette eg opp nokre ekstra vardar undervegs oppe ved toppen, og enkelte andre vart fiksa litt på.

No blir det litt spanande å sjå om det er tilstrekkeleg med refleks på vegen opp til at det er greitt å ta seg fram til toppen i mørkna. Truleg blir jomfruturen i morgon kveld hvis veiret er nokolunde lageleg.


MMS Vegstikke-turen på Skylefjellet 011207

fredag 30. november 2007

Utgreiingsprogram for 132 kv kraftlinje frå Lutelandet til Grov


Utsikt mot Kyllaren frå Eidselva på veg til Kalderasnipene nord om Dokka - kraftlinje frå Nordeide i området?

Utgreiingsprogrammet for 132 kv kraftlinja frå Lutelandet til Grov ligg no tilgjengeleg på NVE sine nettsider.
Bakgrunnen for utgreiingsprogrammet kan du òg studere på heimesida .

Her ligg klipp frå aktuelle trassèval:

• Et alternativ med parallellføring av 132kV ledningen på sørsiden av eksisterende 66/22 kV
linje (sør for skytebanen og Hellesetvatnet), jf forslag fra Askvoll kommune, Kari
Margrethe og Anders S. Ringstad og Jostein Erikstad.

• Traséjustering av alternativ A1m bort fra strandområdet ved Bakkevatnet, jf innspill fra
Askvoll og Holmedal jakt- og fiskelag.

• Et alternativ til A2 hvor ledningen planlegges litt lenger øst, midt mellom husene på
Ringstad og husene på Helleset, jf forslag fra Sogn og Fjordane Turlag.

• Et alternativ hvor ledningen planlegges nærmere Eidsfjorden fram mot Furefjellet med
videreføring langs Stongfjorden via Vågeskardet. Alternativet forutsetter at Markevatn
transformatorstasjon flyttes nærmere sjøen/nord for Øyravatnet.

• Et alternativ i vestlig retning fra Markevatn transformatorstasjonen, gjennom Vågeskardet,
på østsiden av Oslandsvatnet, over/forbi Botnastølsvatnet og Svædvatnet, forbi
Rivedalskletten og vestover i A1l til Ringstad, jf forslag på folkemøte i Askvoll og fra
Sogn og Fjordane Turlag. Alternativet forutsetter at Markevatn transformatorstasjon flyttes
nærmere sjøen/ nord for Øyravatnet.

• Justering vestover eller sørover av alternativ A2, hvor ledningen er planlagt ved
Stongstølen og Oslandsbotn, jf forslag fra Askvoll kommune og Askvoll og Holmedal jaktog
fiskelag.

• Et alternativ fra Nordeidet via Svædvatnet og videre nordover til Oslandsbotn hvor A2
følges til Markevatn. Et alternativ fra Nordeidet til Stordalen hvor alternativ A1j følges til
Markevatn, jf forslag fra grunneierne på gårdene Gjerde, Stang og Stafsnes i Stongfjorden.


Eit stort spørsmål er likevel - treng vi egentleg denne linja? Truleg blir Gjøafeltet forsynt med straum frå Mongstad..Og vindkraftprosjekta både på Lutelandet og i Solund er kontroversielle. Pr i dag er dei vel truleg heller ikkje lønsame.
...så kva skal vi med linja då...?

Eg skal ikkje kommentere vedlagde alternativ no. Mine synspunkt er vel kjende for dei fleste frå før. Eg stiller meg bak turlaga sitt syn. Utgangspunktet vårt er at verdifulle naturområde, som ikkje er skjemde frå før, i størst mogeleg grad blir skjerma for den nye kraftlinja. Då seier det seg sjølv at SFE bør ta ei enkel vurdering av enkelte av alternativa. Konsesjonssøknaden blir då truleg to eller tre av trassèane ovanfor i prioritert rekkefølge. Eg reknar med at dette truleg er klart rundt nyttårstider sidan dei har det travelt...!?

Alle kan ikkje gjerast til lags i denne kraftlinjesaka. Eg har likevel god tru på at SFE finn beste løysinga totalt sett, og skånar mest mogeleg inngrepsfri natur oppe på fjellet.
Vi har lite igjen av det på Askvoll-halvøya.

tirsdag 27. november 2007

Merking og etikk


Agnar og underteikna rett aust for Nipevatnet

Eg hadde nokre meldingar med Agnar i dag som utløyste litt diskusjon oss i mellom.
Eg veit han likar å pirke bort i meg når eg kjem med idear om eitt og hitt:-)

Det har seg slik at eg før om åra har gått ein del på Rinda (Stongfjorden) med hovudlykt i mørkna om vinteren. Det er jo ikkje særleg langt opp dit. Det er bra sti og lite problem med å finne vegen. Eg har no fundert på å gå vidare opp på fjelltrim-posten på Skylefjellet i mørkna. Det er sti eit stykke forbi Rinda, medan siste stykket mot toppen er utan sti, men med nokre spreidde vardar. Både stien og vardane forsvinn sjølvsagt når det kjem snø, så slik sett er det verre og truleg litt utrygt å gå heilt opp på posten i mørkna utan noko slags form for merking. Det er greitt så lenge som ein kan sjå spor og skispor, men det er ikkje alltid det er forhold for dette ute hjå oss. Spora kan dessutan snøe ned og fyke igjen medan ein er oppe ved toppen. Det er sjølvsagt lite triveleg å ikkje kunne orientere seg - spesielt i mørket.

Eg har difor fått tak i ein del gamle vegstikker av bambus med refleks på som vegvesenet brukte tidlegare. Eg tenkte at ved hjelp av hovudlykt kunne desse vere tenlege med "å lyse opp vegen" siste biten mot toppen. Eg har sjølvsagt tenkt å kappe desse på lengda. Meininga er å ikkje plassere dei altfor nær kvarandre heller, slik at "spenninga" med mørket blir teke vare på .....Dette kan dessutan vere eit "agn(ar)" for fleire til å komme seg ut av sofaen i mørketida òg. Fleire som går på fjelltrim-posten på Skylefjellet har stilt seg positive. Sjølvsagt skal stikkene takast ned seinare i vinter når lyset kjem tilbake, så tiltaket er jo heilt reversibelt! Stikkene er då vekke når sauene blir sleppt på beite. Og hjortejakta er vel snart ferdig, er den ikkje?

Spørsmålet er: kan dette kallast miljøvennleg? Det er sjølvsagt eit poeng at stikkene med refleks på er eit framandelement oppe på fjellet. Men eg er vel av den oppfatning at det positive med å komme seg ut, og opp også i mørketida må vege tyngst? Det er ikkje så mange som går her oppe på denne tid heller som ville ta anstøt. For å dra dette litt lenger, så er vel ikkje skitrekk med sine "lanterner", lysløyper o.l. særleg miljøvennlege heller? Men dei er vel likevel i all hovudsak sett på som noko positivt som får folk ut på ski og i aktivitet også no i mørketida.

Eg trur difor at den miljømessige sida av dette må vike for den positive gevinsten det er å bruke fjellet også på denne tid av året, også etter at det er mørkt. Det er ikkje alle unt å ha eit skitrekk eller ei lysløype i nærleiken heller.

Dersom nokon har synspunkt på dette miljø-spørsmålet så skriv gjerne ein kommentar.

Epilog.

Etter å ha lese Liv sitt innlegg, finn eg grunn til å presisere at eg sjølvsagt ikkje tek noko form for ansvar om det skulle vere nokon som tutlar seg vekk eller går seg utfor fjellet i mørkna rundt Skylefjellet. Vegstikkene og refleksane er berre ei hjelp til å orientere seg. Ansvaret ligg som alltid på den enkelte som ferdast i fjellet.

søndag 25. november 2007

Heftig på Skylefjellet


Mobilbilde av Nordryggen på Toreheia og Yndestadfjellet i sol i går

Du verden for eit gòv vi vakna opp til i dag...I halv seks tida riste huset! Sterk nordvest kuling med storm i kasta, og sludd! Nesten moro å stå innafor glasruta og sjå ut....

Eg brukte morgontimane til ei lita rokkering av møblane i stova. Eg hadde nemleg kjøpt ny flatskjerm-tv dagen før som julepresang til oss. Ein Panasonic, Plasma som er (nesten) klin umuleg å oppdrive....! Tv-ane no til dags tek større plass i lengda og mindre i breidda enn tidlegare. Den gamle var 14 år gamal og filmar viste seg som ei smal stripe midt på skjermen. Eg måtte nesten sitte klin opp i for å skjøne kva som føregjekk. For ikkje å snakke om tekstane som nesten var uleselege for ein middelaldrande fyr. Så ei viss justering av møblementet måtte til. Eg trong naturlegvis større tv enn Kjell;en, som har 32 tommar..:-)) Vi gutane har i grunn stått stille utviklingsmessig:-)
Etter at den nye tven kom på plass er det omlag som å sitte på tribunen å følgje fotballkampane. Denne utviklinga har iallefall ikkje stått stille...!

Etter denne seansen fann eg likevel ut at det kunne vere greitt å komme seg ut litt. Fjellturane vil sjølvsagt ikkje gå på bekostning av den nye tven.:-)
Værste nedbøren hadde visst gitt seg.
Eg valde likevel berre å ta turen på Skylefjellet. For det var for langt på dag til nokon lengre tur. Det bles garantert skikkeleg oppe, men det var eg van med etterkvart.

Det ligg endå lite snø i fjellet her ute. Enkelte fonner må ein rett nok gjennom, men dei er ikkje store og heller ikkje særleg djupe. Eg har ikkje vore over ca 500 moh denne helga, så det er mogeleg det ligg litt meir snø høgre oppe. Men sjølv oppe på Moldura på 861 moh såg snøen stort sett ut til å vere avblesen.

På toppen av Skylefjellet bles det noko vanvittig som så ofte før. så både hender og knær måtte nyttast for ikkje å bli blesen overende! Eg brukte ordet ekstremt til Agnar. Han spurde kva eg la i det - han er van med at dalingane overdriv litt - eg sa som sant var at når eg held på å bli blesen utfor fjellet er det ekstremt.
Fruen som kom opp seinare meinte det var uforsvarleg å gå åleine, men den var no vèl dryg då...Har jo vore ute ein vinterdag før..!

Det vart reint folksamt etterkvart i dag. På veg heim igjen traff eg først Fruen og Anita, så Gisle og Kjell og tilslutt Nina frå Askvoll med turkompis. Trur dei sette pris på å få litt inside information om forholda oppe.

Obs. obs. framover - mørket kjem utruleg brått på ein. Du kan fort starte for seint på dag på slike relativt korte turar òg. Eg mørkna ute ein gong på Stølsfjellet i Rivedal i fleire minusgrader, i snø og utan ski var dette ikkje noko særleg moro - ikkje minst for dei som sat heime og uroa seg. Det er difor eit godt tips å putte ei lommelykt eller hovudlykt i sekken på denne tid av året. Gjerne to òg fordi batteria ladar seg veldig fort ut i kulden. Det er heller ikkje så lett å skifte batteri når det er mørkt.

Dette er noko ein må vere obs på når det gjeld mobilen òg. Det er absolutt ein fordel å halde mobilen/batteriet nærast mogeleg kroppen. Ein sikker plass er å putte mobilen i trusa når den er utlada. Høyrest kanskje litt morsomt ut, men på denne måten kan ein kanskje få nok batterikapasitet igjen til å få sendt ei livsviktig melding.

Frå kjøkkenvindauget såg eg i kveld at siste bilen fòr frå parkeringsplassen på Røysa godt etter at det var mørkt. Med nattsyn og skogsveg ned siste stykket gjekk vel det greitt. Så alle er nok komne ned igjen i god behald etter lufteturen - sikkert like raude i kjakane som eg...:-)


Mobilbilder på Skylefjellet 2511-07

fredag 23. november 2007

Klede i fjellet om vinteren


Agnar i snøføyka på Blegja

Eg fann ein del tips til utstyr om vinteren, og kunsten i å halde seg varm i fjellet på denne tid av året på ei av dei faste websidene eg les. Når eg kallar dette for kunst er det fordi det er ein klar fordel å ha minst mulig på seg pga. sveitte, vekt og å kunne lee seg på den eine side, og på den annan å halde seg varm. Eit tips som er nytt for meg er å bruke tynne syntetiske sokkar med plastikk utanpå innerst, og ullsokkar ut igjen på. Dette for å halde på varmen samtidig som ullsokkane ikkje blir klamme. Dette skal visst vere mykje nytta på polare ekspedisjonar. Væte er jo det værste som finst i kulde, og ullsokkar held dårlegare på varmen når dei blir våte/klamme.

Eg er godt nøgd med smartwool sokkar som er nytta på ekspedisjonen beskrive i linken ovanfor. Eg har to par av desse. Dei er varme og behagelege på foten.
Eg har òg kjøpt to par Bridgedale sokkar. Desse har eg ikkje fått testa skikkeleg. Men dei er iallefall særs gode på foten. Dei virkar dessutan gnagfrie!

Solbriller av Cebe merke er eit godt val. Eg kjøpte desse brillene på Sporten i fjor og er godt nøgd med dei. Etuiet inneheld fire forskjellige fargar og styrke mot UV stråling i glasa. Du skiftar styrke på nokre sekund. Du får òg etui med briller som passar til fleire forskjellige behov - alt etter om du sit på fortausrestaurant eller er høgt til fjells om vinteren.
Som du ser i prislista er prisen heller ikkje avskrekkande.

Marmot si heimeside finn du utstyr til ekstremt bruk i fjellet vinterstid. Både ytterklede, huer og hanskar ser eg er nytta på ekspedisjonar i Himalaya. No har sjølvsagt Bergans og Arcteryx godt utstyr til vinterbruk. Desse er òg nytta i ekstreme ekspedisjonar. Her er sjølvsagt ein flom av andre leverandørar i tillegg!

Hagløf har ei lett bukse til bruk under tøffe forhold. Eg har ei vindtett og nokolunde vasstett Bergans bukse som er bra. Men sjølve isolasjonsevna i kulde kunne ha vore betre. Eg vil difor ta ein nærare kik på denne Roca Pant buksa til Hagløf.

På Hagløf si heimeside finn eg dessutan ein god del tips for klede og utstyr som er nyttig. Du finn og nokre grunnreglar for bekledning på Bergans si side.

Om ein ikkje har alt i hovudet på utstyrsfronten til ei kvar tid, kan det vere nyttig å vite kvar ein kan finne info når ein skal pakke sekken, eller når det er tid for å ønskje seg noko til jul:-)

No forventar eg sjølvsagt tilbakemeldingar om utstyrshysteri! Det får no so vere. Det viktigaste er å halde seg varm og lett kledd - kva måte det skjer på, og kva utstyr ein vel, er sjølvsagt individuelt betinga!

I ettertid har eg funne denne artikkelen det er verdt å ta med seg.


Vardenova i bitande kulde, skodde og snøfòkk med Agnar som fotograf
(Lynet har rasert varden!!)

søndag 18. november 2007

Ruskeveir på Skålefjellet og flott tilstelling i koselege gapahuken


Seinhaust på Skålefjellet

Truleg har Peter og eg litt Harry Potter dilla for tida. Vi har begynt på fjerde boka no. Ein tjukk murstein! Vi las iallefall ein time i senga i dag tidleg òg, før vi stod opp!
Fruen var raskt på beina òg i dag, så vi åt frukost ilag. Klokka var allereie over 8.

I dag skulle det nystarta Barna;s Turlag i Askvoll ha tur til gapahuken i Gjerdedalen. Eg avtalte difor med fruen om å gå på Skålefjellet først, for så å ta med meg arrangementet i gapahuken etterpå. Dei skulle gå frå Stongfjorden kl 13, så då heldt det fint med tida.

Eg køyrde heimifrå før halv ti og sette bilen ved fotballbana. Det var lett yr i lufta og noko vind. Eit lett skoddedrag kom og gjekk ved toppen av Skålefjellet, 767 moh. Turen opp frå bana går først på traktorvegen til Pål opp i dalen eit stykke. Nesten i enden av vegen står skiltet til Nipebu. Stien vidare føl den merka løypa nesten til toppen av Mannskaret, som ligg på høgdedraget mellom Stongfjorden og Holmedal. Her tek trasèen av beint aust og opp til Skålefjellet i skåra som kjem ned. Du tek av rett over elva frå Skålefjellsvatnet. Stien er godt varda opp, men ikkje DNT-merka.

Det var ganske blautt i dag som på Skylefjellet i går. Yret og regnet gav seg omlag halveges oppe ved Alteret. Men det var veldig dunkel belysning som gjorde fotograferinga vanskeleg. Det låg ein del gamal snø og fonner som måtte forserast på veg frå skaret og opp. Snøen var som vårsnøen, heilt blautt og rakk til knea fleire plasser. Ganske tungt å gå bratt oppover når det er slike forhold. Men med ein pust i bakken gjekk det egentleg heilt fint (glad for eg har vore mykje i Losjen å sykla i haust...)!

I dag hadde eg teke med meg bytekle og ullgensar. Desse kom godt med på toppen då Devold ulltrøya eg hadde under jakka var kliss av sveitte. Det er jo alltid ei utfordring å kle av seg til skinnet på toppane når ein kald kuling riv deg i skrotten, men det gjer ekstra godt etterpå med nye, tørre ullklede - ja, og så ny god hue òg då (eg sparar alltid den best til toppen er nådd!)! Ein psykologisk stimuli som gjer at eg finn ekstra styrke...

Etter å ha skifta og fotografert litt, bar det ned att same vegen.
Det er fin utsikt mot Stongfjorden og havet på returen som gjekk utan problem.

Eg traff Gisle S. nesten nede igjen ved traktorvegen på veg oppover.
Det var ei stund sidan han hadde vore på Skålefjellet, så vi preika litt om forholda der oppe.

Eg hadde tima det ganske godt med tidspunktet Barnas Turlag skulle vere ved gapahuken. Pål, som eig gapahuken, var allereie på plass då eg gjekk oppover om morgonen. Han hadde stelt veldig fint i stand med skinn å sitte på i benkane og flotte oljelampar som brann rundt omkring, då eg kom ned igjen. Utruleg koseleg! Så etter å ha prata litt med Pål kom turfølgjet. Dei var ein god gjeng med ungar og foreldre, bort i 50 stykke, som må seiast å vere svært bra på ein sein, ruskete haustdag.
Det vart leikar ved elva og gratis pølse og brød på svoltne ungar.
Topp tilstelling. Arrangørane ved m.a. Anita R. må få strålande karakterar for dagen.

Skålefjellet og Barnas Turlag i Gapahuken 181107

lørdag 17. november 2007

Snøsmelting på Skylefjellet


MMS. Glødande fargar ved Mangevatna i dag tidleg

Peter og eg vakna på likt i dag klokka halv sju. Er han først vakna er det komplett umogeleg å få han til å sove igjen. Kvelden før var vi komne til nest siste kapittelet i Harry Potter 3, ulideleg spanande for katen kan du skjøne. Det var vanskeleg å få han til å sove etterpå so øsen var han. Eg kom difor på at vi skulle avslutte boka medan vi låg der i senga. Så kunne mora få sove skjønnhetssøvnen sin medan vi karane hadde meir spanande ting å utrette....Eg føreslo dette for Peter. Trur neppe eg kan hugse eit meir fornøgd ja då han svarde - toneleiet begynte liksom høgt oppe på g-nøkkelen før det sakte dala nedover skalaen. Det var som om han nettopp hadda pakka opp ein julepresang og fått det han hadde ynskt seg aller mest! Morsomt! Vel, det tok ein time og eit kvarter før boka var utlesen. Spanande var det for gamle far òg, men som oftast ender det jo godt då...:-)

Etterpå stod vi opp og fekk i oss frukost. Etter ei stund kom mora òg tutlande, så då kunne far endeleg få på seg nokre fjellklede å komme seg avgarde til fjells. Skodda låg langt ned mot fjorden, så det var ikkje vits i å dra avgarde på noko større utfordring enn opp på Skylefjellet.

"Trimturen" opp dit gjekk heilt fint og greitt (eg har jo gitt ein lovnad om ikkje å nemne vind igjen på ei stund, men eit bitte lite unntak..det bles så eg klart greidde å fote meg på toppen).
Fekk såvidt sendt ein MMS med gjennomfrosne fingrar som lydde noko sånt som: "vått og kaldt og breiflabb overalt" - trur det måtte vere historia frå i går om å vere "kald som ein fisk" som låg i bakhovudet...:-)

Det er noko blautt i terrenget etter alt regnet og snøsmeltinga. Men det er ikkje noko problem når fottøyet er av ypparste klasse.

Fin tur med herleg dusj etterpå gjer meg lett til sinns.
Godt samvit får eg òg av denne økta når eg igjen finn sofakroken og pcen!

MMS Skylefjellet 171107